Sjølvsagt endrar bøker verda

SAKPROSADEBATTEN: Eg gnir regnskodda or auga og les ein gong til: Jo, det står i avisa at det spørst om bøker endrar samfunnet. Det er mykje ein kan tvile på, men må alt ta til hos Adam og Eva? Kjartan Fløgstad (2.8.) og Helge Rønning (14.8.) spør om bøker i det heile endrar samfunnet.

Spørjekunsten er viktig, men somme vil gjerne ha eit svar også. Viss kulturkritikarar og anna godtfolk no har kome til at bøker ikkje endrar noko som helst og ikkje pregar samfunnsutviklinga, bør dei anten slutte å skrive bøker eller ta turen ut i røynda.

Helge Rønning insisterer på å ta alle grunnlagsdebattane før han kan bestemme seg. Han må gjerne bruke tida på å definere sakprosa, halde seminar om verknadshistorie og finne ut kva samfunnsendring er for noko, sjølv om andre har gjort for lenge sidan. Mens vi ventar, går det an å vise noko av det som gjer éi bok viktigare enn ei anna.

Sjølv ikkje den påstått begrepslause sakprosajuryen har levt i den villfaringa at ei bok endrar samfunnet sånn heilt på eiga hand. Her trengst enkeltpersonar, grupper, miljø, strukturar, makt. Hva skjer i Nord-Norge? av Ottar Brox viser kva det dreiar seg om. To dagar etter utgivinga gjekk Erling Engan (Sp) på talarstolen i Stortinget og rådde alle folkevalde til å lese boka. Forfattaren blei jamvel invitert på statsministerens kontor. Før dette var det knapt forma ein tanke om distriktspolitikk på distrikta sine premissar. I åra og tiåra etter fløymde sentrum og periferi over av slikt tankegods. Brox skreiv altså første kapitlet i historia om norsk distriktspolitikk.

Vi i juryen viste sakprosaen og sakprosalesarane den tilliten å ta for gitt at no har det danna seg ei viss felles oppfatning om kva slags litteratur dette er. Debatten har stadfesta at det faktisk er slik. Difor kunne juryen gå rett på sak og sortere og vurdere i kombinasjon av minst seks kriterium: endring, utbreiing, popularitet, verknadshistorie, litterære og intellektuelle kvalitetar. Å vurdere bøker er å sjå på form og innhald under eitt. Såpass har dei lært som har lese Georg Johannesen.

Ingen hersa meir med språk og perspektiv i den norske styringsprosaen enn nettopp Johannesen. Vi skulle kåre dei viktigaste allmenne bøkene utgitt av forlag, ikkje dei mest sentrale offentlege utgreiingane eller dei lærebøkene i petroleumsfag eller ingeniørkunst som har forma ein heil generasjon i den norske oljeøkonomien. Dei viktigaste sakprosabøkene er dei som har nådd ut over det miljøet dei kom frå og blei forma i.

Kanskje plagar det fleire enn Helge Rønning at sakprosa er så uryddig ein litteratur og at «Om den norske tenkemåten» sprikjer i alle sine sjangrar. Eg forstår ikkje problemet. Bokhyller og avisspalter blir då alltids fylte med nok sakprosa som er berre polert overflate, stram og regelmessig, kjølig og sjølvsagd.

At det skal meir til enn ei sakprosakåring for å femne breidda i vår tids sakprosa, seier seg sjølv. Dei 25 bøkene viser i det minste noko av det som i si tid ikkje var sjølvsagt, og som difor måtte seiast. Den som teier, endrar ingen ting.