Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Meninger

Mer
Min side Logg ut

Debatt: Seksualitet og tru

Skammelig om konverteringsterapi

Det verker som Brenne, Ottosen og Lossius ikkje skjøner kor farleg og skadeleg religion kan vera.

KVEN EIN ER: Trua på Gud rører ved det inste i identiteten, samtidig er seksualitet også det aller inste i opplevinga av kven ein er. Å oppleva å ikkje vera akseptert av Gud med seksualiteten sin, set difor heile identiteten på spel. Foto: Rex / Chutterstock / NTB Scanpix
KVEN EIN ER: Trua på Gud rører ved det inste i identiteten, samtidig er seksualitet også det aller inste i opplevinga av kven ein er. Å oppleva å ikkje vera akseptert av Gud med seksualiteten sin, set difor heile identiteten på spel. Foto: Rex / Chutterstock / NTB Scanpix Vis mer
Meninger

Etter å ha sett på Debatten på NRK den 5. november som handla om lovforslaget om å forby konverteringsterapi for homofile, sat vi begge med eit sterkt ubehag. Vitnesbyrda frå dei homofile om kva dei hadde erfart i møte med religiøse miljø, både kristne og muslimske, var sterke og skremmande. På den andre sida stod religiøse leiarar og ei KrF-politikar som ville gøyme desse overgrepa under «sjelesorg» og trusfridom. Og det var ingen røyster frå Den norske kyrkja som kunne få fram eit anna teologisk syn, med støtte til skeive sin identitet og leveform.

Det kan ikkje vera nokon tvil om at dei religiøse miljøa det var snakk om i dette programmet, kan vera skadelige og farlege for LHBT+ personer.

Negativ sosial kontroll og psykisk terror var erfaringane til Brian Furnes i eit muslimsk miljø; og det toppa seg i fysisk vold. Arne Christian Nilsen ønskte sjølv å endre følelsar, han kjente på homoseksualitet som synd. Men fellesskapet i ein frimenighet i Bergen hjelpte ikkje, han opplevde å bli påført skam og forakt for seksualiteten sin. Aller verst, han opplevde at kristentrua blei øydelagt av menneske han hadde hatt tillit til.

Etter desse vitnesbyrda var det deprimerande å høyre på leiaren for Til Helhet, gruppa som «hjelper» skeive til ein «normal» seksuell identitet; Espen Ottosen frå Norsk Luthersk Misjonssamband og stortingspolitikar for KrF, Jorunn Gleditsch Lossius. Dei ville ikkje i det heile snakke om at det som skjedde i kristne grupper hadde noko å gjere med konverteringsterapi som forslaget frå Anette Trettebergstuen er retta mot. Istaden dreiv dei med samtale og sjelesorg, sa dei.

For Lossius var det særleg urovekkjande at Trettebergstuen med forslaget sitt ville gå inn i «samtalerommet» som sjelesorga er. Det ville røre ved rettane til individet og den trusfridomen som individet har. Også Ottesen forsvarte ytrings- og trusfridomen.

Men erfaringane frå dei homofile som hadde opplevd å være i dette samtalerommet, var at dei vart utsette for maktmisbruk. Ytrings- og trusfridomen som Lossius og Ottesen snakka om, var ein rett som gav dei sterke samtalepartnarane overtaket i samtalen. Då kan ideala om «samtalerommet» og «sjelesorg» bli plassar for overgrep og maktmisbruk mot den svake parten i denne samtalen.

Det verker som Brenne, Ottosen og Lossius ikkje skjøner kor farleg og skadeleg religion kan vera. Det er noko som skeive i Den norske kyrkja har lang erfaring med gjennom kampen for aksept i 40 år.

Trua på Gud rører ved det inste i identiteten, samtidig er seksualitet også det aller inste i opplevinga av kven ein er. Å oppleva å ikkje vera akseptert av Gud med seksualiteten sin, set difor heile identiteten på spel.

For kristne er Gudsbiletet knytt opp til Bibelen og trua på at Bibelen er Guds ord og vilje. Difor er spørsmålet om bibeltolking heilt avgjerande.

Det var brotet med den fundamentalistiske bibellesinga som åpna for å lese forteljinga om skapinga slik at alle menneske var skapte i Guds bilete, homofile likesåvel som heterofile. Men dette finst det ikkje spor av i bruken av Bibelen hos Til Helhet. Der er forteljinga om skapinga misforstått som ei forteljing om det heterofile ekteskapet, og synet på seksualitet for 2000 år sidan vert rettesnor for i dag.

Når det berre er kristne med dette bibelsynet som får leggja det fram i Debatten, gjer det et heilt feil inntrykk av kva kyrkja i Noreg står for, og kva ho har å seie til skeive som strevar med sjølvkjensle.

For det første vil Den norske kyrkja starta med å gje støtte til alle skeive, også dei som strevar med eigen seksualitet. Den viktigaste støtten er å seie at dei er aksepterte av Gud som dei er, anten det er som lesbiske, homofile eller transpersonar. Dette er det viktigaste å seie til folk som ber om samtale eller sjelesorg. Og då kan ein også rydde av vegen vanskar som er påførd av det religiøse miljøet, fordommar som er internaliserte, og misforståtte bibellesningar.

Så har kyrkja også vist i praksis støtte til skeive. Det er no mange skeive som er prestar, tillitsvalde heilt til topps i kyrkja, og aktivistar på mange plan. Kyrkja viser at ho er like mangfaldig som folk er i Norge. Siste steget var vigsel for alle par, utan omsyn til kjønn, i alle kyrker i landet.

Ein definisjon av konverteringsterapi er at det er forsøk på å forandre personar si seksuelle orientering til heteroseksuell, ved «psykologisk eller åndeleg inngrep.» Dei kristelege miljøa i Debatten seier at dei ikkje driv med konverteringsterapi, men sjelesorg og samtaler. Men så lenge dei sit med autoriteten til å tolke Bibelen og tale på vegne av Gud, har dei ei sterk åndeleg makt over menneske. Det er urimelig at dei skal bruke trusfridom til støtte for slik makt.

Når no lovforslaget om forbod mot konverteringsterapi i Noreg er fremja, bør ein nøye granske praksis i religiøse miljø, også dei som går under namnet sjelesorg.

Utforsk andre nettsteder fra Aller Media