Si eiga stemme

Eit raust tilfang av språktypar pregar denne boka som både er monoton og nyskapande.

dDIKT: Det mest slåande med dette langdiktet er ein insisterande energi som fører poeten stadig vidare, og kanalane som er opne for frie assosiasjonar i alle retningar av menneskeerfaringane.

Samstundes maktar Dragseth gong på gong å skapa språk! Noko som poeten Julian Przybos har sagt er det viktigaste av alt i poesien.

Over 100 sider


Men Dragseth krev også tolmod av lesaren. For her er det ikkje snakk om kortdikt. Dette diktet går over 100 sider, og det har ein monotoni i oppsettet og til tider i uttrykksmåten som kan motarbeide lesaren si interesse. Det kan minne om katalogdikta til Walt Whitman, men det språkskapande skapar variasjon og fører til stadig nye oppdagingar. Og i skildringar av det militære og av våre kvardagar er det klart at denne monotonien understrekar noko ved temaet.

Dragseth har si eiga stemme i norsk lyrikk. Og han er fri til å gjera bruk av mange verktøy. Her er enderim og allitterasjon, surrealisme og realisme, her er ein eksistensiell samfunnskritikk og sentrallyrisk politikk, og her er ein snedig bruk av fraser og klisjear og framandord, nyord og visningar til felles kjente.

Hasjdovne lys


Mange gongar skapar han linjer, bilete og sider som er suverene, og som vil heimsøkja sinnet til lesaren: «vi slukker hasjdovne lys i den døsige stua/vogger våre tanker foran legemstore speil»

Men av og til blir nok noko av den oppfinnsame straumen for mykje for oss, me stoppar opp og vert merksame på verkemidla og diktet misser straks kraft. Dette skjer gjerne når samanhengen krev noko me ikkje automatisk godtek, når diktet rett og slett mister autoritet, som her: «en regnskur/ligger uferdig/ i en avfallscontainer/og beviser elektrisitet ». Medan «vi er/ vannets hukommelse» på ein annan måte slår meg som udiskutabelt bra.

Og det er dei interessante og spennande uttrykka som pregar boka, og som heile tida fører oss over til neste side.