Skal Mossad avgjere innsynsrett?

Justisminister Aure vil ha ei lov om mappeinnsyn der innsynsretten er definert med utydelege ord, mens unntaka blir så omfattande at dei kan dekke kva som helst som overvakingspolitiet vil halde hemmelig.

Grunnlova seier at «frimodige Ytringer, om Statsstyrelsen og hvilkensomhelst anden Gjenstand, ere Enhver tilladte».

Denne grunnlovsfesta retten kan lett bli illusorisk dersom eit statsorgan driv systematisk registrering av opposisjonelle ytringar. Når overvakinga omfattar avlytting, filmopptak og liknande er det dessutan eit inngrep i det som med eit litt gammalmodig uttrykk blir kalla «privatlivets fred» og som faktisk er verna blant anna av ein eigen paragraf i straffelova.

Det såkalla legalitetsprinsippet, som offisielt sett har grunnlovs rang i Norge, krev at inngrep i borgarane si rettssfære skal ha heimel i lov. Dei hemmelege tenestene har sett vekk frå legalitetsprinsippet når det var nødvendig.

Utforminga av Midlertidig lov om innsyn vil avgjere om dei som mellom anna har vorti utsett for brot på legalitetsprinsippet, skal få vite sannheta.

Det er, så vidt eg veit, ingen som går inn for ein uavgrensa innsynsrett i overvakingspolitiet sine personmapper. Eg meiner det bør vere tre slags unntak frå innsynsretten i eiga sak for dei personane som har vori eller i dag er registrert i overvakingspolitiet sine arkiv. For det første bør ingen ha rett til innsyn i opplysningar som er innsamla om andre personar. For det andre bør det gjerast unnatak dersom det er skjellig grunn til å mistenkje ein person for brotsverk mot statens sikkerhet og sjølstendighet (straffelovas kapitel 8) eller brotsverk mot statsforfatninga eller Kongen (straffelovas kapitel 9). Den tredje unntakskategorien bør vere dei tilfella der det er tilsvarande mistanke om politisk motivert sabotasje eller vald (terrorisme). Desse unntaka betyr at overvakingspolitiet skal få jobbe i fred, viss dei er på sporet av ein verkeleg spion eller ein verkeleg bombemann og er i stand til å overtyde ein domstol om at det er skjellig grunn til mistanke.

Høgsterettsdomar Ketil Lund laga våren 1996 eit juridisk begrep som løyste spørsmålet om nedgradering av opplysningar som tidlegare har vori hemmelege. Han tilrådde nedgradering av det som ikkje var farleg for «rikets sikkerhet i dag». Stortinget godtek dette nye juridiske nøkkelbegrepet og heile Lund-rapporten var nedgradert, sjøl om det vesentlege av den var opplysningar frå hemmelege dokument.

Dessverre ville ikkje stortingsfleirtalet - Ap, Sp, SV, KrF og V - bruke same begrepet da dei året etter skulle definere det dei kallar «begrenset innsyn». I innstillinga frå Kontrollkomiteen sa dei i staden at «innsynsspørsmålet må løses ut fra en skjønnsom og forsvarlig avveining av hensynet til personvern og den enkeltes rettssikkerhet på den ene side, og hensynet til fellesskapets interesser og rikets sikkerhet på den annen side». Stortingsfleirtalet gjømte seg i utstudert politisk tåkesnakk der det var bruk for klar tale. For å fjerne siste tvil hos dei som frykta at stortingsfleirtalet skulle åpne arkivdørene på vidt gap, slo dei same partia fast at «et begrenset innsyn under disse forutsetninger vil være i samsvar med sikkerhetsinstruksen og beskyttelsesinstruksen». Stortingsfleirtalet ville altså ha ein innsynsrett som ikkje skal gå lenger enn desse to instruksane som er laga for å sikre omfattande hemmeleghald.

For at ingen gjenlevande skal kunne krevje innsyn i den omfattande kommunistregistreringa som London-regjeringa var ansvarleg for frå oktober 1942 til mai 1945, sa stortingsfleirtalet og at innsynet berre skulle gjelde opplysningar som er innsamla mellom 8. mai 1945 og 8. mai 1996. Resultatet av kommunistovervakinga i Sverige frå oktober 1942 til mai 1945, som var overvakingspolitiets sin «startkapital», blir dermed unntatt frå innsyn. Denne overvakinga var eit samarbeid med svenske styresmakter (C-byrån i Försvarsstaben). Etter Lars Borgersrud sitt forskningsarbeid veit vi at Sverige sendte listene over norske kommunistar til Berlin. Det er ei ny krenkjing av krigsinnsatsen til kommunistar og kommunistsympatisørar når overlevande no skal nektast innsyn.

Første paragrafen i lovutkastet kan sjå lovande ut ved rask gjennomlesing, med unnatak for ein avgjerande, innskoten bisetning: «Norsk borger eller person hjemmehørende i Norge har, hvis ikke annet følger av loven her, rett til innsyn i opplysning om vedkommende i overvåkingspolitiets arkiver og registre som er innhentet ved en ulovlig metode eller registrert eller brukt i strid med den til enhver tid gjeldende overvåkingsinstruks.» Sjøl om vi ser bort frå den utheva bisetninga, kan dette gi lovheimel for å nekte enkeltpersonar innsyn i eiga sak, dersom overvakingspolitiet har meint at vedkomande hadde tilknytning til AKP. Både skiftande regjeringar og Lund-kommisjonen meiner at overvakingsinstruksen har gitt heimel for overvaking av AKP, i ulik grad til ulike tider. Det blir ei endelaus flisespikking viss ein skal sortere ut den overvakinga av AKP-arar som til ulike tider var såkalla «ulovlig» eller «instruksstridig» frå dei andre tilfella som var «lovlege».

Viss vi skal ha ei opprydding i overgrep og gammal urett, bør den nye lova heilt enkelt slå fast at ein person har «rett til innsyn i opplysning om vedkommende i overvåkingspolitiets arkiver», viss ho eller han ikkje blir omfatta av eit av dei lovfesta unntaka.

Når justisminister Aure kjem til paragrafen som heiter «unntak fra innsynsretten», kombinerer ho klare ord med tøyelege begrep på ein farleg måte: «Det skal ikke gis innsyn i et dokument eller en opplysning i et dokument når sikkerhetsmessig eller personvernmessige hensyn tilsier at det må gjøres unntak fra innsynsretten. Innsyn skal alltid nektes hvis slikt innsyn vil gi kjennskap til kilder eller navn på tjenestemenn i overvåkingspolitiet, kan skade forholdet til samarbeidende tjenester eller forøvrig gi kjennskap til overvåkingspolitiets lovlige metoder på en måte som kan forhindre gjennomføringen av overvåkingstjenestens oppgaver.» (Utheva her.)

Dette sitatet bør du lese minst to gonger. «Skal ikke» er enkelt og eintydig, mens «sikkerhetsmessige hensyn» er eit endå meir tøyeleg begrep enn «rikets sikkerhet», og det er himmelvidt forskjellig frå «rikets sikkerhet i dag». Når innsyn skal nektast der «sikkerhetsmessige eller personvernmessige hensyn tilsier» avslag, og det ikkje er meininga å ha domstolskontroll, da er det lagt opp til ein flytande og ukontrollerbar rettstilstand.

Regjeringa vil og lovfeste at du ikkje skal få innsyn i eiga sak, sjøl om du har vori utsett for lov- og instruksstridig overvaking, dersom innsyn i lovbrota «kan skade forholdet til samarbeidende tjenester». Dette er ei lovfesting av at ulovlege handlingar som norske tenestemenn har gjort, skal haldast hemmeleg og dermed straffrie, dersom for eksempel amerikanske CIA, israelske Mossad eller britiske MI6 ønskjer hemmeleghald. Dette er - i ytste konsekvens - ei lovfesting av at enkelte statlege tenester skal ha «license to kill», for å bruke eit James Bond-uttrykk.

Overvakingspolitiet har brukt «informanter» for å kartleggje pro-palestinsk solidaritetsarbeid i Norge. Fordi opplysningar er levert vidare til Mossad, kan dei ha brukt nokre av opplysningane frå slike informantar i ein eller fleire av terroraksjonane sine. Viss Mossad gir beskjed om at det vil skade forholdet mellom overvakingspolitiet og Mossad viss ein palestinaaktivist får innsyn og dermed får vite sannheten om si eiga sak, da skal innsyn nektast ifølgje lovutkastet. Det er ikkje nok å sladde namnet til informanten. Det er Mossad som skal ha siste og avgjerande ordet om svaret på innsynskravet blir ja eller nei. Justisminister Aure er den første justisministeren som ber Stortinget fatte eit lovvedtak som seier rett ut at omsynet til Mossad skal gå framfor omsynet til norsk lov.

Da Stortinget 17. juni 1997 hadde første drøftinga av det forslaget RV hadde sett fram om mappeinnsyn, sa daverande visepresident Edvard Grimstad at «det har aldri vært noen risiko å legge fram sannheten». Med lovframlegget sitt viser Justisminister Aure at ho er heilt på kollisjonskurs med utsagnet frå Grimstad.