Slepp bokprisane fri

DET ER SÆRLEG

tre punkt der bokbransjeavtala kan vere problematisk i høve til konkurranselova og verka hemjande for utvikling og verdiskaping, til skade for det boklesande publikummet, forbrukarane og ålmenne kulturpolitiske interesser. Det gjeld fastprisavtala, skulebokmonopolet og bokklubbreguleringa.

Fastprisavtala inneber at bokhandlar og andre distribusjonskanalar saknar det vanlegvis viktigaste tevlingsverkemidlet, nemleg pris, og difor ikkje har høve til å trekkje til seg kundar gjennom særleg effektiv drift og tilsvarande låge prisar. Fastprisavtala hindrar difor utviklinga av nye og meir effektive distribusjonsformer, ikkje minst slike som er baserte på Internett, og som kunne gje merkbart betre tilgjenge til rimelege bøker mellom anna i tunt folkesette strok, der marknaden ikkje er stor nok til å drive lokale bokhandlar.

Dei høge prisane minskar etterspurnaden etter ny norsk litteratur og medverkar til at bøkene og det skrivne ordet tapar i tevlinga med andre fritidstilbod og kulturuttrykk, i særleg grad i høve til bildemedia.

Denne tendensen vert forsterka av at norske forbrukarar kan kjøpe billege bøker på mange andre språk enn norsk, til dømes på engelsk, gjennom internetthandel eller på reise i utlandet. Noko spissformulert kan ein seie at bransjeavtala overlet nesten all pristevling i Noreg til framandspråklege bøker.

Etter bokbransjeavtala har bokhandlane einerett til å selje skulebøker. I røynda inneber denne ordninga ei inntektsoverføring frå skular, skuleelevar og kommunar til bokhandlarane. Overføringa skjer òg i andre bokhandlar enn dei som er lokaliserte i distrikta, trass i at ho er hevda å vere eit distriktspolitisk tiltak.

Det kan synast tvilsamt i kva mon fastprisavtala og bokhandlane sin einerett på skulebøker medverkar til å styrkje tileigning av kunnskap. Av di skulebøkene er så dyre, vel mange skular og kommunar å vente i det lengste med å skifte dei ut. Følgja er at mange elevar slit med utslitne eller avleggse lærebøker.

EIT TREDJE PROBLEM

er dei ulike rammevilkåra for høvesvis bokklubbane og bokhandlane. Bokklubbane, som i all hovudsak er eigde av dei store forlaga, har rett til å gje inntil 25 % rabatt i høve til fastprisen, som forlaga sjølve fastset. Problemet kjem opp idet bokhandlar gjennom bransjeavtala er plikta til å selje bøkene til faste prisar utan rabatt. Det inneber at bokhandlar ikkje kan tevle på pris med bokklubbar og at forlaga har interesse av - og høve til - å auke utsalsprisen på kvar bok, slik at rabatten utgjer ein størst mogeleg pengesum og dermed ein størst mogeleg fortenestemargin hjå bokklubben. Dersom forlaga opptrer i samsvar med normal føretaksøkonomisk åtferd, og slik søkjer å maksimere overskotet, vil denne ordninga medverke til høgare bokprisar, færre selde bøker og tap av overskot for forbrukarane og for samfunnet.

Bransjeavtala skal medverke til eit effektivt, desentralisert bokhandlarnett. Men dei tevlingsføremonane som er gjevne til bokklubbane verkar helst i motsett lei. Aleine utsendinga av dei mange gratis velkomstbøkene inneber, får ein tru, eit monaleg tap av omsetnad hjå bokhandlane.

Det kan vere eit spørsmål om denne praksisen vil verte råka av forbodet mot misbruk av dominerande stilling i den nye konkurranselova, som gjeld frå 1. mai 2004.

Det er partane i bransjeavtala som har ansvaret for å finne fram til tenlege løysingar for tida etter at nogjeldande bransjeavtale går ut i slutten av 2004, og for at løysingane er i samsvar med den nye konkurranselova. Konkurransetilsynet er innstilt på å rettleie bransjen i høve til den nye lova, slik tilsynet har plikt til.

KONKURRANSETILSYNET

vil rå til at fastprisordninga vert avvikla, og slett ikkje avløyst av tilsvarande lovreguleringar. Frå samfunnsøkonomisk synsstad vil ei lov som pålegg forlaga å fastsetje utsalsprisen vere enda meir skadeleg, då ho - til skilnad frå ei bransjeavtale - ikkje ein gong gjer det mogeleg for dei som ynskjer å konkurrere på pris, å gjere dette. Alle dei ulempene som er knytte til ei fastprisavtale, gjeld derfordifor til overmål under ei fastprislov av denne typen.