Skule i utvikling

Eg meiner vi må bort frå dei tiårige skippertaka i norsk skule. Vi må heller skape ein skule i kontinuerleg utvikling.

Leiaren i Dagbladet 18. desember byggjer på ei merkeleg førestelling om at fråveret av nye og store skulereformer er det same som at skulane ikkje skal utvikle seg og bli betre. Eg meiner vi må bort frå dei tiårige skippertaka i norsk skule. Vi må heller skap ein skule i kontinuerleg utvikling. Vi må ha ein skule som stadig tek opp i seg ny kunnskap om korleis vi kan få mest mogleg læring, og som gir lærarane høve til å oppdatere seg fagleg og å sikre seg etterutdanning.

I etterkant av resultata frå nasjonale prøvar og internasjonale skuleundersøkingar har mange komme med gode forslag som Kunnskapsdepartementet vil sjå nærmare på. Sjølv har eg peikt på tre viktige område der det må komme endringar:

For det første må vi setje i verk tiltak som sikrar at alle barn i skulen lærer å lese godt. Vi må våge å seie at lesing er det viktigaste å lære. Regjeringa har allereie innført obligatoriske kartleggingsprøver i lesing, og vi innfører frå hausten 2008 to nye klokketimar i norsk på barnesteget. Vi vurderer no korleis vi best kan sikre at desse timane går til lesing.

For det andre må vi styrkje den posisjonen og den rolla læraren skal ha. Vi må sikre at vi utdannar lærarar som er betre rusta for praksis, og som har meir fagleg fordjuping. Gode skuleleiarar er viktige for å forbetre skulen. Eg vil vurdere om vi skal ha sterkare kompetansekrav for å bli rektor.

For det tredje har eg slik fleire skuleforskarar har gjort, sett eit spørsmålsteikn ved nokre av dei arbeidsformene som har etablert seg i norsk skule, og som har overlate meir ansvar til den einskilde eleven. Forskarane seier også at svært mykje av tida i klasserommet blir brukt til andre forhold enn læring. Elevane må få den hjelpa dei treng, og tida må nyttast til læring. Lærarane skal gjere det dei kan best: å undervise. Elevane skal gjere det dei har bruk for: å lære.

Dette er berre nokre av svara på kva som kan medverke til å gjere skulen betre. Her har vi også nokre av svara på den utfordringa som Dagbladet tek opp i leiaren sin: At innvandrarelevar i Noreg gjer det dårlegare enn tilsvarande grupper i andre land. Dette er ein situasjon vi ikkje kan akseptere. Alle elevar skal ha lik tilgang til å lære. Men dei forbetringane av norsk skule som vi ønskjer, kan gjennomførast utan at det skjer gjennom ei stor, ny skulereform. Eller kanskje enda meir presist: Vi kan nå resultata raskare ved å konsentrere oss om konkrete forbetringar framfor å utsetje lærarar og elevar for enda eit skippertak.