I STRID MED MÅLET: Godstogtilbodet på Sørlandsbanen vert kraftig redusert frå desember – stikk i strid med regjeringa sitt mål om å flytte gods fra veg til sjø og bane. Betre vert det ikkje med enda meir motorve, skriv innsendarane. Foto: Geir Bølstad
I STRID MED MÅLET: Godstogtilbodet på Sørlandsbanen vert kraftig redusert frå desember – stikk i strid med regjeringa sitt mål om å flytte gods fra veg til sjø og bane. Betre vert det ikkje med enda meir motorve, skriv innsendarane. Foto: Geir BølstadVis mer

Overdimensjonerte motorvegar:

Sløsing med natur og pengar

Vi er ikkje imot at vegar rustast opp og blir tryggare. Problemet er at planane kjem ut av proposjonar. Da vert det mindre pengar att til å ruste opp andre vegar – og det går ut over natur og matjord.

Meninger

Samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) forsvarer seg i Dagbladet 11.oktober etter at vi karakteriserte vegplanane mellom Kristiansand og Stavanger for galskap.

Galskapen ligg i summen av naturøydeleggingar, trafikkauke og pengebruk. Vegplanane er kraftig overdimensjonerte og vil leggje store areal under asfalt. Vegane skapar ny trafikk, i strid med regjeringa sine retningsliner og nullvekstmål. Overdimensjonerte vegar kostar mykje pengar, som staten og bilistane må betale for. At ein Frp-statsråd ønskjer slik offentleg pengebruk, er verd nokre refleksjonar.

Dale & co skryt av at dei brukar mykje pengar på jernbana. Men med dei vegane dei nå vil byggje, vil jernbana ha liten sjanse til å konkurrere. Fleire av baneinvesteringane kan fort bli meiningslause om det først kjem ein motorveg for 110 km/t eller meir.

Godstoga mellom Göteborg og Oslo er nesten heilt borte – motorvegen er ei av årsakene. Betre kår for store lastebilar på E18 mellom Oslo og Agder har styrka lastebilen. Godstogtilbodet på Sørlandsbanen vert kraftig redusert frå desember – stikk i strid med regjeringa sitt mål om å flytte gods fra veg til sjø og bane. Betre vert det ikkje med enda meir motorveg.

Dale meiner nye motorvegar er bra for trafikktryggleiken. Ja, fysisk midtskille gjev færre frontkollisjonar. Men auka fart har negativ effekt, noko SINTEF har berekna. Statens vegvesen har tidlegare tilrådd utbygging av E39 til ein to-/trefeltsveg med midtskille. Ein slik veg krev mindre areal, er enklare å tilpasse landskapet, gjev mindre trafikkauke og er betre for trafikktryggleiken.

Vi er ikkje imot at vegane skal rustast opp og gjerast tryggare. Problemet er at planane kjem ut av proposjonar. Da vert det mindre pengar att til å ruste opp andre vegar – og det går ut over natur og matjord – samtidig som byane vert fulle av bilar. Det ønskjer vi ikke.