Slepp nynorsken til!

SPRÅK: Tor Fuglevik hadde nyss eit innlegg i Dagens Næringsliv der han la fram eit viktig tiltak for å styrkja språkleg mangfald i pressa, nemleg å endra reglane for momsfritak. Bakgrunnen for dette er enkel: Trass i at Noreg i 124 år har vore eit tospråkleg samfunn, har store delar av næringslivet og ikkje minst pressa aktivt stengt ute den eine av dei to skriftkulturane våre.

Riksavisene VG, Dagbladet og Aftenposten har eit aktivt forbod mot at journalistane skal få bruka nynorsk i avisene. Dette er ikkje berre tvilsamt ut frå eit liberalt samfunnssyn. Dette er dårleg kulturpolitikk. Dette fører til at nynorsken får lågare status, både mellom bokmålsbrukarar og nynorskbrukarar. For skuleelevar som får mykje av lesetreninga si frå å lesa riksavisene, er det pedagogisk svært uheldig.

Ordninga med momsfritak for avisene botnar særleg i språkpolitiske vilkår: Fordi Noreg er eit lite språksamfunn, er det viktig at styresmaktene gjev gode vilkår for dei som ber oppe skriftkulturane. Dette er det mest brukte argumentet også frå aviseigarane og redaktørane sjølve. Då vert det uskjønleg at til dømes dei same avisene ynskjer å stengja ute den eine skriftkulturen.

Såleis undergrav avisene sjølve grunnlaget for kravet om momsfritak. Det finst ein enkel måte å løysa dette spørsmålet på. Redaktørar: Opphev forbodet mot nynorsk, slepp nynorsken til!