Barnehage og skule: Det er viktig å leggje til rette for ei god utvikling for barna frå starten av, skriv Jonas Skrettingland. Foto: Privat.
Barnehage og skule: Det er viktig å leggje til rette for ei god utvikling for barna frå starten av, skriv Jonas Skrettingland. Foto: Privat.Vis mer

Skuleresultata i Hå er godt under snittet i Rogaland

Hå nyttar mindre pengar per elev enn dei andre jærkommunane, og ein god del mindre enn snittet for landskommunar.

Meninger

Kommunebarometeret rangerar kommunane i forhold til kvarandre. Hå kommune vert høgt rangert på mange område. Næringsliv har gode vilkår og kommunen har generelt god økonomi, sjølv om inntektene ikkje er spesielt høge. Innanfor opplæring og kultur har kommunen gode vilkår for kulturen, særleg har kommunen eit godt samarbeid med idrettslag når det gjeld tilbod for idrett.

Sjølv om rangeringa på barometeret i seg sjølv ikkje er ei kvalitetsvurdering, kan KrF umogeleg seia seg nøgd med vurderinga kommunebarometeret viser av kommunen sine tilbod innan skule og barnehage. Skule er rangert midt på treet, og skuleresultata i Hå er godt under snittet i Rogaland. Andelen elevar som treng spesialundervisning er aukande. Det har lenge vore snakka om tidleg innsats, men ressurssituasjonen gjev ikkje skulen handlingsrom, og stadig meir økonomi vert knytt opp til spesialundervisning for einskildelevar.

Erfaring frå andre kommunar viser at satsing på auka lærartettleik på dei lågaste klassetrinna gjev positive resultat når det gjeld tilpassa undervisning og behov for spesialundervisning. Hå nyttar mindre pengar per elev enn dei andre jærkommunane, og ein god del mindre enn snittet for landskommunar. KrF vil auka lærartettleiken, særleg på 1. - 4. klassetrinn. Barna er framtida.

Vidare er Hå kommune rangert nesten på botnen når det gjeld barnehagar. Dette skuldast mellom anna kvaliteten på uteområda og at andelen tilsette med fagutdanning er låg. KrF vil løyva meir pengar for å å gje fagutdanning til dei som arbeider i barnehagane. Vidare vil vi rusta opp uteområda slik at barna skal få så gode vilkår for leik og utvikling som mogeleg.

Det er viktig å leggje til rette for ei god utvikling for barna frå starten av. God start i barnehage og skule kan minke behovet for seinare ekstrainnsats. Barna må få utvikle dei ressursane dei har, slik at dei vert gode samfunnsborgarar.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook