BREITT FORLIK: Stikkordet er "nærpoliti" om politireformen i George Orwells ånd. Foto: NTB Scanpix
BREITT FORLIK: Stikkordet er "nærpoliti" om politireformen i George Orwells ånd. Foto: NTB ScanpixVis mer

Skeptisk til klimaet

Det siste du skal se er et ansikt av kjærlighet.

Kommentar

DENNE VEKA er det inngått eit breitt forlik om politireform i mildt politisk klima. Dei kan sin George Orwell i departement og justiskomité, så kompromisset er formulert i nytale. Stikkordet er «nærpoliti», og det skal ein få ved å sentralisera distrikta og fjerna lensmennene der folk bur. Dessutan er det vedtatt at kultur og haldningar i politiet skal bli betre, og då blir det nok sånn. Det er like logisk som at Bent Høie vil redusera alkoholforbruket ved å auka tilgjengeligheta. Og like retorisk transparent som når Kristelig Folkeparti angrip Høgres prøveballong Kristin Vinje for å villa redusera valfridomen i familiepolitikken.

JENS STOLTENBERG har vore på sitt første statsbesøk i Norge som sjefstiggar og generalsekretær i NATO. Sånne norgesvenner med bekymringsmeldingar er dyre i drift, for We are the world. Denne visitten kan kosta 17 milliardar i året.

FROLAND er sett på kartet igjen. Minner fra Lille lørdag får ein til å sanna at verken rifla påmmfri på rutebilstasjonen i Arendal eller alt anna var betre før, då Harald Eia var yngre. Det gjekk heller ikkje så greitt då Froland skulle markera seg musikalsk, men Ketil Bjørnstad og Ole Paus har på meisterlig vis redda stumpane av innlandets ære med Frolandia. Froland får i tillegg 200 fengselsplassar som plaster på såret. I eit kompromiss i justiskomiteen sikra også Kjell Ingolf Ropstad (KrF, Aust-Agder, fødd eit år etter 1984) ein avleggar på Evje, der faren er ordførar og treng arbeidsplassar etter at militæret svikta Evjemoen. Og syklisten Nils Christie er henfaren. Eg minnest tittelen på gjennombrotsromanen til Eivind Hofstad Evjemo, ein av dei unge, levande i norsk litteratur: «Det siste du skal se er et ansikt av kjærlighet».

MINE SYNDER har forfølgd meg i to gonger sju dagar, og det er fare for at det endar med sju gonger sju og ei nedrig arvesynd. Men eg gjer eit siste forsøk, etter å ha blitt leia inn på den smale sti av ein veldokumentert og løpande seminarist: Det var på landsmøtet i Tønsberg i april 1981 at Kjell Bondevik åtvara Kristelig Folkeparti mot å «selja vår førstefødselsrett for å koma med i ei regjering», in casu Kåre Willochs. To år seinare hadde gamle Bondevik togna i offentligheta, og han døydde 22. desember 1983. Då hadde brorsonen, Kjell Magne Bondevik, arva hans gamle post som kyrkje- og undervisningsminister — i Willochs sjølbestemt-abort-regjering.

MOSEBOKAS LIGNELSE var tidligaret brukt med profetisk tyngde av historieprofessor og seinare partiformann Jac. S. Worm-Müller på møtet i Venstres stortingsgruppe 10. september 1940. Temaet var å suspendera Kong Haakon og avsetta regjeringa til Johan Nygaardsvold i London. Ved prøverøystingar var det fleirtal for i alle stortingsgruppene. Då mælte Worm-Müller: «Vi selger vort land for en ret linser hvis vi stemmer for det. Alt det vi nu trues med, skjer jo allikevel hver dag. Det er en illusjon å tro at vi opnår noget. Vi kamuflerer bare tyskerne».

GOD SOMMAR, om eller når den måtte koma. Så langt har det vore våtare, villare og kaldare. Kanskje er klimaskeptikarane i Fremskrittspartiet i ferd med å vinna sin største siger i regjeringsposisjon?

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen! Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukas viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag.