Sirklar inn det usagte

Sentrale tema vert gjentekne til dei vert keisame.

BOK: «Det er jo først når en virkelig føler seg ferdig med poesien/at en må fortsette», skriv Henrik Nor-Hansen i denne boka. Men det er eigentleg det at han heile tida stoppar opp, som pregar denne boka og gjev ho eit sært og originalt uttrykk. Og i denne boka er det faktisk det som heile tida ikkje vert sagt som skapar ein gjennomgangstematikk. Men det får lesaren til å slite med ein slags mangelsjukdom. «Jeg har helt mistet troen på å skape liv i en tekst.» Gjentakingar og halvkveda metatekstar vekslar med svært konkrete detaljar som ofte vert ståande utan ein samanheng.

Rørsle

Om boka «Medium» frå 2001 skreiv eg at hovudinntrykket eg sat att med når eg lukka boka, var ei kjensle av å ha vore saman med eit menneske som ser, tenkjer, les, reflekterer og er til i ei rørsle frå vogge til grav. Nor-Hansen har også imponert med sine skarpe poetiske formuleringar og si evne til å skriva fram dei kvardagslege tinga kring oss. I denne boka går han langt i retninga av å la ting stå usagt. Eg oppfattar det som eit problem hjå ein del poetar at dei spelar vel mykje på det som ikkje står der. Ikkje slik at dette ikkje kan utnyttast, når det er slik at det finst ein kontekst der tomrommet inngår og som får dette tomrommet til å veksa i meiningsfylde. Det er først når ein opplever at tekstane vert ein svært liten og tilbakehalden del av prosjektet, at det vert vanskeleg.Og i «Trilogiene» er det slik at ein kjenner at det usagte vert sagt så klart og tydeleg at ein får tid til å bli skikkeleg lei. Ikkje slik å forstå at det står mindre på sidene i denne boka enn i andre diktsamlingar. Men Nor-Hansen lar gong på gong det som kunne vore meiningsberande detta ut, og lar så å seia alt vera heilt ope og opp til lesaren. Av og til fungerer det glimrande, men ein forstår jo fort at dette er eit poeng ved prosjektet, og ein forstår også relativt fort kva som er poenget, innbiller eg meg: «Det bortredigerte vil alltid være der», «Kan det eksistere noe som bare eksisterer som forsvunnet?» Kanskje har noko av fokuset på det konkrete skapt eit behov for det motsette hjå poeten: «En må tenke med litt av den samme løsheten som gjenferd».

Stoppar opp

Men ein vert lei av at setningane heile tida stoppar opp nett idet dei skal til å seia noko. Eit par, tre gonger, for å oppnå ein effekt, for å visa eit poeng er greitt. Ja, fire og fem gonger for å understreka det også, men her er 47 setningar som sluttar omtrent på denne måten:«Jeg har jo hele tiden visst at de litterære formene vil stenge for» og «Disse slutningene skrives jo i overveiende grad etter diktat fra». Men også i denne boka er Nor-Hansen ein presis observatør og gjev oss klare og konkrete bilete: «Om morgenen står de og skraper all frosten av frontrutene.//Friarealet nedenfor blokkene er regulert og delvis tildekket/med store oransje presenninger.» Og det er også reflekterande tekster som stiller lesaren ovanfor eit meiningsfylt og engasjerande diktunivers, og sjølv om det altså ikkje er naudsynt å terpa poenga inn, slik at ein lesar kjenner seg undervurdert, så er det fine formuleringar og djupe innsikter her: «Ved dyp konsentrasjon avfolkes både teksten og tankene.»