OMSTRIDT: UDI gav beskjed om at alle kors skulle vekk i hus der flyktningar skulle bu. Dei gjorde heilomvending etter press frå folket, skriver artikkelforfatteren. Foto: NTB Scanpix
OMSTRIDT: UDI gav beskjed om at alle kors skulle vekk i hus der flyktningar skulle bu. Dei gjorde heilomvending etter press frå folket, skriver artikkelforfatteren. Foto: NTB ScanpixVis mer

Skal vi ta bort korset?

No er det på tide at vi set foten ned. Nok er nok!

Meninger

Dette har vore eit brennbart tema den siste tida. UDI gav beskjed om at alle kors skulle vekk i hus der flyktningar skulle bu. Dei gjorde heilomvending etter press frå folket. Det vart ein hard debatt i media og få facebook. Folk stiller seg spørrande: Skal vi gje avkall på vår religion og kultur og legge oss flat for islam? No er det på tide at vi set foten ned. Nok er nok!

Ein eldre misjonær ringde meg og var forskrekka over at kristne leiarar var snare med å fjerne korsa då beskjeden kom. Kva er det som er drivkrafta i desse leiarane sine liv? Er det ynskje om pengane (mammon) som bestemmer? Er det frykt som er drivkrafta? Skal vi som kristne svikte vår Frelsar og fornekte trua? Dette er svært alvorleg og har betydning for vår evige frelse og saligheit! Jesus sa at dei som sannar han for menneska vil han også sanne for sin Far i himmelen!

Korset er symolet på vår kristne tru: At Jesus Kristus, Guds son, døde for våre synder og oppstod på den tredje dagen. Korset er difor tomt, og gir oss håp om eit evig liv i himmelen. Opp gjennom historia har det vore eit symbol på den kristne trua. Eit anna symbol er ein fisk. Det viser at vi skal vere menneskefiskarar. Korset viser vegen til fridom og fred: Jesus tok straffa for syndene våre slik at vi skulle gå fri. Kristus vart forbanna for at vi skulle få del i Abraham si velsigning og Den Heilage Ande som var lova av Gud.

Kva er det islam har å tilby sidan korsa skulle vekk? IS står for islamsk stat og viser kva islam egentleg er. Det kjem med undertrykkjing av kvinner og Sharia lov.

Ei eldre kvinne fortalde meg i går at når ho ser dette, så er ho glad for at ho er nesten ferdig med jordelivet. Det vert ikkje lett for den komande generasjonen.

Kva skal vi gjere? Det viktigaste er no å ta kristentrua på alvor og vende om til Gud av heile hjartet! Vi kan då vinne muslimane med Guds kjærleik og Den Heilage ande si hjelp. Det fleste av flyktningane er ulykkelege menneske som er i nød, og mange er leie av undertrykkinga i muslimske land. Misjonsmarkene har kome til oss og no har vi ei eineståande muligheit. Lat oss lyfte korset høgt så menneska kan verte dregne til Kristus!

Lik Dagbladet Meninger på Facebook