Sigrid Undset og fascismen

«På sitt verste er ho like fordømmande overfor folk med dårleg biologisk utrusting som Agnar Mykle.»

Under Undset-dagane på Lillehammer i mai vekte det oppsikt då Astrid Sæther, førsteamanuensis ved Senter for Ibsen-studier, drog fram visse usympatiske sider ved den einaste kvinnelege nobelprisvinnaren her i landet: «(...) det slår oss - og det med gru - at Sigrid Undset til tross for sin dype humanistiske orientering også gjør bruk av tanker og forstillinger som har klar strukturlikhet med fascismens ideologiske anskuelser, tanker og ideer hun ville bekjempe.»

Men Sigrid Undset (1882- 1949) har aldri vore heilt stoverein. Trass i at ho var ein suksess både litterært og økonomisk, og sterkare og meir sjølvstendig enn dei fleste kvinner i vår eiga samtid, heftar det noko bakstreversk ved henne. Forfattarskapen er full av overvurdering av gamle tradisjonar og trong til å gi seg inn under ein allmektig faderleg autoritet. Endå ho utførte det kunststykket å skilja seg frå ektemannen utan å tapa sosial status, og greidde den pr. definisjon umulege oppgåva å realisera seg både som kunstnar og mor, står ho med eitt bein og halve hovudet i den mørkaste middelalder.

For ikkje bare la ho seg nasegrus for den katolske kyrkja i ei tid då det var moderne å vera kulturradikal agnostikar. Ho sette seg jamvel til motverje mot likestillingsarbeid og prevensjonsopplysning. Då Katti Anker Møller like etter første verdskrig gav ut eit skrift med tittelen «Kvindernes fødselspolitik», reagerte Sigrid Undset med fnysande hån: «En hvilken som helst kvinde - og vel også mann - som har bevart litt stedsans overfor begreper, vet at fødsel og politikk er så omtrent polare motsetninger. Klemmer man dem sammen til ett, blir ens tankeverden flat som et stykke avispapir.» ( Begrepsforvirring, 1919)

Artikkelen fortsetter under annonsen

I tillegg hata ho tyskarane på ein måte som det er lett å vera einig i at ikkje kviler på noko humant forsvarleg grunnlag. Den som bruker Sigrid Undsets forfattarskap som oppskriftssamling på korleis livet skal levast, endar opp med ei riktig ufyseleg smørje.

Truleg gjeld det same for det meste av den litteraturen som det er bryet verdt å lesa.

Dessverre let det til at alle desse forfattarbiografiane, forfattarjubilea og forfattarseminara som er på marknaden nå om dagen, skaper ei usunn binding mellom forfattar og lesar. Altfor mange av dei som elskar litteratur, går omkring og trur at bøkene kan spara dei for bryet ved å leva sjølv. Men diktarane har sjeldan vore noko særleg til livskunstnarar. Det er snarare sånn at dei som har skrive dei bøkene som gjeld for best og djupast, har vore nokre ynkelege krek. Kan henda er det heller ikkje først og fremst opninga av nye perspektiv som fangar lesaren, men det at han i boka finn støtte for det som er småleg og lumpent i han sjølv. Den mest intense litteraturopplevinga skjer idet drittsekken i forfattaren møter drittsekken i lesaren.

For det andre skal ein vera klar over at mangt som verkar forkasteleg i dag, var stovereint for sytti- åtti år sidan. Den tid var det til dømes heilt normalt å gå inn for rasehygiene. Når Hamsun i ettertid er blitt ståande som einaste talsmann, var det fordi han ikkje fatta det då stemninga snudde, den siste rotta i eit søkkande skip. Tilsvarande er der ingenting i vegen for at det som er politisk korrekt nå om dagen, bli fordømt på det hardaste om ein tjue- tretti år. I alle fall bør ingen bli forundra om desse skulereformene våre som liksom skal vera så humanistiske og demokratiske, i ettertid vil bli vurderte som totalitaristiske einsrettingstiltak. Mens dei som har forsøkt å få det beste utav situasjonen, vil bli klassifiserte som lakeiar for systemet.

For det tredje er Sigrid Undset ein av desse forfattarane som midt i sin heftigaste propaganda for dette eller hint plutseleg blir svinga trill rundt av sitt eige verk. Som om energien i forteljinga er sterkare enn forteljaren sjølv.

Som samfunnsborgar sverma Sigrid Undset for totale løysningar. I «Jenny» (1911) let ho helten Gunnar Heggen fyra av ein kraftsalve om «proletarsjelene»: «De findes i alle samfundslag (...). Er de herrer, er de grusomme og brutale - tjener de, er de krypende og sleske - og dovne. (...) Det er et samfund, hvor overklasseindivider styrer, som må være målet. For overklasseindivider kjæmper aldrig for sig selv (...)» Slike ord og vendingar går igjen i artiklar og essay. Dei kloke og sterke må styra, elles går det rett i fortapinga, sjå bare korleis verda har blitt, med verdskrig og russisk revolusjon og moralsk og kulturelt forfall på alle kantar.

Men når ho let desse synspunkta koma til uttrykk i romanane, er det ikkje alltid ho greier føra dei vel i hamn. Gunnar Heggen får snart andre ting å tenka på, for dei utfordringane som livet stiller han overfor, er ikkje av det slaget som kan løysast med eit par enkle handgrep. Det er ikkje alltid så lett å vita kven det er som er sterk og klok, eller kven det er som forvaltar den heile og fulle sanninga. Heller ikkje motstanden mot prevensjonsopplysing let seg gjennomføra på overtydande vis i skjønnlitterær form. Sjølv om Sigrid Undset rakka grovt ned på Katti Anker Møllers fødselspolitikk, er hennar eigne romanar så fulle av harde fødslar og overtallige barneflokkar at dei utgjer eit massivt innlegg for familieplanlegging.

Trua på tradisjon og underordning blir likeeins underminert av handlingsgangen i romanane. Når Kristin Lavransdatter oppsummerer livsløpet sitt med at ho burde ha vore lydig og gjort som faren sa, sit lesaren att med eit klart inntrykk av at hadde ho gitt avkall på Erlend og teke til takke med Simon Darre, ja, først då ville det gått riktig gale.

Hovudpersonane til Sigrid Undset har kroppar som svarer til det idealet som herska i mellomkrigstida og tok aldeles av under Hitler, det vil seia stort sett den same etiske og estetiske bakevja som held oss fanga den dag i dag. Dei er høge og ranke, hoftesmale og akslebreie, dei har skarpt blikk og rik hårvekst, dei er utan plett og lyte. På sitt verste er ho like fordømmande overfor folk med dårleg biologisk utrusting som Agnar Mykle. På det sjelelege eller åndelege planet gjeld det om å vera like heilstøypt som knappestøyparen i Peer Gynt meiner folk bør vera. Den som ikkje greier leva opp til idealet, er ein knapp utan hempe, eit mislykka individ. Kjensla av å vera eit slags vrakprodukt, av å ha ein hemmeleg støypefeil, går igjen frå bok til bok. Til å begynna med finst der ikkje anna boteråd enn sjølvmord. Etter overgangen til katolisismen blir løysninga å legga seg flat for dei kyrkjelege styresmaktene.

I mellomalderromanen om Olav Audunssøn held hovudpersonen dommedag over seg sjølv fordi han ikkje har greidd å vera det overmennesket han var fødd til å bli. Han skulle vore ein adelsmann, ein far for sitt folk, men fordi han gjorde ei stor synd ein gong i ungdommen, er han blitt øydelagd både på kropp og sjel: «Han skulle ha vokset som eken, tålmodig og vidfavnende som den, med ly og lys under sig for alle som søkte indtil ham. Han hadde ikke kunnet vokse anderledes end han var eslet til heller - den indre skade hadde bare fausket margen i ham, så at han var blitt indhul og vissen og gold. (...)»

Men trua på den sunne sjela i den sunne kroppen må vika for ei djupare innsikt. Olav Audunssøn får ein son som er både større, sterkare og meir livsglad enn han sjølv. Underleg nok er det nettopp denne kraftkaren som vinn fram til ei djupare innsikt om korleis det heng saman med kroppsglede, omsynsløyse og maktbrynde: «(...) søtest av alt hovmod smaker det som springer ut av stoltheten over legemskraft, styrke og fuldkommen sundhet.»

Såleis blir Sigrid Undsets skrifter eit spel mellom det bastante og det komplekse, det einøygde og det vidsynte. Den som leiter etter fascistoide tendensar, treng ikkje leita lenge. Men det er måten det fascistoide speler saman med andre drivkrefter på, som gjer denne forfattarskapen så spennande og eineståande.