Skjebneval i Serbia

I morgon er det parlamentsval i Serbia. Dette er eit val som kan bli avgjerande for Kosovos framtid, for Serbias stilling i Europa og for stabiliteten i regionen, skriv Olav Akselsen.

ETTER VALET i morgon vil FNs sjefsforhandlar i Kosovo-spørsmålet, Martti Ahtisaari, legge fram sitt framlegg til løysing i spørsmålet om lausriving frå Serbia. Opphavleg skulle avgjerda om Kosovos framtid blitt avgjort i siste halvdel av 2006. Men for å unngå at Kosovo skulle bli eit endå meir sentralt tema i den serbiske valkampen strekk no prosessen ut i 2007.

I oktober i fjor heldt Serbia folkeavrøysting om ny grunnlov. Litt over halvparten av dei 53,5 prosenta som deltok, røysta for framlegget som innebar at Kosovo ikkje skulle kunne skiljast frå Serbia. Den nye grunnlova erstatta den gamle som vart vedtatt i 1990 under Slobodan Milosevic. Framlegget til ny grunnlov var på førehand samrøystes vedtatt i det serbiske parlamentet, kor det svært sjeldan blir gjort samrøystes vedtak.

Ingen parti i Serbia vil vedgå offentleg at Kosovo er tapt. Dei pro-vestlege partia fryktar at ei slik innrømming ville gitt dei eit dårlegare utgangspunkt i ein valkamp mot det ultranasjonalistiske Radikale partiet, som dei siste åra har vore det sterkaste enkeltpartiet i Serbia.

FOR SNART ÅTTE år sidan tvang NATO dei serbiske styrkane ut av Kosovo. Den serbiske provinsen har sidan 1999 blitt styrt av FN. Kosovo har i dag cirka to millionar innbyggjarar, kor av cirka 100 000 er serbarar. Arbeidsløysa er 50 prosent. Over halvparten av innbyggjarane er under 18 år, og sidan 1999 har 400 000 emigrert.

Spenninga er stor i Kosovo. 28. november i fjor kasta sinte kosovo-albanarar stein og raudmaling mot FNs hovudkontor i Pristina, hovudstaden i Kosovo, i protest mot at avgjerda om lausriving frå Serbia vart utsett. Blir avgjerda utsett ytterlegare vil spenninga auke tilsvarande.

Truleg vil Ahtisaaris løysing gi Kosovo ei «førebels sjølvstende». Kosovo kan få eige flagg, nasjonalsong og parlament. Men den militære kontrollen vil i lang tid framover bli dominert av NATO-styrkar. Det er nødvendig å gi kosovo-albanarane tryggleik mot serbiske angrep. Og det er nødvendig å sikre serbarane i Kosovo. Ansvaret for den sivile administrasjonen vil truleg bli overført frå FNs administrasjon i Kosovo, UNMIK, til EU.

DETTE ER I så fall ein «Bosnia-modell» kor administrasjonen gradvis skal overførast til lokale styresmakter parallelt med at den serbiske minoriteten blir innlemma. EU har fleire gonger gjentatt at ein ikkje må føreslå ein uklar modell som opnar for tolkingar. Men «førebels sjølvstende» kan halde oppe illusjonen blant serbarane om at Kosovos lausriving kan hindrast. Dermed kan trulig Serbia støtte eit slikt framlegg frå Ahtisaari.

Modellen frå Ahtisaari vil bli lagt fram for den såkalla kontaktgruppa: Russland, USA, Storbritannia, Italia, Frankrike og Tyskland. Når landa i denne gruppa, som har handtert Kosovo-spørsmålet sidan 1999, er blitt einige, blir framlegget sendt vidare til Tryggingsrådet i FN. Her vil den endelege avgjerda bli tatt.

SKJEBNEVAL: I morgon er det parlamentsval i Serbia. Dette er eit val som kan bli avgjerande for Kosovos framtid, for Serbias stilling i Europa og for stabiliteten i regionen, skriv Olav Akselsen. Foto: REUTERS
SKJEBNEVAL: I morgon er det parlamentsval i Serbia. Dette er eit val som kan bli avgjerande for Kosovos framtid, for Serbias stilling i Europa og for stabiliteten i regionen, skriv Olav Akselsen. Foto: REUTERS Vis mer

Men det er knytt stor spenning til om det eventuelt vil kome så langt. USA er positive, men Russland er skeptisk til eit uavhengig Kosovo fordi det kan etablere ein form for presedens for Tsjetsjenia og andre utbrytarrepublikkar i Kaukasus. Russland vil berre godkjenne ei løysing som Serbia godkjenner. Seinast på måndag fekk den serbiske statsministeren forsikringar frå den russiske presidenten Vladimir Putin om at Ahtisaaris framlegg til status for Kosovo ikkje vil få støtte i Tryggingsrådet - der Russland har vetorett - om forslaget ikkje er akseptabelt for Serbia.

DEN SERBISKE statsministeren Vojislav Kostunica har i eit brev til den nye FN-generalsekretæren Ban Ki-Moon framheva FN-pakta som garanter medlemslanda sin suverenitet og grenser. Statsministeren har åtvara mot at Kosovo blir sett på som eit unikt tilfelle. Han framhever at et kvart forsøk på å bryte dei grunnleggande reglane i internasjonal lov kan få store og uføreseielege konsekvensar også utanfor Balkan-regionen.

Blant anna som følgje av norsk diplomatisk innsats vart Serbia på NATO-toppmøtet før jul tatt opp i alliansen sitt «partnarskap for fred»-samarbeid. Dette er ikkje berre oppsiktsvekkande med tanke på at det var NATO som for knappe åtte år sidan bomba landet for å hindre folkemord mot albanarane i Kosovo. Det er òg oppsiktsvekkande fordi det tidlegare ikkje var aktuelt med eit partnarskap med Serbia før dei to mest ettersøkte krigsforbrytarane frå Bosnia-krigen, Ratko Mladic og Radovan Karadzic, vart utlevert til krigsforbrytardomstolen i Haag.

DEN ITALIENSKE statsminister og tidlegare EU-kommisjonsleiar Romano Prodi bad nyleg sine EU-kollegaer om at forhandlingane om ein assosieringsavtale med Serbia skulle tas opp igjen. Det var i fjor vår at EU stoppa desse forhandlingane på grunn av Serbias manglande evne eller vilje til å utlevere Mladic og Karadzic. Serbia hevdar dei samarbeider, men at dei ikkje finn dei to.

Sant eller usant, det Europa må spørje seg er om det er rett å halde eit heilt folk som gissel fordi to krigsforbrytarar ikkje blir tatt?

Spørsmålet om Kosovo er ei av dei viktigaste sakene for EU-formannslandet Tyskland. Frå nyttår vart Romania og Bulgaria EU-medlemmar. EU har no 27 medlemsland og er framleis den viktigaste drivkrafta for demokratisk utvikling i ei rekke europeiske land. Spørsmålet er når land som Kroatia, Serbia, Montenegro og Makedonia kan bli medlemmar. At desse landa blir medlemmar i EU er heilt avgjerande for den økonomiske og demokratiske utviklinga deira, og det er viktig for Europa som heilskap. Landa på Balkan må ha realistiske utsikter til å bli medlemmar av EU dersom EUs «disiplinerande kraft» for demokratisk utvikling og respekt for menneskerettar skal vere reell.

INGA SERBISK regjering vil signere ein avtale som gir Kosovo sjølvstende. Men fleire meiner at Serbia kan akseptere ei lausriving for Kosovo dersom Serbia blir kompensert med garanti om fortgang i ein euro-atlantisk integrasjon.

Eit viktig aspekt ved denne løysinga er at nabolandet Bosnia-Hercegovina vanskeleg kjem seg opp av hengemyra så lenge den bosnisk-serbiske minoriteten i «delstaten» Republika Srpska drøymer om samanslåing med Serbia. Eit EU-medlemskap for Serbia vil stenge den døra for godt, og bosnia-serbarane må då i staden ta konstruktivt del i bygginga av eit multietnisk fellesskap innanfor Bosnia-Hercegovinas grenser.

Det som vil halde demokratiinsentiva oppe på Balkan er at døra til EU er open. Dette gjeld spesielt Serbia. Eit meir imøtekomande EU vil kunne styrke dei demokratiske og progressive kreftene i landet og dermed gjere sitt til ei normalisering. Noreg må gjere sitt til at Kosovo får ein status som sjølvstendig under internasjonalt vern, og at Serbia blir bygd som eit demokratisk og moderne land. Me bør derfor be EU om å ta opp igjen forhandlingane om ein assosierings- og stabiliseringsavtale med Serbia.