Skulen og den nære framtida

I Dagbladet 2.4.98 har Tor Vidar Eilertsen og Odd Voldemo eit tilsvar til ein kronikk eg hadde i same avis 19.1.98.

Hovudpunktet deira er at eg ikkje skriv om situasjonen i dag, diagnosen min passar ikkje på den vidaregåande skulen slik den er, for der er så mykje anna enn det eg tok opp. Dei burde kanskje heller ha konsentrert seg om det eg faktisk hadde som emne.

  • Dette var viktige punkt i kronikken min: (a)Situasjonen i den vidaregåande skulen er prega av ulike tendensar. (b)Ein av desse er ekstremt teknokratisk. (c)Det gjeld å bygge ned den teknokratiske tendensen og den «nytalen» som høyrer med.
  • Dersom opponentane mine hadde lagt vekt på kva eg skreiv, måtte dei ha tatt stilling til det følgjande: Stemmer det eller stemmer det ikkje at læreplanane og/eller styringsdokumenta som gjeld den vidaregåande skulen, er utforma i samsvar med grunnprinsippa i utdanningsteknologien? Dersom JA, risikerer vi å få eit utdanningsteknologisk system som omfattar den vidaregåande skulen i heile Norge. Det betyr at lærarane vil bli degraderte til opplæringsteknikarar utan sjanse til å endre situasjonen dei er komne i. Dette var hovudtesen min.
  • Vi risikerer å få det, men vi har det ikkje enno. Ikkje i fullt omfang. Det viktigaste er likevel at det ikkje er for seint å snu. Enno er ikkje alt håp ute.
  • Departementet kan for eksempel straks avskaffe dei såkalla styringsdokumenta og slutte med å bruke termen lærebedrift om skulen. Det kan slutte å operere med læreplanar og i staden snakke om fagplanar slik som før. Deretter kan alle legge til side det skrivet dåverande minister Gudmund Hernes sende til dei vidaregåande skulane i 1995. Og så er denne faren over.