Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix
Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpixVis mer

Nazisme:

Sieg heile skiten

Nazimonsteret har lege i dvale, men no er det i ferd med å endre seg.

Meninger

Spaltist

Jarl Wåge

er tidligere lærer ved Norsk Toppidrettsgymnas, skribent og forfatter. Han vant forteller-konkurransen «Storyslam» på Rockefeller i Oslo i november 2016.

Siste publiserte innlegg

I den seinare tid har det vore trend på Twitter at folk på ytterste høgre flanke insisterer på at Hitler og Mussolini var sosialistar. Eit slags «eg toar mine hender» stunt for å kunne vere høgreekstrem i fred utan å bli belemra med dei famøse sjefsideologane sine.

Dei siste dagane har det dukka opp ein ny trend. Plutseleg har dei same menneska oppdaga sosialistiske, venstreekstreme grupperingar som visst ikkje er det spøtt betre enn nazistar. Det er Donald Trump som har utløyst denne trenden etter si ulne og halvhjarta fordømming av naziterroren i Charlottesville. Riktignok blei han pålagt å lese opp ei meir konkret fordømming tre døgn etterpå. Men snart var det på`n igjen med påstandar om at opptøya hadde to sider, at aggresjonen var likeleg fordelt, og at det var gode og dårlege menneske på begge sider.

No har det dukka opp massevis av meldingar på Twitter om at dei som kritiserer Trump for svingdørbehandlinga av Charlottesville, forsvarer sosialistiske terroristar. Dermed har sosialistar på nytt blitt plasserte der dei høyrer heime. I sterk opposisjon til fascisme og nazisme med nettopp Mussolini og Hitler som grunnleggjarar.

«Nazisme er ikkje eit virus som smittar,» sa ein annan twitterfølgjar. Eg vil påstå at det er det! Litt som hiv som låg latent i tiår og venta på sin optimale augneblink, då terskelen var lav nok, til å fløyme ut på marknaden. Slik er det med nazismen òg. Dei siste tiåra har han lagt i dvale sjølv om han til tider har stukke sitt stygge ansikt ut av hiet. No har Donald Trump lokka uhyret ut i ljoset ved å lefle med høgreekstreme. Det gjorde han allereie då han utpeika Steve Bannon som sjefsrådgjevar. Bannon var før direktør for den høgreekstreme nyheitswebsida Breitbart. Ei webside han sjølv har karakterisert som Alt-right-rørsla si plattform.

Den same leflinga såg vi då han inviterte Sebestian Gorka inn i sin innerste krets. Gorka var tidlegare medlem i ein naziorganisasjon i Ungarn. Og no har han altså vore usedvanleg vag om naziterror på si eiga vakt. Då eg påpeika dette på Twitter, fekk eg vite at eg er brønnpissar av grovaste kaliber. Om eg ikkje visste at Trump hadde jødiske barnebarn? Ikkje bare barnebarn, men jødisk dotter (ho har konvertert) og svigerson òg. Ein kan berre tenkje seg korleis dei opplever at pater familias ikkje tar avstand frå at rasistar, antisemittar, antimuslimar, antifeministar og homohatarar skaper valdeleg kaos og terror i ein elles fredeleg, amerikansk by. Formildande er det nok heller ikkje at nazistane taktfast ropte «Sieg Trump» medan dei marsjerte.

Ei dame på Twitter (det er her det skjer) kom forøvrig med følgjande geniale tilsvar til Trump sin «aggresjon på begge sider»: «Krefta var veldig aggressiv. Det var også cellegifta dei brukte i kampen mot henne. Aggresjon på begge sider.»

Trump blir allereie helteforklara av høgreekstreme for reaksjonane sine. Så stuereine har han gjort dei at dei ikkje ein gong gidd dekkje til hovudet lenger. Det er allereie tillyst nye nazimarsjar i fleire amerikanske byar. Ein må slett ikkje vere nokon Nostradamus for å spå at desse heller ikkje kjem til å gå fredeleg for seg.

Nazimonsteret har lege i dvale i fleire tiår i Europa òg. Det har sjølvsagt stadig dukka opp hakekors, hitlerstrake armar og siegheiling. Men marknaden har ikkje vist veldig stor interesse. No er dette i ferd med å endre seg. Nyleg var det nazimarsj i Kristiansand. Ein av dei best organiserte i Noreg i nyare tid, med alle dei klassiske, heslege symbola Hitler etterlet seg.

Den Nordiske Motstandsbevegelsen driv akkurat no og byggjer opp ein organisajon på tvers av landegrenser. Målet deira er å «knuse homolobbyen» og få «eit kvitt Norden». Ingen skal vere i tvil om at dette er ein organisasjon som er anti akkurat det same som deira amerikanske søsterorganisasjonar er imot, og dei er grunnleggjande rasistiske. Det aller mest absurde er målet om eit rasereint Norden. Korleis skal dei oppnå det? Gjennom folkemord ved hjelp av gasskammer og likbål?

Donald Trump har bidratt til ein argumentasjon om at dei som kjempar mot nazistar, er venstreekstremistar av verste slag. Som om ikkje dei aller fleste fridomselskande menneske, uansett politisk farge, vil kjempe imot ein slik ond, øydeleggjande og totalitær ideologi. I 2. Verdskrigen sloss nesten ei heil verd mot dette monstrøse tankesettet. Og sigra. Er det nokon som innbiller seg at alle dei som sloss mot Hitler var venstreekstremistar? Ingen oppegåande menneske vil underkaste seg ein slik galskap, og ingen må tru det er snevre grupperingar som vil ta kampen på nytt. Om det blir nødvendig.

Vi treng oppegåande politikarar som er krystallklare og ikkje etterlet den minste tvil om at all ekstremisme og all terror er forkasteleg og strir imot alt vårt demokratiske samfunn er bygd på. Det må ikkje leflast. Det må ikkje sendas ulne signal. Det må derimot gjerast klinkande klart at ingen ekstremisme nokon gong kan bli stuerein. Trump har svikta det amerikanske folk. Han skaper splitt og hersk ved å vise at han ikkje er president for alle grupperingar i samfunnet. Det er så alvorleg at det nesten ikkje er til å fatte. Vi må forlange at våre politikarar aldri går i same fella.