På nett.  Foto: snl.no
På nett. Foto: snl.noVis mer

Skandale eller sensasjon — eit oppdatert Store norske leksikon

Det er viktigare for Store norske å ha oppdaterte og gode artiklar om IS og jihadisme enn å skrive løpande oppdaterte artiklar om utviklinga i nyheitssaker.

Meninger

Fredag kveld ramma terroren Paris. Journalist Jan Omdahl fulgte med via leksikon, og oppsummerer «Wikipedia, som meget raskt hadde en solid og løpende oppdatert artikkel.» Så sjekka han Store norske, og blei skuffa: «At vårt hjemlige Store Norske Leksikon flere dager senere fortsatt ikke har publisert noe om terrorangrepet, sier noe om forskjeller i ambisjonsnivå og rolledefinisjon.»

No hadde vi publisert «noe» om Paris - i artiklen om IS. Men vi hadde ikkje ein ny artikkel. Ingen likar å skuffe folk, heller ikkje Store norske. Vi skal levere. Om Store norske ikkje har fått med seg at Omar Abdirashid Ali Sharmarke er president i Somalia eller påstår at Nora Brockstedt lever, er det flaut. Men samtidig ser vi at folk ventar seg noko meir av Store norske: Vi skal alltid vere korrekte. Folk kan leve med at ei sak på Wikipedia kan ha feil. Heile prinsippet er at alle kan rette til innhaldet er greit — og det fungerer der interessa er stor. Men for Store norske er det verre å nypublisere tull enn å vere uoppdatert. Derfor må vi ha dei beste til å oppdatere. Dei som har så god oversikt over innhaldet at det dei skriv er til å stole på. Minutt-til-minutt-utviklinga i Paris blir dekt av nyheitsnettsidene og summert opp på Wikipedia, vår rolle er ei anna.

Jobben vår er å formidle kunnskap som trengst for å forstå. I 2012 lanserte vi eit Store norske leksikon 3.0 der vi skulle flytte akademikarane ut på internett. Omdahl meinte då at «det er en pen tanke. Men en forutsetning for suksess er altså at man lykkes med et massivt voksenopplæringsprogram.» I 2015 er det massive vaksenopplæringsprogrammet godt i gang.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Vi har ein redaksjon som klarer å lokke fagfolk — ja, til og med dei kunnskapsrike damene — ut på banen. Heile 500 fagfolk har tatt sitt fagansvar i Store norske. Alle norske universitet har tatt medeigar-ansvar. Så i går skreiv professor Ingunn Lunde ved UiB om Vladimir Sorokin. UiA-forskar Martin Skjekkeland frå UiA ordna kioskveltaren dialektar i NorgeRune S Selbekk frå UiO formidla om meteoritter.

Men ... burde ein av dei 500 ha sett seg ned og skrivi saman ein ny artikkel om terror-åtaket i Paris i løpet av helga? Er Store norske uambisiøst, ei bleik skugge av Wikipedia, om vi ikkje gjer det? Spørsmålet er kva som er jobben. Korleis kan akkurat du gjere internett til ein betre plass å vere? Det er ved å twitre når du er der det skjer. Det er ved å oppsummere tweetane og pressemeldingane til siste nytt når du er på vakt i Dagbladet. Det er å syne til nyheitssakene når du vil oppdatere Wikipedia. Men for oss i Store norske er den viktigaste jobben å passe på at artiklane om IS og jihadisme gir folk bakgrunnskunnskap til å forstå terroren i Paris. 

Det er lett å tenkje at leksikon er leksikon. Tidlegare var leksikon både Google (Hvordan knytte slips?) og autoritativ lærebok. Men nå finst Google, og på Wikipedia finn vi eit uttrykk for summen av det folk veit. Men den autoritative innhaldet bør ikkje bli verande i papirbøker folk ikkje kan lenke til. Eller i forskingsrapportar folk ikkje forstår. Dei som har fagleg autoritet må skrive på nett. På eit språk folk forstår. Det oppdraget tar Store norske leksikon.

Summen av det vi til saman veit blir betre om dei som kan ting best også bidrar. Våre fagansvarlege bidrar ved å definere og analysere, ved å ta på seg jobben med å komprimere det fagfolk veit. Dei balanserer innhaldet, så det står mest om det viktigaste. Dei passar på å formidle kunnskap som er viktig å ha med seg vidare. Til og med dersom TV2 aldri har emnet i nyheitene.

I 2009 skreiv Omdahl: «Det ville være sensasjonelt om et norsk leksikon skulle lykkes med det knapt noen andre har klart: Å slå Wikipedia og en verden av wikipedianere på hjemmebane.» Vi har aldri tenkt å slå Wikipedia. Vi elskar Wikipedia. Samtidig meiner vi Store norske også hører heime på banen. Vi har ein annan funksjon. Vi har andre skribentar. Og vi lukkast med det.

Så i 2015 var ikkje Twitter samde med Omdahl i at internett hadde trengt ein ny Store norske-artikkel om åtaka i Paris i løpet av nokre timar. Folk vil ikkje ha ein «clickbaitversjon» av Store norske. Dei vil ha ein redigert og distansert motvekt, eit tillegg til Wikipedia. Det kjem nye nettsider kvart einaste sekund. Det er ikkje mangel på informasjon som er den nye utfordringa, heller ikkje å samle denne informasjonen. Det er å sile informasjon og vurdere informasjon. Det er å skape innhald som er tenkt på, tygd på og gjennomarbeidd før det blir publisert. Det er dette du er best til jo betre du kan eit emne. Det er dette Store norske skal bidra med på internett.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook