Slår eit slag for driten

I nytt magasin.

(Dagbladet.no): Her ein kveld var eg sliten og grå. Så opna eg magasinet Kraftsentrum, dei unge nynorsk- og bergensforfattarane Gunnhild Øyehaug og Olaug Nilssen si nye kraftsalve.

Av alle ting handlar det om drit.

Brått følte eg meg gullskimrande og lystig.

Kropp og slikt

Magasinet begynner med eit manifest. «Kraftsentrum skal vere sjølvironisk,» står det mellom anna i manifestet.

Eg blar vidare, og der kjem det sanneleg ein stor drit ut av rumpa til ei jente. Eg sender ein e-post til Gunnhild Øyehaug:

- Korleis fikk de ideen til drit i litteraturen?

- Drit og kroppslegheit, gjerne ekkel kroppslegheit, er noko både Olaug og eg har likt at forfattarar har skildra i litteraturen sin og vi har til dels skildra det sjølve i litteraturen vår, svarar ho.

PAR I DRIT: Gunnhild Øyehaug og Olaug Nilssen har laga litteraturmagasin. - Vi ville gjerne at dei som leste det skulle ha det minst like morosamt som vi hadde det då vi laga det. Så om ein føler seg gullskimrande og lystig er det heilt fantastisk, seier Gunnhild Øyehaug. Foto: John Terje Pedersen / DAGBLADET Vis mer

- Vi tenkte at når vi no hadde eit tidsskrift til rådigheit, var det på tide å gje dette temaet litt meir plass.

Øyehaug og Nilssen intervjuar forfattarane Jon Øystein Flink og Øystein Vidnes om dritens plass i deira litteratur. Og dei har invitert forfattarar til å reflektere rundt beslekta tema, blant anna skriv Ragnar Hovland om det vulgære i Ragnar Hovlands romanar.

Noko av det mest morosame er når dei to redaktørane intervjuar fire forfattarar om «kroppspåminnande boktitlar»: «Kjøttsøvn» og «Sprekk», til dømes.

- Du skreiv i fjor ganske direkte om sex i novellesamlinga di «Knutar». Olaug har den grove boka si («Få meg på, for faen») no. Og så er det altså driten. Trur du jenter skriv stadig meir om grove ting?

- Vanskeleg å svare på, men eg håpar dei gjer det, og at dei ikkje reknar det som noko problem. Virginia Woolf skriv i essayet «Professions for Women» om kor vanskeleg det er for henne, som kvinne, å skildre ting som har med kroppen å gjere. Eg trur innimellom at hennar skildringar av dette problemet framleis er gjeldande. I så tilfelle er veldig bra om grenser blir pirka i, eller velta over ende, trampa på, og så køyrt over med ein svært tung veivals.

Leik

- Korleis jobbar de? Sitt dere og skriv dialoger?

- Vi sit på kjøkkenet til Olaug eller meg og kastar ball. Vi snakkar høgt, og så seier den eine: «kanskje vi kunne [forslag]» og så seier den andre: «Ja! og så kanskje vi kunne [vidareutvikling av forslag]» og så seier den første igjen: «Ja! og så kan vi [vidareutvikling av vidareutvikling av forslag]» etc. Når vi har innvendingar, innleier vi gjerne setningane med «men».

Det er eit ekte samarbeid, meiner redaktøren.

- Leiaren er det beste dømet, der vi rett og slett har fullført kvarandre sine setningar og avsnitt og bytta på å skrive.

- Eg synest at jenter leiker for lite saman. Med andre ord eit motto: «Jenter må leike mer saman!» Er Kraftsentrum eit svar til dette?

- Dei må leike saman, det er eg heilt samd i. Dei må i det heile tatt leike, også om dei er gutar. Når det gjeld Kraftsentrum: Vi er per definisjon jenter og vi synest det er bra med leik. Det har sett sitt preg på resultatet.

Peik

Magasinet handlar ikkje bare om drit og ekkel kroppslegheit. Det tar rg for seg namnelikskapen mellom Jon Michelet og Joni Mitchell. Det inneheld eit pornodikt-intervju med Jan Erik Vold. Tekstar av debutantar. Og spark til Vinduet, Vagant og aviser.

- Skjer det mykje keisamt i litteraturen for tida? Er det derfor de vil sprite opp med frekke sleivspark til tidsskrift og aviser, og med drit?

- Sleivsparka kjem berre dersom sleivspark er på sin plass, og dei må altså utførast med glimt i auget. Driten kom fordi vi meinte det var på tide, og ikkje nødvendigvis fordi det skjer mykje keisamt i litteraturen. Men vi håpar at vi med Kraftsentrum kan vere ein annan måte å drive litteraturformidling enn den måten som finst i avisene og i dei andre litterære tidsskrifta.

- Kva er det mest spennande som skjer i norsk litteratur for tida? Kva bøker vil du gi bort til jul?

- Det skjer mykje bra på ulike frontar, eg gler meg til dømes til å lese den siste boka til Jon Øystein Flink. Elles kjem eg til å gi vekk, i tilfeldig rekkefølge (vener og familie: sjå vekk!) a) «Solaris korrigert», av Øyvind Rimbereid, b) «Mine hus og hoteller brenner», av Arne Østring c) «Få meg på, for faen», av Olaug Nilssen, d) «Skriveplass», ein antologi utgitt av Skrivekunstakadmiet i Hordaland, og e) «Ete», av Vemund Solheim Ådland.

- Kva handlar neste Kraftsentrum om?

- Det kan eg ikkje seie på noverande tidspunkt! Vi har ein plan, men vil helst ikkje fortelle for mykje, i tilfelle bordet skulle byrje å fange. Men vi kan seie at vi kjem til å halde fram med utforskinga av spalta sitt vesen.

Enn så lengje, eit hot julegåvetips til leikne gutar og jenter:

Kraftsentrumet om drit.

NYSATSING: John Erik Riley i Damm forlag har latt Gunnhild Øyehaug og Olaug Nilssen gå amok. Slikt blir det Kraftsentrum av.
NEI, DET ER IKKJE Adidas-reklame, det er redaktørane av «Kraftsentrum» som poserer på do der dei slår eit slag for (den ufine) litteraturen.