ÆRESKULTUR: - Kvar einaste dag kjenner mange muslimar i Noreg skamkulturen som eit brutalt og tyngande teppe over seg. Nåde dei som blir «for norske» og bryt med det som er opplest og vedtatt som einaste riktige og farbare veg, skriver artikkelforfatteren. Foto: NTB Scanpix
ÆRESKULTUR: - Kvar einaste dag kjenner mange muslimar i Noreg skamkulturen som eit brutalt og tyngande teppe over seg. Nåde dei som blir «for norske» og bryt med det som er opplest og vedtatt som einaste riktige og farbare veg, skriver artikkelforfatteren. Foto: NTB ScanpixVis mer

Skamkultur

Vi trenger en tverrpolitisk front mot skamkulturen, fra Frp til Rødt. Men da må venstresida slutte å tilnærme seg slike tema som om det er et elektrisk gjerde de skal røre ved.

Meninger

Finst det noko meir skammeleg enn æreskultur? Denne forkastelege ideen om at dersom eit familiemedlem gjer noko gale, så kjem familien i vanry i mange slektsledd. Eit fenomen som blir brukt til å ta sosial kontroll over andre. Og nåde den som måtte våge å gå i utakt. Då endar det med utfrysing, vald, ja, enda til groteske såkalla æresdrap på familiemedlem. Ordet i seg sjølv er ein absurditet. Ære og drap høyrer slett ikkje saman. Det einaste dekkjande er «skamdrap» og «skamkultur».

Spaltist

Jarl Wåge

er debattant, skribent og tidligere vinner av forteller-konkurransen «Storyslam». Foto: Sunniva Halvorsen

Siste publiserte innlegg

I 1995 flykta ei ung, norskpakistansk jente med artistnamnet Deepika til England. Ho var i ferd med å byggje seg opp ein popkarriere og toppa hitlistene med låta «Get off my back». Ho song og dansa. Slik skammeleg, vestleg dekadanse skulle den konservative delen av det pakistanske miljøet ikkje ha noko av. Ho vanæra dei. Ein flokk med bygdedyr kom halsande etter henne. Dei snerra og glefsa. Eitt gjekk fysisk til åtak medan ho stod på scena. Så farleg opplevde ho situasjonen at ho ikkje våga å vere i Noreg lenger og søkte tilflukt i London.

Etter kvart gav ho opp musikk-karrieren. Fundamentalistane oppnådde det dei ville. Men dei klarte heldigvis ikkje å kvele kreativiteten. Deeyah Khan, som er det eigentlege namnet hennar, har bygt seg opp ein imponerande karriere som internasjonal dokumentarfilmregissør. For den fyrste filmen, «Banaz-a love story», som handlar om skamdrap på ei ung, kurdisk jente i England, vann ho ein Emmy-pris. No er ho forsyne meg Emmy-nominert for den siste filmen sin òg.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein kan knapt forestille seg den fryktelege situasjonen den unge artisten var i. Skremt og nesten åleine. Svikta av sitt eige nærmiljø og det norske storsamfunnet. «Norge knuste hjertet mitt,» har ho sagt i eit portrettintervju i Dagsavisen.

Ein god venn av meg, muslim og homofil, er livredd for at folk i heimlandet skal få vite om legninga hans. Om det skjer, er det ikkje bare foreldra som kjem i vanry, men også sysken, onklar og tanter. Nevøar og nieser kan risikere at ingen vil gifte seg med dei fordi dei har ein onkel som til dei grader har skjenda æren deira bare ved å vere den han er. Skulle løyndomen bli avslørt, kan han aldri reise dit på besøk. Då kan han bli skamdrept av nokon i familien for at dei skal få gjenoppretta statusen. Heller ikkje i Noreg ville han føle seg trygg.

Norsksomaliske Amal Aden er ein, for mange, inderleg forhatt person. Ho har fleire gongar utfordra det somaliske patriarkatet og matriarkatet; som lesbisk, som forfattar med sterke meiningar og ei som nektar å dekkje seg til. I tillegg talar ho det somaliske miljøet midt imot. I fleire artiklar har ho kritisert somaliarar som er passive trygdemottakarar i staden for å komme seg ut, lære norsk, ta utdanning og prøve å skaffe seg jobb.

Ho kritiserer mødrer som tar ut kontanstøtte og dermed held barna borte frå barnehage der dei skal lære norsk, bli integrerte i samfunnet og ikkje bli akterutsegla i høve til jamgamle.

Ho er heller ikkje nådig mot foreldre som sender ungane sine på Koranskular i Somalia. Strenge skular som gjerne straffar ungane fysisk. Samtidig melder spørsmålet seg om korleis vaksne som har flykta frå Somalia, vågar å sende det kjæraste dei eig, barna, til eit land dei sjølve ikkje kunne bu i.

Amal Aden har fått massevis av truslar frå sine eigne. På telefon og via nettet. Ho bringer skam over dei og fortener difor å døy. Så ille har det vore at politiet til tider har oppfordra henne til å halde ein lav profil og ikkje opptre offentleg.

Det paradoksale er at høgreradikale har trykt Aden til sitt bryst. Fordi ho kritiserer eit innvadrarmiljø. Men det er eit tveegga sverd. Dei har samstundes problem med at ho er svart, lesbisk og ei sterk, uavhengig kvinne.

Venstresida tar heller ikkje bølgja når Aden kritiserer sine eigne. Dei blir unnvikande og veit ikkje heilt korleis dei skal reagere. For «vi må då ikkje vere slemme mot våre nye landsmenn».

Kvar einaste dag kjenner mange muslimar i Noreg skamkulturen som eit brutalt og tyngande teppe over seg. Nåde dei som blir «for norske» og bryt med det som er opplest og vedtatt som einaste riktige og farbare veg.

Det er ingen tvil om at det er Frp som har vore dei tydelegaste kritikarane av undertrykking i muslimske miljø, både av kvinner og homofile. Likevel trekkjer eg motiva deira i tvil. For samstundes som dei er klokkeklare i kritikken, vil dei i neste no «sende dei attende dit dei kom ifrå» eller «hjelpe dei der dei er». Engasjementet virkar noko hult når enkelte i partiet vil at Noreg ikkje skal ta imot ein einaste muslim til.

Det er på tide at den vanlege muslimske kvinne og mann tar opp kampen mot undertrykkinga. Dessutan treng vi ein tverrpolitisk front mot skamkulturen. Frå Frp til Rødt. Vi må storme barrikadane og slåss mot dette barbariet. Men då må venstresida slutte å tilnærme seg slike tema som om det er eit elektrisk gjerde dei skal røre med. Dei må skru opp volumet og bli tydelege i sin kritikk av fundamentalistar som tvingar folk til taktfast marsj. Og Frp må innsjå at om dei meiner alvor med kampen mot overgrep, så kan dei ikkje jage dei som blir utsette for overgrep, attende til stader der undertrykkjeing og tortur er ein del av kulturen.