Skisse for eit framtidsretta sosialdemokrati

I ei tid då utfordringane er mange og nyliberalismen stadig står sterkt, treng vi ein fornya debatt om sosialdemokratisk politikk i det 21. hundreåret, skriv Gunnar Skirbekk i anledning Arbeiderpartiets landsmøte, som opnar i dag.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

SOSIALDEMOKRATIET STÅR I kontrast til nyliberalisme og New Public Management (NPM), der alle institusjonar blir søkt forma etter same leist: deregulering, privatisering, marknadsutsetjing. Ein slik eindimensjonal politikk utgjer ei forenkling av det institusjonelle mangfaldet som trengst i moderne samfunn. NPM fører til ei svekking av det demokratisk-politiske systemet med omsyn til politikarrolla og rolla som samfunnsborgar, til fordel for forbrukarrolla (jf t.d. Christensen/Lægreid, «New Public Management: Puzzles of Democracy and the Influence of Citizens», The Journal of Political Philosophy 2002). Sosialdemokratisk politikk står i kontrast til forenklingane i NPM og nyliberalismen. Sosialdemokratiet vil styrke det demokratisk-politiske systemet; det vil sikre institusjonelt mangfald og gå imot einsidig deregulering og marknadstilpassing. Det vil styrke den institusjonelle eigenart på ulike felt ved at det offentlege går inn, rettsleg og økonomisk, evt. ved statleg eigarskap - ikkje berre overfor helse- og sosialvesen og for utdanning og forsking, men også for infrastruktur og hjørnesteinsbedrifter, inklusive nasjonale ressursar som olje og fossefall.På denne måten blir den politiske verktøykassa fyldigare. Og den enkelte får fleire arenaer for livsutfalding og større innverknad som samfunnsborgar.

NATOS STRATEGI OM «preemptive strike» fører lett til overbelastning med omsyn til dei ulike typar kunnskap og kompetanse som trengst når ein vil gå inn i eit framandt konfliktområde for å opprette eit fredeleg, demokratisk og berekraftig samfunn. Her krevst meir enn tradisjonell militær kompetanse. Det trengst også samfunnsvitskapleg og kulturell kompetanse, forutan eit godt politisk skjønn om korleis ein bør gå fram og om når og korleis ein bør komme seg ut igjen. Med den nye NATO-strategien er det stor fare for fatale forenklingar. Ein sosialdemokratisk utanrikspolitikk vil ha eit klart fokus på faren for slike forenklingar.Tilsvarande er det fare for skadelege forenklingar dersom ein set inn bistandspolitikk og humanitære hjelpetiltak i samfunn med mangelfulle rettslege og politiske institusjonar. Innføring av formelt fleirtalsval er nødvendig, men ikkje nok; mange sosiokulturelle og materielle vilkår må på plass før ein kan få til eit fungerande demokrati. Sosialdemokratiet søker å unngå slike forenklingar i utanrikspolitikken, i kontrast til einsidige og kortsynte haukar i forsvarspolitikken og i kontrast til einsidige og kortsynte duer i bistands- og utviklingspolitikken.

FRIDOM ER IKKJE BERRE eit spørsmål om valfridom på marknaden. For det første blir vi raskt overbelasta av dei mange tilbod på forskjellige marknader (jf Tranøy «Markedets makt over sinnene »). Dessutan er andre val viktigare for oss enn dei val vi gjer som konsumentar; det gjeld t.d. spørsmålet om kva slag miljø og institusjonar vi vil forhalde oss til og kva slags menneske vi ønskjer å vere. Fridom må knytast til spørsmålet om personleg autonomi, ikkje som eit gitt faktum, men som pågåande prosjekt som krev eigeninnsats av den enkelte og tilrettelegging frå samfunnet si side. Autonomi kan krenkast og gå tapt; autonomi må stadig vernast og utviklast. Dei rettslege rammene som rettsstaten gir, er her avgjerande. Det same gjeld allmenn velferdspolitikk og økonomisk omfordeling. Men i siste instans må den enkelte sjølv ta ansvar for sitt liv og sine handlingar. Sosialdemokratiet har eit realistisk menneskesyn. Ein går ikkje ut frå autonomi og fridom som gitte fakta. Men ein går ut frå at folk jamtover kan ta vare på seg sjølve og at dei i utgangspunktet ikkje bør behandlast som klientar. Sosialdemokratiet distanserer seg både frå forenklingane i det nyliberalistiske fridomsbegrepet der ein går ut frå at alle i grunnen er autonome og veit sitt eige beste, og frå forenklingane i årsaksforklarande holdningar og klientiserande ordningar der ein ser bort frå at kvar og ein har eit ansvar for sitt eige liv. Dette har implikasjonar for sosial- og skulepolitikken, og for innvandringspolitikken: Samfunnet bør legge vilkåra til rette, men også stille krav om eigeninnsats. Likeverdig anerkjenning forutset at vi behandlar kvarandre som autonome personar og held kvarandre ansvarlege for det vi seier og gjer.

KULTUR ER IKKJE PRIMÆRT eit spørsmål om konsum og underhaldning eller om arbeidsplassar for kunstnarar. Kultur gjeld spørsmålet om kven vi er, dvs. om meiningskodar, verdiar og identitet. Kultur heng saman med kollektive erfaringar. Og kultur kan styrkast ved politiske tiltak av ymse slag - frå skule og utdanning og medie- og familiepolitikk, til distriktspolitikk og byplanlegging, og til arbeidsliv og sosialpolitikk. Kultur blir overførd, men må likevel tileignast av den enkelte. Og kultur kan omtolkast og fornyast, kritiserast og forsvarast. I dag er påverknaden frå engelskspråkleg kultur klart dominerande. For små nasjonar er dette er ei utfordring: Det krevst tiltak til vern om eigen kultur, t.d. språket, og tiltak for å dempe påverknaden frå den dominerande part. Små nasjonar kan ikkje sikre kulturell og intellektuell kvalitet ved marknaden aleine. Politiske tiltak må til for å sikre ein rimeleg grad av kulturell og intellektuell kvalitet. Det gjeld ikkje berre for kunst, men også for utdanning og forsking, og for kvalitetsorienterte media og offentleg meiningsutveksling meir allment.Kulturpolitikk er derfor viktig for sosialdemokratiet. Det er viktig som forpliktande verdi. Men det er også viktig fordi eit fredeleg samfunn med allmenne velferdsordningar og aktiv fordelingspolitikk neppe kan fungere utan ein viss grad av felles kultur: I tillegg til behovet for toleranse er det også behov for solidaritet. Og solidaritet kan ikkje skapast ved politiske vedtak eller appell til høgverdige ideal. Utan felles erfaringar i form av tillitsskapande læringsprosessar får vi ingen berekraftig solidaritet. Kortsynt politikk kan undergrave det som finst av solidaritet i eit samfunn; ein framsynt politikk kan odle og verne det.

SOLIDARITET ER EIN grunnleggande verdi. Det gjeld ikkje minst solidaritet for dei svakaste. Men i vår tid kan ikkje solidariteten avgrensast til oss som lever i dag. Det vi gjer har konsekvensar for generasjonar etter oss. Derfor må solidariteten også gjelde dei. Ein ansvarleg sosialdemokratisk politikk tar derfor omsyn til miljøutfordringane på ein forpliktande måte. Vi kan ikkje ture fram som vi gjer no: Det er ei grunnleggande målsetjing for sosialdemokratiet at vi etter beste evne prøver å møte miljøutfordringane med effektive og langsiktige tiltak i solidaritet med dei som kjem etter oss.

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer