Skarpe snitt

Treffsikker mørk humor mellom ein del slappe tekstar.

I større grad enn mange poetar, men i likskap med til dømes Charles Simic, skapar Gene Dalby sine fantasiar om til dikt. For at dette skal fungera, må det oppstå ein slags truverdig autoritet i bileta. Noko som gjer dikta om til ny røynd, til erfaringsområde for oss. Det klarar Gene Dalby i svært mange tilfelle.

Både i dikta og i dei aforismeliknande «Haikubismer» avslører han også i denne boka ein eigen evne til å fanga spenningar i språket som er lada både med humor og eit skarpt alvor.

Men nokre tekstar vert slappe og uspennande som «En gang i livet mitt var/ Livet mitt» og andre verkar litt «overgode», det vil seia at dei kjennest konstruerte:

Valentinsdag

Før jeg rakk å

Gå i postkassen

Ble jeg oppringt

Om ditt selvmord

Men her er svært mange punkt i denne boka som er prega av original og treffsikker formuleringsevne og presise observasjonar, og altså ikkje bare fantasiar: «Hun holder opp/Mobilen/Som et speil», og i denne vakre haikuen:

Vinterkveld

En politibil lyser opp en

Annen politibil

Ja, kven andre enn Dalby kan fanga noko essensielt ved vårt samfunn med bare to ord; «Evig advent»!