Skarpe blikk og mørke vesen

I si andre diktsamling stadfestar Silje Vethal det talentet som kom til syne i «Terreng» for to år sidan. Ho maktar i sine beste dikt å skapa ein tilstand av stille spenning. Det er eit poesiarbeid på grunnplanet.

«En forståelse selv om man ikke har begreper» som det heiter hjå Vethal. Her er gjenklang av ny, nordisk poesi, som Wikholm og Jäderlund, men trådane går også attende til tidlegare norske modernistar.

Styrken til Vethal ligg i var og presis persepsjon, både av små rørsler i omverda og av eigne refleksjonar og kjensler. Ho legg fram små fragment for oss, som ikkje gjev seg ut for å vera store, flotte og avslutta dikt, men som er sterke innsyn i noko levande og gjenkjenneleg.

Ho kan sjå at sjøen er blyg og at skaren bare er eit lynne. På sitt mest konkrete og konsentrerte kan det bli slik:

Gråtrosten beveger seg som firfisler i gresset.

Rask forflytning. Står stive. Blikket skarpt rettet ut. Lytter.

Forflytter seg igjen. Stivner

Dessverre stadfestar «Lynne» også kva som er det problematiske for Vethal. Det eine er at ho nyttar for mange tome ord, som «alt» og «alle», «mørke vesener» og «naturrommets dybde». Det svekker lesaren sin sjanse til å ta del i teksten.

Det andre er at ho er så flink til å skape språklege spenningar og bresteferdige samansetningar, at ho gjer det av og til utan dette opplevde, inspirerte, som får teksten til å dirre av liv. Då tek lesaren eit steg ut av elles gode dikt. Å skilja ut desse tinga blir viktig. Og vanskeleg. Konsulenten kan rett nok seia «Nei», men det er bare Vethal som kan få oss til å seia «Ja!».

Med «Lynne» har Silje Vethal likevel teke eit godt steg vidare mot si eiga røyst. Andreboka er rikare og serverer gong på gong linjer som gjer lesaren til medopplevar. Siste delen, «Øya», er nok svakast, men her finst gode dikt gjennom heile boka. Vethal har utvida repertoaret og gjev oss små dramatiske situasjonar, uhyggeleg grøsserstemning og eit nydeleg hundekvelpedikt.