SANNERINGSMINISTER: Nå set Jan Tore Sanner (Bærum) sin lit til at handlekraftige lokalpolitikarar tar på seg sitt sivilisatoriske ansvar og overstyrer folket. Foto: NTB Scanpix
SANNERINGSMINISTER: Nå set Jan Tore Sanner (Bærum) sin lit til at handlekraftige lokalpolitikarar tar på seg sitt sivilisatoriske ansvar og overstyrer folket. Foto: NTB ScanpixVis mer

Sivilisatorisk ansvar

Dei hardhuda og ryggeslause står oppreist utan ryggrad.

Kommentar

DENNE VEKA har det vore mye politisk akrobatikk og overraskande seteplasseringar i lufta over taxfree-butikken på Rygge. Mange har hamna i vertigo med ei avgift på 80 kroner pluss moms. Den nybakte barnefaren Trond Giske (A) held seg til fakta frå NHO og Kristin Krohn Devold og landar saman med kapitalistar som Olav Thon, Steinrik Hagen (Orkla) og Michael O'Leary. Mens Nikolai Astrup (H), som med ei formue på 196 millionar er like rik som resten av Stortinget til saman (hvori også opptatt Jonas Gahr Støre), er parat til å slåss mot Ryanairs fagforeningsknusing. Og Erna Solberg, som til vanlig ikkje liknar på Margaret Thatcher, har i denne saka festa sikkerhetsbeltet med klassikaren «This lady's not for turning».

PLASTPOSEPARTIET Frp har nytta høvet til ei ny oppvising i Tango for to med ett skritt hit og ett skritt dit, før dei snubla littegrann og ramla på leirstein. Partiet har på ny vist seg å vera ryggeslaust, men ikkje verre enn at Erlend Wiborg (Østfold) og andre er så stivsinna og hardhuda at dei kan stå oppreist utan ryggrad.

I si tid var eg sjøl internert på Dillingøy i Vansjø saman med andre mistenkelige personar med samvittighetskvaler. Der orienterte vi oss etter den østfoldske jernbaneregla: «Hvis jeg fikk råde, ville jeg rygge Dilling til Moss».

Artikkelen fortsetter under annonsen

INTENSJONAR er gode å ty til når konsekvensane er usikre eller uønska. Kommunar under Jan Tore Sanners frivillighetspisk har laga intensjonsavtaler og forlova seg i ulike retningar for å unngå å bli stempla som frivillig små. Malen er at alle skal få. I eit nytt Stordrammen, for eksempel, skal Svelvik få behalda sitt omsorgssenter og Nedre Eiker bli ein demenslandsby.

SANNERINGSMINISTEREN liknar stadig meir på Komiske Ali når han kommenterer nye nederlag i folkerøystingar om større og meir robuste kommunar. Nå set Jan Tore Sanner (Bærum) sin lit til at handlekraftige lokalpolitikarar tar på seg sitt sivilisatoriske ansvar og overstyrer folket. Folkemøte og meiningsmålingar, som ved dette høvet er døypt om til innbyggarundersøkingar, bør trumfa folkerøystingar, for folket i val veit sjeldan sitt eige beste. Det heiter lokaldemokratireform, og dersom den slår an, vil moderniseringsministeren vurdera å legga ordninga inn under barnevernet og innføra den ved Stortingsval også.

GULLPENNEN til Kjetil Rolness er dyppa i eiter og galle når han driv apestreker. Den språkmektige og datamasserande kranglefanten som er den utsøkt dårlige smakens avvikssosiolog, held seg til bakmålsordboka når han publiserer frå hofta. Noen vil ha det til at han har lånt Anders Langes gamle fjøslykt som trekte til seg mye rart når den blei sett ut i sommarnatta. Det stemmer neppe. Den velkledde og keivhendte harstadværingen med sitt følgje av nett-troll, riggar betre som sin eigen Solkonge, playboy på Rockefeller eller fløytespelande rottefangar i Hameln.

RIKSMÅLSFORBUNDET og Sverre Martin Gunnerud, som var redaktør i Morgenbladet dengong Morgenbladet var det reaksjonære Morgenbladet, presiserer at Kjetil Rolness er prisa for sitt sprog og ikkje for sine meiningar. Men som prisvinnaren sjøl tolkar det: Nå kan dannede menneske som har vore redde for å koma ut av skapet og bli assosiert med ei lågare form for sivilisasjon, seia at dei bare les Rolness på grunn av hans sobre riksmål.