Skuleflinke jenter

Problemet er at gutar frå såkalla lågare sosiale lag droppar ut av skulen.

UTDANNING: Lærar ved Dalane vg skule, Leif Tore Sædberg, tek opp att ein debatt som gjekk i Dagbladet for eit halvt år sidan, når han stiller spørsmålet, «Kva er gale med at jentene er flinkast?» Nei, det er ikkje noko gale med det, og det er vel heller ikkje det debatten har handla om. Tvert i mot er det viktig at situasjonen er snudd frå den tida då mange jenter, av ulike grunnar, ikkje fekk høve til å utnytte evnene sine.

Men problemet er noko heilt anna, som det ikkje synes som Sædberg har fått med seg. Problemet er det mange omfattande studiar (m.a. frå NIFU Step og SSB) har synt dei siste åra, at kanskje så mange som ti tusen eller fleire unge i kvart årskull berre droppar ut av den vidaregåande skulen, særleg gutar frå såkalla lågare sosiale lag. Det er her ein må stille kritiske spørsmål ved reformane i skuleverket, og om det har resultert i ein for eindimensjonal skule, med for einsidige teoretiske læringsmiljø – der gutar (og jenter) med meir praktiske interesser fell av eller misser motivasjonen. Det kan skape ein dårleg start for mange tusen unge og også eit tap for samfunnet, at evneressursen ikkje blir utnytta betre. Det trengst med andre ord meir varierte læringsmiljø.

Sædberg skriv at eg ikkje seier noko om at også jentene kan bli provoserte eller tape på einsidige læringsmiljø. Hadde han teke seg tid til å lese hadde han sett at eg i mitt innlegg (Dagbladet 5. mars) også var opptatt av jenter som gav opp skulegang fordi dei reagerte på maskuline læringsmiljø.

Skuleflinke jenter