FELLESSTART: Kronprins Haakon sammen med Lisa Cooper og Briame Diouf ved VM-paviljongen i forbindelse med prosjektet "Fellesstart" som har som mål å få med 10% flerkulturelle blant de frivillige til VM på ski i Holmenkollen 2011. Foto: Cornelius Poppe / Scanpix
FELLESSTART: Kronprins Haakon sammen med Lisa Cooper og Briame Diouf ved VM-paviljongen i forbindelse med prosjektet "Fellesstart" som har som mål å få med 10% flerkulturelle blant de frivillige til VM på ski i Holmenkollen 2011. Foto: Cornelius Poppe / ScanpixVis mer

Skiferdigheter som vilkår for statsborgerskap

Dersom ein har urealistiske ambisjonar, kan eit godt resultat framstå som eit nederlag. Sjøl om noen brøyter løype, er det ikkje alltid at andre følgjer etter i sporet.

MED KRONPRINSEN i spissen og Abid Raja som talsmann gjekk arrangøren av ski-VM høgt på banen. Dei lanserte prosjektet «Fellesstart» der målet var at 10 prosent av dei vel 2000 frivillige skulle ha ein annan bakgrunn enn etnisk norsk. Allment skulle frivillighetskorpset bli meir representativt for innbyggarane i verdens vinterhovudstad, også aldersmessig og sosialt. Alle skal med. Nikkersadelen & co skulle supplerast av symbolske grunnar, men også for å kunna rekruttera mange nok og dyktige nok til frivillig innsats.

Slik talar ein framtidig konge for folk flest i eit land der «dugnad» er kåra til nasjonalaktivitet, og der Dronninga får med seg Kongen på fleire frivillighetssentralar enn kunstutstillingar.

SLIK TALAR OGSÅ ein framtidig konge i eit kvitt vintermonarki som er i ferd med å bli eit fleirkulturelt og multietnisk samfunn. Kronprinsen er sjøl tredje generasjons innvandrar ettersom bestefar Olav var fødd i utlandet av

to utanlandske foreldre og døypt Alexander Edward Christian Frederik. Etter at oldefaren var krona i Nidaros, krona han seg sjøl med skilue, for skiløping var vegen til folkets hjerte. Og Fridtjof Nansen tok på seg oppgava med å få den engelske Maud til å underlegga seg og konvertera til ski-evangeliet. Ho fekk anlagt ridesti frå Slottet til Kongsgården på Bygdøy, ho rei mye oftare enn ho gjekk på ski, og garderoben var full av midjesmale kjolar, men det er i skiutstyr ho er avbilda i den nasjonale ikonografien.

Artikkelen fortsetter under annonsen

DET ER TYPISK NORSK å gå på ski; ein blir norsk av å gå på ski; ein må gå på ski for å vera norsk. Så seier den nasjonale naturmyten. Men ein må også vera ganske norsk først for å kunna nyta noe såpass spesielt og eksotisk som å gå på bortoverski, for å bli glad i kulde og snø, grillpølser, Kvikklunsj og hardfrosne brødskiver med geitost.

Det er det som gjer inkludering av nye landsmenn i nasjonalidretten så vanskelig. Som kulturell pakke er den norske skikulturen sterkt normativ. Derfor er den meir ekskluderande enn integrerande i eit fleiretnisk samfunn der stadig færre er fødde med ski på beina. Det er både ein nostalgisk tvangstanke og ein assimilatorisk utopi at innvandrarar med andre kulturbakgrunnar og livsprosjekt skal gå seg inn i det norske på ski.

Og korfor skulle dei det? Det er andre arenaer som er meir globale og byr på større muligheter til suksess, både i arbeidsliv, kultur og sport. Stella Mwangi satsa rimeligvis på Grand Prix og ikkje Tour de ski. Moa, Mos, Fellah og Singh er ikkje landslaget i langrennsstafett.

MØRKHUDINGAR i skiløypene er ikkje ein like stor begivenhet som ein neger på Ål stasjon på 70-talet, men dei har meldt seg inn i den norske skikulturen på individuelt grunnlag. Uansett skiferdighet synest vi norskingar det er beundringsverdig, men blant deira eigne er det meir undring enn beundring. Bak deira rygg kan dei bli sett på som kokosnøtter på ski: Brune utanpå, men kvite inni. «Har du blitt norsk?» Det var bar-kommentaren frå andre kenyanarar til den skigale Frederick Makosir i Migrapolis. Om dei skulle mosjonera, ville dei velja afrikansk dans på det veltempererte Sats.

SHABANA REHMAN let seg avbilda på hytte-utedoen med kroppsmaling i norske fargar. Det var ei like sterk markering som mulla-løftet. Ho fullførte utmeldinga av eigen kulturbakgrunn på scenen ved å gå på ski over Grønland.

Då var ho blitt så norsk at hennar eigne ikkje ville kjennast ved henne. I magasinet Levende Historie anbefalar ho å droppa kunnskapstest og erklæring om lojalitet til kongeriket for å bli norsk statsborgar. Alternativet er norskkurs på obligatorisk skiseminar.

SHAHZAD RANA var den første pakistanar i Birken. Han gjennomførte på 6,30, utan merke, men blei lagt merke til for sitt triple handikapp: Fødd i Karachi, oppvaksen i Sandnes, ingen i familien hadde noen gong gått på ski og lo seg skakke av han. Men han er ein nyskapar som tar utfordringen. Dessutan er han gründer i IT-bransjen der det er eit mål på suksess å paradera på sportssidene i Dagens Næringsliv med treningstips og dyrt pulver under skia. Nå er han belønna for sin individuelle innsats med ukvotert og sikker plass på Høgres liste ved kommunevalet i Oslo.

SKI-VM ER FOLKEFEST og idrettstevlingar, men utan dei frivilliges formidable innsats går det ikkje. Mange av dei er ekstremt ski-interesserte, men ville ha fått med seg meir av konkurransane frå TV-stolen. Å vera til stades der det skjer, den sosiale opplevelsen og den altruistiske gleda ved å gjera ein innsats, er viktige tilleggskvalitetar.

Noen er nybegynnarar, men dei fleste har rikelig erfaring frå å jobba dugnad i lag og foreningar, eller på andre idretts- og kulturarrangement. Frivillighet er ikkje alltid like frivillig. Du stiller opp fordi det er ein verdi i ditt miljø

å gjera slikt for gode formålets skuld, og fordi laget ditt ventar og krev det av deg. Dei som ikkje stiller, kjenner eit stikk av dårlig samvit.

DUGNADEN står ikkje like sterkt mellom innvandrarar. Det har med tradisjon og kulturelle kodar og tid og råd å gjera. Folk i minoritetsmiljø kan jobba like mye ubetalt og frivillig som norskingane i majoriteten, men dei gjer det for si etniske gruppe eller menighet og ikkje for allmenne, gode formål.

Vinter og kulde og skisport drar heller ikkje; i motsetning til den norske skipakka med nærhet mellom eiga skigåing, elitens mesterskap, tilskueri, dugnad og kunnskap om kor ein var då Brå brakk staven. Spesielt interesserte ikkje-norskingar går den same løypa, men for dei som ikkje er sosialisert inn i galskapen, er skiløypa eit blindspor til frivillighet under ski-VM, både for innvandrarar og analfabetiske innfødde.

PROSJEKTET FELLESSTART har derfor rekruttert ut frå at ein ikkje treng å ha noe forhold til ski for å vera frivillig. Ein kan vera likegyldig eller beint fram hata sport, for ein stor del av dei frivillige skal vera vertskap, servera mat, informera, driva datasystem og kjøra bil. Derfor er språkkunnskap og førarkort viktigare enn kjennskap til skistavar og blå ekstra.

Belønninga er å få vera med på ein mega-begivenhet, eit slags once-in-a-lifetime. Og så kan ein knytta kontaktar, bygga nettverk og få det på CV-en, noe som kan gje god uttelling for ein arbeidssøkar med vanskelig namn som møter ein personalsjef som er Birkebeinar.

Frivillighet er inne i ei glidande forvandling frå kollektive forpliktelsar til individuelle prosjekt: What's in it for me?

MED STATISTISK MASSASJE kan VM-arrangøren koma opp i over 10 prosent fleirkulturelle. Då reknar dei inn amerikanarar, svenskar, tyskarar, polakkar og resten av EØS. Og så må ein ta høgde for at det er vanskelig å plassera adopterte, inngifta og mørkhuda norske statsborgarar med framandklingande namn. Dagsrevyen har kome fram til at tre prosent av dei frivillige skil seg ut som ikkje-kvite. Det er langt mellom hijabane, og det har ikkje blitt eit must å vera frivillig i ski-VM blant pakistanske taxisjåførar og somaliske husmødrer.

Fordi lista blei lagt så høgt og uklart, kan det kan fortona seg som eit nederlag, men er det ikkje, sjøl om det er få mørkhudingar i det kvite folkehavet. VM-arrangøren har gjort ein formidabel innsats for å utvida frivillighetskorpset både kvantitativt og kvalitativt. Det er ikkje lenger nok med livsvarig medlemskap i Skiforeningen som dåpsgave.

FOR NYE LANDSMENN er det ikkje skiløping som fører til frivillighet, men det kan kanskje bli omvendt? Det er i så fall ei like dryg 5-mil som den klassiske sløyfa over Glåmene. For det er jo ikkje sikkert at andre vil følgja etter i sporet sjøl om noen har gått først og brøyta opp løypa.