DEBATT

Debatt: Musikkfaget i skolen

Skal grunnskolen framleis synge lite og dårleg, kunnskapsminister?

Ministeren får neppe norske musikkpedagogar med seg på noko hipp hurra.

UTAN SONG: Ikkje ein gong det å vere i stand til å lede ein klassesong skal vere eit krav til ein nyutdanna lærar i dag, skriv kronikkforfattarane. Foto: NTB Scanpix
UTAN SONG: Ikkje ein gong det å vere i stand til å lede ein klassesong skal vere eit krav til ein nyutdanna lærar i dag, skriv kronikkforfattarane. Foto: NTB Scanpix Vis mer
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Eksterne kommentarer: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Publisert

1-2-3, seier kontaktlæraren til klassen sin på juleavslutninga, der 30 andreklassingar med heile skolens auger på seg er forventa å utføre noko dei ikkje får hjelp til: å synge ein song.

Songen går ikkje i ¾- takt som opptellinga skulle tilseie, og barna får ikkje det vagaste hint om kva for tempo songen skal gå i. Dei får heller ikkje nokon starttone, så dei gjer det beste ut av det og startar på kvar sin tone, litt etter litt. Læraren legg sin stemme i eit lågt voksenleige ingen av barnas små struper har føresetnader for å følge. Kva for oppleving barna har av dette kan kanskje 30 kroppars språk seie noko om, der nokre ser i golvet og andre forsøker å vri seg vekk frå blikka til medelevane.

Dette er ein typisk situasjon frå norsk grunnskole i dag. Den dannar også bakteppet for å forstå kva som fekk Solveig S. Kolaas til å skrive kronikken «Sang er fjernet fra skolens overordnede læreplan – Er ikke sang viktig i skolen lenger?» (Adressa 3. oktober), etter ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet (1. september) om fastsetting av ny overordna del i læreplanen for grunnskolen.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer