DEBATT

HRS:

Sjølv ikkje Kong
Harald slepp unna

Hadde det vore ein post på statsbudsjettet som heiter: «Til stigmatisering og mistenkeleggjering av innvandrargrupper», ja, då ville Human Rights Service ha vore ein soleklar og udiskutabel kandidat til å få pengar.

Hjernevaska: Hege Storhaug mener Kong Harald må ha blitt hjernevaska til ikkje å stå opp for norsk kultur. Foto: Lars Eivind Bones / Dagbladet
Hjernevaska: Hege Storhaug mener Kong Harald må ha blitt hjernevaska til ikkje å stå opp for norsk kultur. Foto: Lars Eivind Bones / Dagbladet Vis mer
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Eksterne kommentarer: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Publisert

Her om dagen blei det posta eit bilde av det famøse «Mustafa-brevet» i fjesbokgruppa «Hege Storhaugs støttespillere». Eit brev som Carl I Hagen leste opp på eit partimøte så langt tilbake som 1987. Eit slags dommedagscenario om korleis det vil gå i Noreg fordi vi har sluppe muslimar laus her.

Den gongen, som no, blei det ikkje sagt eit pip om at det var eit falskt, fabrikert brev. Og den gongen, som no, handlar det om kva som vil skje med våre barnebarns barn. Det rausa straks inn med kommentarar frå Storhaug-støttespelarar.

«MUSLIMAR HAR SOM MÅL Å INNFØRE ISLAM OG SHARIA I NORGE OG HELE EUROPA,» er det ein som veit. Med store bokstavar. «Krigserklæring,» seier ein annan om brevet. «Det finnes bare en løsning, og det er å forby islam,» er ei krystallklar slutning. «Søppel som må ut,» slår ein kategorisk fast.

Det sluttar aldri å forbause meg at gode nordmenn som insisterer på at dei er liberalistar og kjempar for demokrati og individet sin fridom, ønskjer å fjerne religionsfridomen i Noreg. Akkurat slik dei har gjort i islamistiske diktaturstatar.

Ein annan kommentator vil ikkje bare kaste ut «våre venner fra Muhammeds land», men også alle globalistar. Kvar han vil kaste dei, seier han ingen ting om. Ei heller korleis han skal lokalisere globalistane. Kanskje han ser føre seg eit Orwellsk tankepoliti?

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer