Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Meninger

Mer
Min side Logg ut

Skattedebatt utan sjel

Hårde tider skal vi døyve.

LEIARSKAP: Politidirektør Odd Reidar Humlegård er eit uvanlig dyktig medium til å tolka Anders Anundsens tungetale og sinnelag.
Foto: Vidar Ruud / NTB Scanpix
LEIARSKAP: Politidirektør Odd Reidar Humlegård er eit uvanlig dyktig medium til å tolka Anders Anundsens tungetale og sinnelag. Foto: Vidar Ruud / NTB Scanpix Vis mer
Kommentar

DENNE VEKA har det kome for ein dag at Anders Anundsen har synda mot den klare formaninga i Bergpreika: «Eders tale skal være ja, ja, nei, nei; det som er mere enn dette, er av det onde» (Matt 5,37). Det er sjølsagt ekstra alvorlig når det handlar om dei små barna som Knut Arild Hareide og Kristelig Folkeparti kjærer mest for. Don't they know it's Christmas?  

EIN MULIGHET er sjølsagt at Per Sandbergs biljardkule i justis- og beredskapsdepartementet har prøvd seg som buktalar, men at det konsekvent har kome ut som tale med to tunger. Ein annan mulighet, som PST sikkert kan rekna ut sannsynligheta for, er at politidirektør Odd Reidar Humlegård er eit uvanlig dyktig medium til å tolka sjefens tungetale og sinnelag. Og så lojal at han trenger gjennom humlesnurr og annan støy og lar politiet gjera det han veit at Anders Anundsen helst ville at dei skulle prioritera dersom han ikkje var blitt instruert av dei små tullepartia til å senda ut signal om det motsette. Slikt leiarskap talar til fordel for den bevæpnande statspolitisjefens leiarskap, for det er ikkje synd mot Den heilage anden. Tvert imot.  

EIN HEDERSMANN er som kjent ein kranglevoren, påståelig og uthaldande drittsekk over 70. Derfor er det grunn til å gratulera Carl I. Hagen med renomineringa, på tvers av innstillinga frå Christian Tybring-Gjedde, den altfor intellektuelle leiaren av nominasjonskomiteen i Oslo Fremskrittsparti. Der klaga lokallagsleiaren Anne Helen Hjelmerud over ufin behandling og ureint spel, for ho er «så drittlei mobbingen av politikere». Artig at regjeringspartiet har skifta linje der også, dei som i si tid brukte slagordet «Forskjellen på politikk er FrP», mens ungdomsbanden deira ga ut brosjyren «Mobb en politiker». Det var for øvrig året etter at Siv Jensen hadde meldt seg til teneste i partiet.  

SCHEEL-UTVALET har levert ei innstilling av, med og for økonomar, og som derfor er utan sjel for folk flest i hus og heim. Det var så alvorlig at då dette skulle debatterast i NRK, måtte dei kalla inn Aslak Borgersrud frå Gatas Parlament med flippover for å klara opp. Økonomar flest, og særlig dei som er sosialisert i Finansdepartementets heilage ande, meiner som kjent at politisk fornuft er ein uheldig eksternalitet som forulempar deira teoretiske modellar av det ideelle.  

SEGWAY-REGJERINGA er skuffa over folket. Nå ser dei fram til at Vladimir Putin fører litt varmare krig i Ukraina og at Jens Stoltenberg i NATO manar til opprusting, for krig og rykte om krig plar styrka sittande regjeringar. Oljeprisfallet kan også hjelpa. Hårde tider skal vi døyve. Det som er dårlig for Norge, er godt for resten av verden. Og kanskje for regjeringas omdøme. 

Utforsk andre nettsteder fra Aller Media
Kode24 - nettavis om utvikling og koding Elbil24.no -  nyheter om elbil KK.no - Mote, interiør, og tips Sol.no - De viktigste nyheter fra nettsider i Norge Vi.no - Quiz, kryssord og nyttig informasjon Dinside.no - teknologi, økonomi og tester Se og Hør - Kjendis og underholdning Lommelegen.no - helse, symptomer og behandling