TYRANNI: Det er lov å mobbe tjukke. Det er ikkje lov å mobbe folk med briller eller folk som sit i rullestol. Feite folk er fritt vilt, skriv kronikkforfattaren. Han kjem med bok om si eiga historie som overvektig på laurdag.Illustrasjonsfoto: Scanpix
TYRANNI: Det er lov å mobbe tjukke. Det er ikkje lov å mobbe folk med briller eller folk som sit i rullestol. Feite folk er fritt vilt, skriv kronikkforfattaren. Han kjem med bok om si eiga historie som overvektig på laurdag.Illustrasjonsfoto: ScanpixVis mer

Skamma og våpendragarane

OVERVEKT: Jan Thomas, Tone Damli Aaberge og Elixia-direktøren har ein ting felles: Dei påfører andre skam. Skam over eigen kropp.

|||KROPPEN HAR til alle tider vore utgangspunkt for skam. Tidlegare var seksualitet og lyst forbunde med skam. I dag er det meir skambelagt å ete saus med fløyte og smør, enn å knulle nabokona. Utruskapen kan du utføre i det skjulte, men kroppen din er synleg for alle. Du er eit svakt menneske — med ein stygg og feit kropp.

Leiar i Landsforeininga for overvektige, Jørgen Foss, sa i eit intervju med VG 4. oktober: «For alle mennesker er det grunnleggende viktig og en rett å bli behandlet som den personen du er, og ikke på grunnlag av utseendet eller kroppen din.»

SJØLV VEIT EG noko om dette. Eg var 30 år og vog 140 kg. Ein dag bestemte eg at nok var nok. I løpet av eitt år slanka eg bort halve kroppsvekta mi. Som feit vegra eg meg for å handle klede, for å sitje på bussen, for å gå på byen ein laurdagskveld — fordi orda eg kunne få av andre var harde som stein. Det er lov å mobbe tjukke. Det er ikkje lov å mobbe folk med briller eller folk som sit i rullestol. Feite folk er fritt vilt.

EIN KAN IKKJE vere tjukk og lukkeleg. Det vert fortalt oss heile tida. Marknadskreftene er rå på å utnytte vårt ønske om å vere perfekte. Og aktørane i dette segmentet har aktive våpendragarar.

Jan Thomas er ein av mange slike våpendragarar. Kvar veke fortel han kvinner om korleis han syns dei har sett ut når dei har vore på premiere og kjendisfest.

«Du er for tjukk!» Det var meldinga som ein deltakar i Top Modell fekk frå Jan Thomas. Om ein ser bilete av henne, så kan ein lure på kva Jan Thomas meiner er ein normal kropp.

PÅ MANGE MÅTAR kan ein seie at Jan Thomas berre er ein stylist utan reell makt i samfunnet. Men med sine stadige utspel bidreg han til produksjon av skam og flytting av grenser. Han får plass i media og har sitt eige tv-program som rullar over skjermen fire gongar i veka. Han er den det er naturleg å spørje når ein vil ha ei klar meining om nokon sin utsjånad. Jan Thomas har definisjonsmakt i Noreg.

Ei jente som ikkje er syltynn, er for tjukk.

OGSÅ ANDRE kjendisar bidreg til skam. Artisten og reklamefjeset Tone Damli Aaberge figurerer i eit utal nyheitssaker som omhandlar kropp, utsjånad og kilo. Til dømes: «Slik får Tone Damli Aaberge drømmekroppen!» og «Tone Damli Aaberge gir syltynne treningstips».

I ein artikkel oppfordrar ho lesarane om «å google 'supermodell' for motivasjon». Om modellen Adriana Lima seier ho: «Altså, hun er jo født med en ganske 'fit' kropp, men alle har et potensial, noen kropper er mer lettrente. Men alle kan gjøre en innsats og en kan alltid bli bedre.» Som om det er mangelen på bilete av tynne menneske som er problemet.

HALVPARTEN av alle norske jenter i 15 årsalderen synst dei er for tjukke (jfr. Verdas Helseorganisasjon si undersøking «Helsevaner blant skoleelever»). Med slike utsegn som Aaberge kjem med, er ho med på å skape slike alarmerande tal.

Også blant gutar er skjønnheitstyranniet aukande. I undersøkingar som er gjort av Noregs Idrettshøgskule, ser ein at i overkant av fem prosent av gutar mellom 15 og 24 år ønskjer å endre på utsjånaden ved hjelp av feittsuging, kirurgiske inngrep eller medisinering. Samstundes veit vi at etevegring er aukande blant gutar.

Eg trur korkje Jan Thomas eller Tone Damli Aaberge er ondskapsfulle eller medvite vil påføre andre skam. Om ein gjer eit søk på dei to på nett, er dei utsett for ganske mange harde ord sjølv — om sin utsjånad. Poenget mitt er at dei i større grad bør tenkje over den makta og innverknaden dei har.

ANDRE VÅPENDRAGARAR er grønkledte, og du møter dei på gatehjørnet: «Vil du komme i form?» Dei pushar medlemskap i Elixia. I all reklamen for senteret er det veltrente og tynne menneske som smiler så breidt at alle forstår at trening er det gøyaste i heile verda. Slik må ein vere for å trene hjå Elixia.

Rett skal vere rett: Elixia har eit eige progam som heiter «Elixia Ned i vekt». Om dette programmet kan ein lese: «Vi er så sikre på at vi kan gi deg oppskriften på hvordan du kan nå målet ditt, at vi gir deg en 100 prosent fornøyd-garanti; har du ikke nådd målet ditt innen 3 mnd, gir vi deg pengene tilbake!»

DET VERT TILRÅDD frå fagfolk at når ein slankar seg, bør ein gå ned mellom 0,5—1 kilo i veka. I løpet av tre månadar vil det difor vere helsemessig bra å gå ned 10—12 kilo. Med andre ord: Dette er eit program som passar for dei som «skal bli klare til bikinisesongen», ikkje for personar som lir av fedme. Til «Elixia Ned i vekt»-kampanjen vert det ikkje nytta bilete, men illustrasjonar. Det høver seg vel ikkje med bilete av tjukke folk?

DÅ EG slanka meg, var eg aldri på treningsstudio. For eg opplever ikkje at treningsstudioa anstrenger seg på nokon som helst måte, for å hjelpe dei som verkeleg treng dei. Ser ein inn på eit vanleg Elixia-senter, ser ein veltrente, slanke, vellukka menneske som trener med granskende blikk på alle kantar. Frå sidemannen, gjennom dei store vindauga, og gjennom eit av dei mange speila som alltid er i eit treningsstudio. Om eg ikkje var skamfull før eg gjekk inn, ville eg vore det når eg kom ut.

Det er ikkje noko gale i å motivere personar til fysisk aktivitet. Det er måten det skjer på som er kritikkverdig: å bruke skjønnheitstyranniet som rettesnor. Jaget etter skjønnheit påverker og endrar samfunnet. Jaget har fått eit namn. Ortoreksi. Det er omtalt som den fjerde etevegringa: å være sjukleg opptatt av eit sunt kosthald og avmagring.

EG SKAMMAR meg ikkje over min eigen kropp i dag. Eg er meir verdt som slank enn som tjukk. Men når ein gjer alt ein kan for å unngå festar, middagar og andre normale sosiale samanhengar, fordi ein er livredd for ikkje å få trena nok — og ein let som ein allereie har ete for å unngå å måtte ete noko som ein ikkje har kontroll over, så er det eit spørsmål eg ikkje kan unngå å stille meg sjølv:

Har eg vunne over fedmen, eller har eg tapt mot skjønnheitstyranniet?

SKREIV BOK: Eg var 30 år og vog 140 kg, fortel Kristian Fjellanger. Vis mer