Sjølvrettferdig misjonslyst

Kan ikkje varme kjensler oppstå i arrangerte samliv?

ARRANGERTE EKTESKAP: I ein replikk (Dagbladet, 3.januar) til artikkelen «Romantikk som integrering» skriver Sverre Bagge, direktør ved senter for middelalderstudier i Bergen, at «i alle fall er det klart at normene varierer mer mellom kulturer enn følelsene». Kor har han det fra? Det virkar mest som ein lettare akademisert variant av søtladne amerikanske filmar kor «true love» til slutt overvinner alt. Som sentimental underholdning kan det vera greit nok. Men det fører til massiv projisering kor alle slags tilstandar som ikkje lever opp til idealet, framstår som undertrykking av kjenslene. Då blir det lett produsert ein agressiv, emosjonell godhetspolitikk, som kan dra med seg alt fra diffuse holdningar til juridiske bestemmelsar.

EKTESKAPSPRAKSISAR blant invandrarar har sine brutale sider. Men det har våre også, noko både erfaringar og forsking viser. Men ein må spørra seg korfor det siste blir irrelevant i akkurat denne debatten, sjølv om den blodige norske ekteskaps-elendigheten fyller nok av det offentlege rommet ellers. Det kan henga samen med at me ønsker å samenlikna våre ideal med «dei andre» sin praksis. Då er det klart kven som kommer til kort og blir mindreverdige. Samenlikninga er sjølvbekreftande og fungerer nesten som terapi, fordi ho gir eit frikvarter fra eigne problem og indirekte idealiserer det norske samlivet. Det kan forklara noko av misjonsiveren og den psykologiske intensiteten i denne saka. Men det heile bygger på naive og urettferdige premiss. Alternativet er at heile spekteret av eksempel - fra det vakre til det grusomme - pluss strukturell og personleg makt, doble standardar, hykleri osb. blir trekt fram på begge eller alle sider. Denne øvelsen blir krevande, kanskje nettopp fordi han vil gjennoppretta ein slags likeverdighet.

ARTIKKELEN MIN handla mest om kva debatten om integrering forteller om det norske. Kjærlighetsspråket vårt gjør det nesten umoglig å sjå forskjell på arrangerte ekteskap og tvang. Alle arrangement smaker uvilkårleg av tvang, fordi dei er framandelement i det romantiske kjærlighetsekteskapet. Dei står i motsetning til og ødelegger for den uforutseielege, emosjonelle gnisten. Dette gjør også at me har vanskeleg for å tro at varme kjensler kan oppstå i arrangerte samliv. Det virkar som dårleg hykleri når folk hevdar at kjærlighet kan lærast og oppøvast i eit samliv bygd på ureine premiss.

Bagge skriver at det typiske for Europa er at «ekteskap er et resultat av det frie valg mellom partnerne». Det er i beste fall overflatisk. Ideologien vår går overhodet ikkje ut på at me er frie økonomiske aktørar som velger kva som tjener lommeboka best. Eller at me er frie politiske aktørar som bygger dei ekteskapsalliansane som auker makta og innflytelsen vår mest. Dette ville heller ikkje vore så mykje å slå i det ideologiske bordet med i møtet med invandrarar fra andre kulturar. Det er ikkje friheten, men dei reine og uforfalska emosjonane som er avgjørande. På eit vis underlegger dei seg og kommanderer individet, slik at det berre «må» velga ein bestemt person. Dette ligger nær skjebnetenking.

EG SKRIVER IKKJE at det var den romantiske, men den «pasjonære» kjærligheten som oppsto i Frankrike på 1600-tallet. Han skilte seg fra forståelsen i riddartida m.a. ved at kjærlighetsobjektet ikkje lengre blei idealisert. Det motsatte blei nesten tilfelle, gjennom motiv som «skjønnheten og udyret». Dermed blei kjærligheten uforklarleg når han ikkje lengre kunne knyttast til gode eigenskapar ved den utvalgte. Den romantiske kjærligheten omtrent 200 år seinare brakte i tillegg den kjemiske metaforen: to personar er «meint» for kvarandre heilt fra fødselen, og danner ein unik kjemisk forbindelse når dei møtest. Og i motsetning til den «pasjonære», blei den romantiske kjærligheten det moralsk legitime grunnlaget for ekteskapet. Praksisen vår er sjølvsagt langt meir triviell og strategisk, men ideologien om det romantiske kjærlighetsekteskapet flammar opp i møtet med «dei andre» og gir oss ein sjølvrettferdig misjonslyst. Det er eit eksempel på at kulturmøter kan føra til det stikk motsatte av læring.

Bagge klager på kvaliteten på kulturforståelsen min. Den bedømmelsen er til å leva med fra direktøren for det - i følge evalueringar - dessverre ikkje lengre fullt så fremragande senteret sitt.