TVIHELD PÅ FORBOD: Mens landets største avis, VG, har sleppt nynorsken til i spaltene sine og på nettsida si, tviheld Dagbladet på forbodet mot eitt av dei to norske språka, skriv artikkelforfatteren.


Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix
TVIHELD PÅ FORBOD: Mens landets største avis, VG, har sleppt nynorsken til i spaltene sine og på nettsida si, tviheld Dagbladet på forbodet mot eitt av dei to norske språka, skriv artikkelforfatteren. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpixVis mer

Språket i Dagbladet:

Slepp nynorsken til i Dagbladet!

Noreg er eit samfunn med eit sterkt språkleg og kulturelt mangfald. Dersom Dagbladet ønskjer å spegle dette mangfaldet, må avisa sleppe nynorsken til på redaksjonell plass.

Meninger

Nynorsk og bokmål er jamstilte språk i Noreg. Det er over ein halv million nynorskbrukarar i Noreg, og endå fleire som har nynorsk som sidemål. Talet på nynorske språkbrukarar er langt høgare enn opplaget til Dagbladet, som i dag er den fjerde største avisa her til lands.

Likevel er det i 2018 framleis forbod mot å skrive nynorsk på redaksjonell plass i avisa. Mens landets største avis, VG, har sleppt nynorsken til i spaltene sine og på nettsida si, tviheld Dagbladet på forbodet mot eitt av dei to norske språka.

Det er ein praksis som diskriminerer både lesarane og dei nynorskspråklege journalistane.

Forbodet mot nynorsk bryt også med Dagbladet sin eigen tradisjon. Avisa vart danna i miljøet rundt journalisten, diktaren og målmannen Aasmund Olavsson Vinje, og var i mange år kjend som landets viktigaste radikale kulturavis. Dagbladet har på leiarplass tatt til orde for obligatorisk sidemålsundervisning i Noreg, også i dei seinare åra.

Det viktigaste Dagbladet kan gjere for å styrkje sidemålsundervisninga, er å gjere nynorsk og bokmål til jamstilte språk i eigne spalter. Avisa kan då bidra til å auke den språklege toleransen og den språklege sjølvkjensla her til lands. Gjennom å gje nynorsken plass i spaltene, ville Dagbladet synt at dei er ei ekte riksavis, ikkje ei lokalavis for Oslo.

Vêr-spalta til Eli Kari Gjengedal kvar laurdag er ein god start, men når det gjeld å gi plass til det andre offisielle norske språket, har Dagbladet uendeleg mykje meir å gå på.

Det er over ein halv million gode grunnar til å sleppe nynorsken til på redaksjonell plass i Dagbladet. For ei moderne avis i eit demokratisk samfunn er det ingen gode grunnar til å la vere.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook