Foto: Christian Roth Christiansen / Dagbladet
Foto: Christian Roth Christiansen / DagbladetVis mer

Valgkamp:

«Slikke imamer oppetter ryggen»-blues

Et brev til Knut Arild.

Meninger

Spaltist

Jarl Wåge

er tidligere lærer ved Norsk Toppidrettsgymnas, skribent og forfatter. Han vant forteller-konkurransen «Storyslam» på Rockefeller i Oslo i november 2016.

Siste publiserte innlegg

Kjære Knut Arild Hareide. Det er ikkje slik at dei du (ja, vi kan ikkje skulde dette på Gud) gjev eit embete, gjev du òg forstand. Vi må bare innsjå det: Du har garantert og vore støttehjul for ei regjering med Frp. Dermed har du òg gjeve Sylvi Listhaug eit embete.

Og kva er takka du får? Ikkje heider, ikkje klapp på skuldera, ikkje godord. Du har rett og slett blitt prügelknaben hennar. Frp har, som vi veit, lenge sett på partiet ditt som eit «lite tulleparti», og no behandlar ho deg som ein liten tulling.

- Du slikker imamer oppover ryggen, sa ho til deg. Ikkje akkurat kristeleg å seie noko slikt, er det vel? Ho er nok temmeleg forbanna på deg. Fordi du ikkje lenger vil sikre henne eit embede i regjering etter valet. Dessutan blei du, og ikkje ho, invitert til Sarons Sal på digert kristenarrangement. Skikkeleg skot for baugen. Som om dei meiner du er meir gudfryktig enn ho er.

Det fall heller ikkje i god jord at du påstod at Frp sitt mantra «hjelpe dei der dei er», eigentleg betyr å ikkje hjelpe nokon verken her eller der. No har i tillegg Kirkens Nødhjelp gjeve deg og KrF toppkarakter i bistand og Frp stryk.

Kanskje ikkje så lurt å blande religion og politikk. Denne valkampen har blitt eit usaleg samansurium av kva som er kristne, norske verdiar og kven som er mest og minst kristelege. Det blir ikkje akkurat mykje politikk av slikt.

Eigentleg misunner eg deg ikkje som har hamna på svartelista hennar. For vi har sett gong på gong at ho slett ikkje er nådig om det ikkje går hennar veg. Og du er for mild og snill, veit du. I dette gamet hjelper det ikkje med jesusk vende-andre-kinnet-til haldning. Du må ta att, bli meir gammaltestementleg refsande, slik ho er.

Det er lett å komme på gode svar i ettertid. Tenk om du hadde svart henne kort og konsist då ho kom med imamryggslikkingutspelet sitt: «Og det seier du som stadig slikkar pengepugar Jan Hanvold oppetter ryggen?!» Du hadde nok tapt nokre fundamentaliststemmar på vegen, men kva er ein fundamentalist frå eller til i valkamptida.

Når Listhaug no har bestemt seg for å ta mannen og ikkje ballen, eller både mannen og ballane, og mannen og ballane er du, kan ein jo lure på kva som ligg bak. Til tider virkar ho ganske desperat. Partiet hennar er ikkje så veldig mykje større enn ditt «tulleparti», og i krig og mangel på kjærleik er som kjent alt tillete.

Desperasjon er nok ein faktor. Men du veit, ho er kommunikasjonsrådgjevar, så det ligg nok ein nøye planlagt strategi bak dei meir eller mindre rabiate utspela. Det skulle ikkje forundre meg om ho satsar på litt trumpske metodar. Trump blei jo big in America. Jo verre utspela hans blei, dess større blei han. Han klatra oppover i hierarkiet blant anna med å mobbe andre. Og når sant skal seiast, er det vel mobbing Listhaug driv med overfor deg?

Du veit, det er sikkert tungt å fordøye at du på jesusvis snakkar om å gjere mot andre det du vil at dei skal gjere mot deg og at vi skal lukke opp for dei som bankar på. Dette er noko Frp ser på som uansvarleg, naivistisk pludring og ein bodskap som set norske, kristne (!) verdiar i fare.

Hugsar du at Erna Solberg, på vanleg Høgre-vis, gjekk ut og åtvara Arbeiderpartiet mot å drive skitten valkamp? Eg anar ikkje kvifor dei alltid toar hendene sine på denne måten, men det har blitt ein del av eit rituale. Hadde vi kome på det, skulle vi sjølvsagt parert med at ho heller burde be Frp oppføre seg skikkeleg. Men etterpåklokskap kjem alltid for seint.

Erna er trass alt storesøster i regjeringa, og ho veit at småsyskena kan vere ganske så uregjerlege. No har statsministeren riktignok gått ut med mild refs av Listhaug, men ikkje på storesøstervis tatt henne skikkeleg føre seg. Kanskje ho rett og slett tykkjer det er greit at Frp tør der dei sjølve teier? Dessutan har partileiar Siv Jensen forsvart Listhaug si nedrakking av deg, så Solberg er kanskje redd for at det skal bli brann i rosenes leir om ho trampar for hardt i klaveret.

Solberg tykkjer nok innerst inne at du fortener eit ballespark òg. Du har trass alt gått ut og sagt at du ikkje lenger vil støtte ei regjering med Frp. Dermed kan du bli direkte årsak til at ho ikkje blir statsminister dei neste fire åra. Det gjer deg ikkje akkurat til stjerne på den blåblå himmelen.

Der slepp det andre støttehjulet, Venstre, billegare unna. Riktignok gjekk Skei Grande tidleg ut og lova å vende ryggen til eit blåblått regjeringsalternativ. Men dei snudde og ville ikkje love noko på «noverande tidspunkt». Akkurat no veit korkje Frp eller Høgre kvar Venstre hoppar eller kvar dei til slutt stoppar, så difor kan dei ikkje bruke altfor hardt skyts mot dei og risikere at dei hamnar under sperregrensa.

Eg skal ikkje prøve meg på politisk rådgjeving, Knut Arild. Du kan kanskje prøve å be for dei som forfylgjer deg, men som du veit, har eg ikkje noko tru og blande Gud inn i politikken. Det blir bare rot av det. Spesielt når andre har andre gudar enn du har.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen! Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukas viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag.