Slimålar og sleipingar

DET ER

inga løyndom at det er full panikk i KRF, for at dei ikkje skal koma under sperregrensa, og ein er samd med sosialmedisiner Per Fugelli sin «slimålmetafor», når det gjeld KRF sitt politiske innhald. At psykiatar og tidlegare KRF politikar Tungesvik, og forskar Henrik Syse går til frontalangrep mot Fugelli, er kun krampaktige forsøk på å blåsa liv i eit parti som nærmar seg «endetida», og snipp snapp snute er ute av regjeringa. KRF sin tilstand kan samanliknast med HC Andersen sitt eventyr: Keisarens nye klær, der «statsministeren» går gjennom gata uten klær, der eit barn ropar ut at han ikkje har klær på, medan Bondevik stegar fram med sine «verdia», uten syneleg reaksjon og «kammerherrane» Syse og Tungesvik bærer eit slep som ikkje finns. Ein er glad Fugelli ropar ut, og i likhet med eventyret kjem snart det norske folk til å ropa ut: Han har jo ikkje noko på seg, og då er det KRF akopolypse nå , for å bruka Fugelli sin treffande tittel på kronikken hans 25 juli, som kveikte liv i «vestlandspietisten» Tungesvik, og Syses motangrep mot Fugelli. Det  hjelper lite å flotta seg med fine ord og vendingar, når det vetle som skal til må nå hjarta, noko verken  Bondevik, Tungesvik, eller Syse har oppdaga.

SYSES FORSVAR

for Bondevik går sikkert heim i «Høyres hus», og Tungesvik sitt forsvar er «vestlandspietismens» malmfulle røyst, med eit ekko av indremisjonens oppdragande effekt. For oss «vanlige dødlige» velgjarar verkar Bondevik si regjering meir og meir, som ei «verna bedrift» der ein produserar «verdiar, meingar, og hugskott» til hygge rundt vaffelrøra, utan folk flest ser noko utbytte av dette. Det er sånn ein tolkar Fugelli sin kritikk, og ein spør seg om det er ein statsminister verdig at han tutlar rundt i ei kortabukse og spelar fotball, eller ser på damefotball, eller reiser til OL i Athen, i staden for å styra landet. Men der har ein vel kanskje «superministar» Høybråten til å  steppa inn for seg? Forskar Syse som har ein høgare akademisk grad, er sikkert klar over at det var mange tidligare filosofar som var vel så opptatt av «sjelens pleie» som «kroppsøvelsar». Denne balansen burde han tipsa Bondevik om skal han ha ei von om 4 nye år i «sjefsstolen».