Sjukehus-Noreg brenn

Folk i distrikta finn seg ikkje i å få ein lengre reiseveg til viktige helsetilbod.

DÅRLEGARE LOKALTILBUD: No risikerer vi at styra i helseføretaka vedtek vesentlege endringar i helsetilbodet, skriv Senterpartiet. Her frå ein tidligare demonstrasjon for lokale sjukehus. Foto: Scanpix
DÅRLEGARE LOKALTILBUD: No risikerer vi at styra i helseføretaka vedtek vesentlege endringar i helsetilbodet, skriv Senterpartiet. Her frå ein tidligare demonstrasjon for lokale sjukehus. Foto: Scanpix Vis mer
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

I dag er det venta busslastar med sjukehusdemonstrantar til hovudstaden. Framfor Stortinget skal ein protestere mot varsla endringar i sjukehustilbodet rundt om i landet. Demonstrasjonen er ikkje berre ein protest mot det som blir oppfatta som manglande oppfølging av løfta frå regjeringa. Det er og ei sterk mishagsytring over måten sjukehusa blir styrt på.

KVEN ER DET som skal gjere dei viktige, vesentlege avgjerdene som gjeld sjukehustilbodet? Folk flest meiner dette skal vere politikarar, ikkje styra i helseføretaka. Demonstrasjonen er og eit distriktsopprør. Folk som bur i distrikta finn seg ikkje i å få ein lengre reiseveg til viktige helsetilbod.

Dei trur ikkje på at det blir ei betre omsorg for fødande ved å gjere om fødeavdelingar til fødestover, eller ved at reisetida aukast med til dømes ein time. Helsearbeidarar ved lokalsjukehusa, både legar, sjukepleiarar, jordmødrer og andre, tel på knappane. Stadig raskare omstillingar, utan ein overordna nasjonal plan, skapar ikkje tryggleik. At sjukehus stadig mister viktige funksjonar, er negativt av omsyn til rekruttering av fagfolk.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer