Sirkus Stavanger

Er spin off og show off det offisielle mantraet for Stavanger som europeisk kulturby i 2008?

EUROPEISK KULTURBY: Når fyrverkeriet fer til vers om kvelden 12. januar, er det nok meint å vera startskotet for eit år med blomstrande roglandskultur i Stavanger. Men hovudfokuset er i praksis at dette er byrjinga på 12 månader med uvurderleg promotion for turismen og potensielle synergieffektar for næringslivet i og rundt oljebyen. Debatten i forkant har vore relativt samstemt: spør ikkje kva du kan gjera for kulturen, men kva kulturen kan gjera for deg. Kommunikasjonsdirektørar og marknadsanalytikarar skriv draumeaktige kronikkar om kva Stavanger 2008 kan bety for Nord-Jærens attraktivitet overfor spisskompetent arbeidskraft og tunge investorar. Verdiar skal skapast. Og i Stavanger er verdiar lik pengar.

Ein kan ikkje klandra sponsorane og finansfolket for å vera einsidig opptatt av den økonomiske avkastninga, at kulturbyåret skal vera "en viktig byggestein i næringsutviklingen," som det heiter. Dei gjer sjølvsagt bare jobben sin. Men etter kvart verkar det som om også kulturtoppane sjølve tenker meir på korleis innsatsen deira kan føra til fleire cruise-anløp til Closed Port i vågen enn at kunsten i seg sjølv skal veksa og utvikla seg. Innleiinga i programmet til Stavanger 2008 seier sitt: "Gjensidig kompetanseutvikling utvikler regionen og kommer oss alle til gode i framtiden. (…) Det er mye næring i god kultur."

Artikkelen fortsetter under annonsen

Spin off og show off er med andre ord det offisielle mantraet også hjå dei som bør vera opptatt av pensel og penn, ikkje kuleramme. At Mary Miller som kunstnarisk ansvarleg kan gå god for at slike utsegner innleiar sitt eige program, bør gi grunnlag til å stilla enkelte spørsmålsteikn ved vurderingane hennar. Eg trur neppe ei slik haldning hadde blitt akseptert andre stadar enn i Stavanger. Men som representant for kulturen er Miller ikkje aleine om ei slik tenking. Sjølvaste Terje Vallestad har erklært at det kommande året er "en sjanse byens næringsdrivende vil forvalte godt, en investering vi vil høste av i framtiden. (…). Vi blir neppe fattigere av Kulturhovedstadsåret 2008; det forventes at milliardene vil rulle inn til regionen som følge av 2008."

Kulturen blir dermed også av kulturberarane ikkje sett på som eit mål i seg sjølv, men eit middel for å oppnå noko anna. Dette "anna" er då endå større grad av økonomisk vekst. Det er det isolert sett ingenting gale i, men kunst- og kulturforvaltarar bør vera klart meir opptatt av kva som skjer i atelieret og teatersalen enn i pengebingen. Når kulturen sine faneberarar syng same visa som Stavanger Næringsforening er dette om ikkje eit bevis, så i alle fall ein klar indikasjon på, at Stavanger ikkje kan kalla seg ein kulturby. Kulturen svik sine andelege verdiar og ideal gjennom dette knefallet for pengemakta.

Kultur kan nemleg definerast som noko som ikkje er eller skal vera nyttig, som ikkje kastar noko av seg, noko me ikkje treng gjera. Men som, med litt store ord, viser at me er menneske: leik, refleksjon, skaparkraft, uttrykkskunst, lidenskap. Me blir ikkje mette av det, og slik skal det vera. Det er gjennom kunstnariske ytringar ein som menneske i det minste prøver å visa at ein er noko meir enn eit rovdyr eller skadedyr på to bein. Og kultur er eit mål i seg sjølv dei fleste andre stadar enn i Stavanger. Her er den eit middel for å få fleire utanbys petroleumsingeniørar til å busetja seg på Forus eller Eiganes.

Nå er det ikkje nytt av året at kunst ikkje blir sett på som noko fullverdig her i byen. Stavanger er bygd av strenge jærbuar og ryfylkingar, der pietistisk utsmykkingsforbod og skrekk mot syndig leik og dans historisk sett var ein viktig del av ideologi og livssyn. Framveksten av pietismen sin arving og etterfølgjar, den moderne kapitalismen, sikrar at det framleis finst ein skepsis mot kultur generelt og kulturelle ytringar som ikkje går økonomisk i pluss spesielt. Denne tenkemåten sit truleg djupare på Nord-Jæren enn mange andre plassar, noko ordskiftet dei siste månadene har bore preg av. Det er påfallande at så godt som ingen kunstnarar har bidrege i debatten med innspel om at det trass alt bør vera kulturen som står i sentrum dette året, ikkje næringsutvikling. Torer dei ikkje stå fram og seia: Ja, det eg driv på med er i utgangspunktet fullstendig unyttig i forhold til økonomisk verdiskaping. Men verdiskaping er det like fullt.

I forhold til kunstarisk uavhengigskap er det derfor problematisk at Mary Miller & co ikkje i større grad har tatt stilling til kva det kan føra med seg å underleggja seg marknadskreftene sine bindingar såpass openlyst. Kunst, i det minste seriøs kunst, skal nemleg også ha moglegheit og sjølvstende til å vera nedbrytande, destruktivt og motbydeleg – alt i alt å yta motstand for publikum. Men vil Statoil støtta kunstnarar som går inn for prosjekt à la American Psycho? Det er slike uttrykk som truleg mest presist skildrar tilveret i Stavanger og Norge av i dag, men det er neppe noko sponsorar vil setja logoen sin på.

Det er derfor grunn til å vera skeptisk når kulturadelen går så ukritisk hand i hand med den lokale storøkonomien. Ein gjer seg avhengig av både økonomiske og ideologiske band som i lengda ikkje vil vera heldig for eit kulturliv som har lyst til å bestemma sjølv kva det vil driva med. Kunst- og kulturarbeidarar må våga å frigjera seg frå det snevre rogalandske kravet om at arbeidet deira skal vera noko meir, men det verkar som dei ikkje vil eller ikkje evnar å tenka slik. "Går det an å rekna avkastning i anna enn pengar?" spurte journalist og forfattar Jan Zahl i ein kommentar på slutten av fjoråret. I teorien: Ja. I Norge: Tja. I Stavanger: Nei.

STAVANGER KULTURBY: Det verkar som om kulturtoppane i Stavanger tenker meir på korleis innsatsen deira kan føra til fleire cruise-anløp til Closed Port i vågen enn at kunsten i seg sjølv skal veksa og utvikla seg, skriv kronikkforfattaren om Stavanger som europeisk kulturby i 2008. Foto: ERLING HÆGELAND
STAVANGER KULTURBY: Det verkar som om kulturtoppane i Stavanger tenker meir på korleis innsatsen deira kan føra til fleire cruise-anløp til Closed Port i vågen enn at kunsten i seg sjølv skal veksa og utvikla seg, skriv kronikkforfattaren om Stavanger som europeisk kulturby i 2008. Foto: ERLING HÆGELAND Vis mer
Sirkus Stavanger