LÆRERPLANER: Det er lov å spørje seg kvifor dagens lærarstudentar ikkje fekk betre karakterar på vidaregåande, men før ein legg all skyld på dei, kan ein kaste eit blikk på læreplanen i norsk for eit muleg svar. Illustrasjon: Flu Hartberg
LÆRERPLANER: Det er lov å spørje seg kvifor dagens lærarstudentar ikkje fekk betre karakterar på vidaregåande, men før ein legg all skyld på dei, kan ein kaste eit blikk på læreplanen i norsk for eit muleg svar. Illustrasjon: Flu HartbergVis mer

Skule i skodde

Drep meg, herre konge, men ikkje med absurde læreplanar

Meninger

Det minste me må kunne unne oss, i dette vedunderlege landet, er lærarar som ikkje sjølv var fullstendig bortevekk som elevar. Derfor er det fint at utdanningsministeren denne veka sette som krav at ein må ha minst 4 i matematikk for å kome inn på lærarutdanninga. Det er tanken at dette kravet etter kvart òg skal gjelde dei to andre basisfaga, engelsk og norsk.

Problemet er altså berre at eit slikt karakterkrav vil sørge for at nesten ingen kjem inn på lærarstudiet, sidan snittet i for eksempel norsk frå vidaregåande blant dagens lærarstudentar er 3,82. Sjølv utlendingar er betre i norsk enn oss. Me har framleis Sanna Sarromaas flengande VG-kronikk «Det norske språkets forfall» friskt i minne, der den finske forskaren ved Høgskolen på Lillehammer hudfletta nordmenn for å vere ubehjelpelege dyslektikarar i våre patetiske forsøk på å uttrykke oss nokonlunde korrekt på skriftleg norsk.

Det er lov å spørje seg kvifor dagens lærarstudentar ikkje fekk betre karakterar på vidaregåande, men før ein legg all skyld på dei, kan ein kaste eit blikk på læreplanen i norsk for eit muleg svar. Frå august i fjor blei den nye reviderte læreplanen for norsk tatt i bruk. Det var guds lykke, for den gamle læreplanen var verkeleg ein magisk-realistisk parade av oppstylta «kompetansemål» som berre kan ha blitt formulert av folk som sjølv var så dårlege i norsk at dei ikkje ein gong fekk bli lærarar, men i staden måtte ta til takke med å bli utdanningsbyråkratar.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Her er eit lite knippe av desse måla, for å vise kva Staten kravde av ein vanleg 17-åring: «Forklare hvordan litteratur og andre kunstuttrykk i og utenfor Norge har påvirket hverandre de siste århundrene». «Drøfte sider ved norsk språkpolitikk og kulturutvikling i et globaliseringsperspektiv». «Drøfte det moderne prosjektet slik det uttrykkes i tekster av sentrale forfattere fra opplysningstiden via realismen til i dag».

Som lesaren vil forstå: å oppnå berre eitt av desse måla ville innebere eit heilt liv med fulltidsstudier. Og at heilt elementær rettskriving då nødvendigvis må forsvinne i tåka av drøfting. Og dermed får ikkje elevane meir enn 3 i norsk - og kjem seg i sin tur berre med eit naudskrik inn på lærarstudiet - før dei altså skal ut i skulen og styre elevane mot dei same ubegripelege måla. Korleis i alle dagar kunne ein tillate seg å stille så utruleg høge krav til elevane - og på same tid så låge krav til dei som ville bli lærarar?

Dei aller sjukaste formuleringane blei som sagt tatt ut i fjor, men den som set av fem minutt til å kikke på dagens gjeldande læreplan i norsk - til dømes dei 27 kompetansemåla for 10. klasse av typen «beskrive samspillet mellom estetiske virkemidler i sammensatte tekster, og reflektere over hvordan vi påvirkes av lyd, språk og bilder» - vil framleis finne ei fascinerande overlessa og ambisiøs liste over pompøse krav til elevane. Ein utlending som fekk sjå dei, ville straks anta at vår nasjon er ein nasjon av geni.

Når stadig nye svulmande kompetansemål skal inn i læreplanen, må andre ting ut. For eksempel siste rest av listene med forfattarnamn ein elev i norsk skule bør ha høyrt om. Ibsen finst ikkje. Det einaste som no står i læreplanen i norsk for ungdomsskulen er at elevane skal kunne «presentere tema og uttrykksmåter i et utvalg sentrale samtidstekster og noen klassiske tekster i norsk litteratur». Det er i dag heilt opp til læraren sjølv å bestemme kva for litterære tekstar elevane skal møte i norskfaget.

Dette er litt artig, sidan Ola Harstad ved Høgskolen i Sør-Trøndelag i fjor tok seg bryet med å undersøke kva for litterær smak dagens lærarstudentar har. Bøkene som kom høgast opp på lista var Harry Potter og Snømannen av Jo Nesbø. Jo visst, Harry Potter-bøkene er gode. Men det må vel likevel gå an å påpeike det nokså opplagte, nemleg at dette er bøker mynta på *kremt* barn? Og Snømannen: ei effektiv og handverksmessig imponerande bok, men er ikkje lærarstudentane einige i at det er noko litt utilfredsstillande med å bla seg gjennom 450 sider med drap, berre for å oppdage at motivet var at det enkelt og greitt hadde klikka for mordaren?

Den foreløpige oppskrifta på den norske suksesskulen er altså oppstylta læreplanar og nedsnødde lærarstudentar. Men kanskje er det ingen katastrofe at morgondagens norsklærar føretrekker barnelitteratur. Det blir jo sagt at norskfaget er eit modningsfag. For eleven, rett nok, men kanskje like mykje for læraren?

Det komande karakterkravet på 4 i norsk og engelsk for lærarstudentar vil altså by problem. Eller? Mangelfull rekruttering har me hatt i ei lang rekke sektorar, men me har løyst det igjen og igjen på elegant vis. For er ikkje kroppsøving og matematikk like universelle språk som kjærleik? Er ikkje historiefaget eit internasjonalt felt? Er ikkje engelsk …engelsk? Så mens me ventar på at norske lærarstudentar skal få betre karakterar - kvifor kan ikkje òg lærarbehovet dekkast med utanlandsk arbeidskraft? Då vil kanskje Ibsens «Gengangere» framleis vere pensum, og ikkje Nesbøs «Gjenferd».