KOMMENTARER

«Skogbranner blir ofte slukket for fort og dyrt»

Om hundre år er alt gjemt av granskog, skriver Andreas Hompland.

SVIDD SKOG: Forsvaret bisto i slukningarbeidet under den store skogbrannen i Froland i Aust-Agder i juni 2008. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB Scanpix
SVIDD SKOG: Forsvaret bisto i slukningarbeidet under den store skogbrannen i Froland i Aust-Agder i juni 2008. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB Scanpix Vis mer
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Interne kommentarer: Dette er en kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribentens holdning.
Publisert
Sist oppdatert

KOMMENTAR: Det lysnet i skogen, da ilte jeg frem, snart sto jeg hvor bakkestupet skrånet. Men der bråstoppa eg. Framfor meg låg ikkje den grøne og skogkledde åssida ned mot dalen, men eit overraskande og apokalyptisk syn. Det var som å springa inn i ein science fiction-film frå månens bakside, ein undergangsroman av Knut Faldbakken eller eit anna post-katastrofe-landskap. I svart-kvitt. Bakken var svart av brann og oske. Det kvite som stakk fram, var snaue steinar og fjellrabbar. Og så raga det opp noen knekte trestammar innimellom. Eg var uforvarande komen inn i eit brannfelt. Eg hadde kanskje sett røyken og lese om skogbrannen, men likevel var eg heilt uførebudd på neste kapittel.

FORSOMMAREN 1992 var ekstremt tørr og varm i Oslo-området. 26. juni begynte det å brenna i den ulendte Turteråsen ved Maridalen skole like innanfor Hønefoten parkeringsplass. Dei sløkte i fire dagar før brannen var under kontroll, men det ulma nede i grunnen, så først etter tre veker og det første sommarregnet, var brannen heilt sløkt. Då var 375 dekar fullstendig utbrent: ein tredel hogstmogen granskog og resten ungskog, hogstflater og ei urd. Etter regnet var den heilt drivkvit utan spor av liv mellom steinane. Det var i dette utbrende landskapet eg hadde hamna.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer