Skittkasting på norsk

I dag åpner Stortinget for politisk TV-reklame.

I DAG VEDTEK

Stortinget å opne for politisk TV-reklame. Mange har peika på at det kan opne for meir negativ valkamp - skitkasting på godt norsk. Sjølv om vi er milevis unna amerikansk valkamp i Noreg, har vi fått meir av det deis siste åra. Reklame på TV vil vere ein effektiv kanal for å spreie den negative bodskapen. Kva kan vi gjere for å hindre denne utviklinga?

George Bush vart i 1988 vald til amerikansk President med klår margin. Dette skjedde etter ein valkamp prega av ein tung og langvarig kampanje retta mot motkandidaten Michael Dukakis - som lenge leia på meiningsmålingane. Den lange kampanjen mot Dukakis kom i stand etter det som ofte vert karakterisert som eit stor «gjennombrot» i kampanjestrategi. I staden for å føre ein positiv kampanje som heilt mot slutten gikk over i nokre harde angrep på motkandidaten, stilte ein av Bush sine rådgjevarar det forløysande spørsmålet «Why don,t we go negative early?» Som sagt så gjort, og ein halvt år lang kampanje med knallhardt (og tidvis grovt usant) skyts mot motstandaren vart innleia. Denne presidentvalkampen er sidan blitt eit skrekkscenario for alle som er opptekne av å ha eit demokrati som opplyser veljarane. «Negative campaigning» er blitt viktig for alle som vil vinne val i USA.

EIT MYKJE

omtala døme frå årets amerikanske valkamp står ei gruppe som kallar seg «Swift Boat Veterans for Truth» - ei uavhengig gruppe som like fullt har sterke band til folk rundt Bush-administrasjonen. Gruppa har starta ein kampanje der dei kjem med påstandar om at John Kerry lyg om tenesta si i Vietnam. Påstandane vekker enorm oppsikt, og tvingar John Kerry til å svare. Dei set dagsorden. I staden for at Irak eller økonomien er hovudtema, handlar den ein månad om John Kerry verkeleg var krigshelt eller ikkje. Dessutan vert det sådd tvil om Kerry verkeleg er ein krigshelt.

Kvifor er dette fenomenet problematisk? Vel, for det første er det godt dokumentert at det reduserer valdeltakinga. Dette er ein strategi som går ut på å hindre at folk stemmer på motstandaren (og heller sit heime). Det er vel kjent at den som driv slik valkamp kan bli ramma sjølv, men ein kan ramme motstandaren hardare. For det andre tyder alt på at velgjarane misliker denne typen politisk debatt sterkt. Den fører til at dei misser tiltru til politikken og politikarar. Likevel verkar det ofte. Ikkje fordi velgjarane likar at politikarar kastar skit på kvarandre, men fordi ein kan sette dagsorden og spreie nok tvil om ein kandidat eller eit parti til at færre stemmer på dei.

NORSK VALKAMP

er langt unna slike tilstandar, men vi går i den same retninga. Under forrige valkamp sette Høgre i Oslo ein uoffisiell norsk rekord i «negative campaigning». Dyre boards- og avisannonser som fokuserte på kva som var ille med «sosialistene» vart følgd opp av feilaktige påstandar om SVs og Aps politikk på eigedomsskatt. Høgre visste sjølvsagt at dette var det som skulle til for å skape tvil om påstandane likevel var riktige. I samme valkamp kunne Dagbladet avsløre at Høgre tok kontakt med sin lokalorganisasjon og samla inn døme på dumme forslag frå SV lokalt. Uskyldig og mest til å le av, men ikkje akkurat egna til å auke nivået på den politiske debatten. Kjem vi til å sjå meir av denne sorten valkamp i åra som kjem? Eg er redd for det. Den viktigaste grunnen er at vi får politisk TV-reklame. Betalt plass er den mest effektive måten å drive systematisk skitkasting på - og TV-mediet verkar sterkast. Den negative bodskapen må som oftast presenterast av ein avsendar som ikkje så lett vert assosiert med partiet eller kandidaten. Det ser rett og slett for ille ut om til dømes ein partileiar gjer det .

VI VIL NEPPE

få amerikanske tilstandar i Noreg. Vi har ikkje eit to-partisystem, det er mindre pengar i norsk politikk og det er nok mindre kultur for det i Noreg. Men det er realistisk at politisk TV-reklame kan gje ei ny omdreining i retning negativ valkamp, særleg dersom vi i åra framover får to frontar som står tydeleg mot kvarandre. Men det går an å gjere noko med det - sjølv om vi får politisk TV-reklame. Då må vi bestemme oss for at vi verkeleg vil. Fleire framlegg er lansert. Frank Aarebrot er mellom dei som har argumentert for å forby negativ reklame. Vi har i dag eit forbud mot såkalla samanliknande reklame for andre produkt. I Finland er politisk reklame tillete, men ikkje negativ reklame. Kanskje kan ein slik regel fungere, men det vil oppstå eit evig tolkingsproblem. Ein annan muligheit er å regulere eller avgrense høvet til å reklamere på TV sterkt. Dette vil sjølvsagt gjere TV-reklame mindre vanleg. Det er imidlertid eit ope spørsmål kor lenge eit strengt regime for TV-reklame vil ha legitimitet. I tillegg er sjølvsagt alle andre reklamekanalar opne for dette. Ein tredje muligheit er å begrense pengeforbruket på valkamp ved å sette eit tak for partia sin pengebruk i valkampen. Det vil tvinge parti til å legge meir vekt på aktivitet og mindre på reklame, og det vil hindre ein ny pengespiral i politikken - men det kan og skape kreative forsøk på å omgå reglane ved å opprette sideorganisasjonar som skal betale for valkampen til eit parti. Det beste med dette framlegget er likevel at det går til kjernen av problemet; at argument skal avgjere framfor pengar.

REGLAR ER

sjølvsagt ikkje nok. Partia har eit ansvar for å føre ein valkamp som opplyser veljarane, ikkje frustrerer dei. I den grad vi bryt med dette bør media slå langt tøffare ned på det enn i dag. Media bør gå meir kritisk til verks mot partia sin valkamp, og analysere strategi og verkemiddel. Medium skal gå i rette med påstandar og angrep frå politiske parti, ikkje berre referere dei. I amerikanske medium er overvaking av politisk reklame (adwatch) ein eigen sjanger. Norsk media kunne med fordel lære av dette.

Det er viktige saker og klåre politisk alternativ som gjer velgjarane engasjert, ikkje valkampreglar. Men slike reglar kan hindre ein dårlegare valkamp. Alle seier at dei ønskjer ein valkamp som er meir sakleg og informativ. Er vi viljuge til å gjere noko med det?