STRENGE KRAV: NOAH meiner dette er voldelig galskap. Men det er strenge krav til slakting av husdyr, skriv artikkelforfattaren. Foto: Per A. Sleipnes / Bladet 

Kjøttbransjen
STRENGE KRAV: NOAH meiner dette er voldelig galskap. Men det er strenge krav til slakting av husdyr, skriv artikkelforfattaren. Foto: Per A. Sleipnes / Bladet KjøttbransjenVis mer

Debatt: Slakt

«Slakt er voldelig galskap»

Rein hersketeknikk frå NOAHs side.

Meninger

Siri Martinsen i NOAH – for dyrs rettigheter meiner i Dagbladet 30. oktober at underteikna tyr til stygge ord, i mangel på gode argumenter i min kronikk 24. oktober. Gode argumenter er det nok av, men det var korrekt nok døme på stygge ord, med god grunn:

BONDE: Sigbjørn Kirkebøen.
BONDE: Sigbjørn Kirkebøen. Vis mer

«Slakt er voldelig galskap» er ikkje berre stygt, det er avskyeleg. Men det er altså henta frå NOAH sine eigne nettsider, om det heilt naturlege som skjer når husdyr som har levd gode liv rundt om på norske gardar blir avliva for å bli mat for den overveldande del av den norske befolkninga.

Forskriftsmessig human avliving av husdyr meiner NOAH er «drap og frihetsberøvelse av levende skapninger», og vidare: «som veganer redder du hundrevis av medskapninger i løpet av ditt liv». Slike haldningar er utvilsamt både ekstreme og fanatiske.

Det er rein hersketeknikk når Martinsen går til personåttak på underteikna for bruk av stygge karakteristikkar. Det er absurd og ufint slik ho snur ting på hovudet, og prøver å kneble stemmer som kjem med sanningar om kva NOAH står for.

«Det er rett og slett ikke sant at NOAH vil oppnå en hatstemning mot bønder», skriv Martinsen, men gjennom fakkeltogas massesuggesjon, og spreiing av usanningar og propaganda gjennom sosiale medier, er verkelegheita noko heilt anna: Bønder blir av NOAH-sympatisører uthengde som dyremishandlarar og mottek trugande og hatfulle meldingar, og born av foreldre som driv med pelsdyr blir mobba.

At Noah bryr seg om katter og hundar som har uansvarlege eigarar er veldig bra, men dobbeltmoralen til NOAH kjem så altfor godt til syne når dei er meir opptekne av at ein ulv kan lide under ulvejakt, enn når hundrevis av sauer på beite opplever store lidingar av den same ulven.

Innan norsk husdyrhald er dei aller fleste ansvarlege gardbrukarar som steller sine dyr ut av kunnskap og omtanke for gardsdyra. Gjennom uminnelege tider har betydinga av dette for levande bygder, og mat og klede som gardsdyra har gjeve oss, vore ubeskriveleg stor. Med NOAH sine visjonar, med absolutt vegansk livssyn og leveveg, og at rovdyra skal ta over naturen, blir dette slutt.

Friviljuge lag og foreningar som er ungdomsretta eller knytt opp mot positive tiltak i landbruket fortjener i høgste grad statleg støtte. NOAH og liknande fanatiske «dyrevern»-grupperingar bør aldri igjen bli tildelt slik støtte.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook