Smålåten kulturpolitikk

I DAGBLADET

fredag 4. mai 2004 er det eit interessant intervju med Arbeiderpartiet sin leiar Jens Stoltenberg om - av alle ting - kultur. Det er slik i dette landet at det er oppsiktsvekkjande og svært gledeleg at ein partileiar engasjerer seg i kulturfeltet.

I innspurten til handsaminga av Kulturmeldinga i Stortinget gjekk dei tre partia Ap, SV og Sp sterkt ut med det dei omtalar som «Det store kulturløftet» - ei sterkare satsing på kulturfeltet. «Kulturkameratane» Ap, SV og Sp vil nytta 1,3 milliardar til kulturfeltet i perioden 2004-2014.

Kulturmeldinga talfester ikkje satsinga i løpet av 2004-2014, men som eit resultat av ordskiftet om Kulturmeldinga i Stortinget 1.april sa Kulturministeren dette: «Dermed kan eg frå talarstolen i dag seia at ca. 1 milliard ligg dei på, satsingane i den kulturmeldinga som er til behandling no.» Den heilt store skilnaden i vilje til å satsa økonomiske ressursar på kulturområdet er det altså ikkje.

UTSPELET

frå «Kulturkameratane» er gledeleg og mønsterverdig, men dei kunne og, slik vi i Norsk Kulturforum peika på at Kulturmeldinga skulle ha gjort, vore dristigare og lagt lista høgare.

I «Fra ide til verdi - Regjeringens plan for en helhetlig innovasjonspolitikk» formulerer Regjeringa denne visjonen: «Norge skal være et av verdens mest nyskapende land der bedrifter og mennesker med pågangsmot og skaperevne har gode muligheter til å utvikle lønnsom virksomhet. På viktige områder skal Norge ligge i tet internasjonalt når det gjelder kunnskap, teknologi og verdiskaping.» Visjonen står i forordet til plandokumentet og er underskriven av Kommunal- og regionalminister, Utdannings- og forskingsminister, Landbruksminister, Olje- og energiminister og Nærings- og handelsminister. Statsministeren har ved fleire høve referert til denne visjonen.

KVIFOR ER IKKJE

kulturfeltet og Kulturministeren med i det gode innovasjonsselskapet? Kvifor kan ikkje regjeringspartia og andre parti vera like friske på kulturfeltet? I innspelet til Familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om Kulturmeldinga skreiv NOKU:

Norsk Kulturforum vil at Noreg skal utviklast vidare som kultur- og åndsnasjon og meiner ei kulturmelding må setja seg eit slikt hovudmål: «Noreg skal innan 2014 vera blant dei leiande kulturnasjonane i Europa gjennom eit breitt kulturtilbod til heile befolkninga og ved framifrå prestasjonar på alle kulturområde.» Ein visjon av denne karakteren kunne gjerne regjeringsparti i notid og framtid - og andre parti på Stortinget annektert. Det er noko tafatt over kulturpolitikken som vi må koma ut av!