VÆPNET MED PENN: President Donald Trump bevæpner seg med en penn før han signerer presidentordenen om å bygge en mur langs grensa mot Mexico onsdag. Foto: AP Photo/Pablo Martinez Monsivais / NTB Scanpix
VÆPNET MED PENN: President Donald Trump bevæpner seg med en penn før han signerer presidentordenen om å bygge en mur langs grensa mot Mexico onsdag. Foto: AP Photo/Pablo Martinez Monsivais / NTB ScanpixVis mer

Smarte politikere rir bølga, som med Trump i førersetet ligner mer og mer på en tsunami

I flere tiår har jeg levd tett på en spennende historie. Men først nå er jeg redd. 

Meninger

«Ingen ting å vere redd for,» syng Ole Paus. I fleire tiår har eg levd tett på ein spennande, fascinerande og til dels skremmande historie. Frysepunkt i den kalde krigen som Berlinmuren, Cubakrisen, Vietnamkrigen, invasjonen av Tsjekkoslovakia, krigen i Afghanistan er meisla inn i minnet. Skremmande er også Midtausten-krisa, den arabiske våren som blei knust av islamistar, krigen i Syria, IS, despotiske afrikanske leiarar som berre er opptatt av makt og rikdom. Det er heller ikkje akkurat beroligande at Nord Korea har ein pompøs leiar, Kim Jong-un, med eit ego som ein oppblåst, sprekkeferdig ballong og impulskontroll som ein liten unge. I tillegg til atomrakettar å leike seg med.

Men til trass for alt dette har eg aldri gått rundt og vore redd. Kanskje fordi eg har hatt ei ukueleg tru på at fornuften vil sigre til slutt. Men no er eg redd, Ole Paus. Eg er redd fordi USA, verdas mektigaste nasjon som ingen kan forhalde seg likegyldige til, òg har fått ein pompøs leiar med eit ego som ein oppblåst, sprekkeferdig ballong og impulskontroll som ein liten unge. I tillegg til atomrakettar å leike seg med.

«Å bivåne Donald Trump sin veg til makta, var som å sjå filmen «The Wave» omatt,» skreiv ein på Twitter. Filmen som prøver å forklare korleis eit heilt folk kunne la seg forføre av Hitler. Den handlar om eit eksperiment der ein lærar klarer å forføre ein heil skule ved å konstruere ein fiktiv leiar med ein enkel ideologi. Eksperimentet blei heldigvis avbrote før det fekk gjere særleg skade. Leiaren dei hadde slikt håp om å møte, viste seg å vere eit bilde av Adolf Hitler.

Berre det at det store amerikanske eksperimentet vi ha vore vitne til no, aldri rakk å avsløre og avkle leiaren før det var for seint. Bylgja Trump har surfa på heilt til topps, er ikkje av ny dato. Ho har rulla lenge, spesielt i Europa. Driven fram av misnøye, framandfrykt, høgrepopulisme og, ikkje minst, ein stadig aukande nasjonalisme. Smarte politikarar rir bylgja, som med Trump i førarsetet, liknar meir og meir ein tsunami.

Brexit hadde aldri blitt ein realitet utan denne bylgja. Marine Le Pen får stadig større oppslutnad i Frankrike. Geert Wilders i Nederland er alen av same stykke, og søsterparti i mange europeiske land har liknande framgong. Bylgja har for lengst skvulpa innover våre strender òg med sitt framandhat og sine enkle løysingar.

Marine Le Pen kalla Trump sin valtriumf ein ideologisk siger. Kva Trump sin ideologi eigentleg er, er det vel ingen som veit. Men det burde få nokon kvar til å stusse at høgreekstreme røyrsler i USA jubla, ropte «Sieg heil» og gjorde nazihelsing då han vann. Dessutan har han henta fram att det sterkt nasjonalistiske slagordet «Make America great Again» og lova å byggje mur mot Mexico og utestengje alle muslimar frå landet. Marine Le Pen lover Frexit og Geert Wilders Nexit om dei kjem til makta, og dei skal styrke nasjonalstaten. Det kan seiast mykje om EU, men at unionen har hatt ein fredsskapande effekt i verdsdelen som har starta to verdskrigar, er ikkje noko å kimse av.

Denne utviklinga gjer meg redd fordi nasjonalisme var viktige årsaker til to verdskrigar. Nasjonalisme og ei sosialdarwinistisk tru på at enkelte folkeslag og nasjonar stod over andre og dermed var i sin fulle rett å underleggje seg nye område.

Dagen etter at Donald Trump blei innsett som president, opplevde verda ei masserøyrsle vi knapt har sett maken til. Millionar av kvinner tok til gatene for å fortelje Trump at dei aldri ville finne seg i hans mannssjåvinisme og nedvurdering av kvinner. Ein manifestasjon så mektig at den bar med seg håp opp i all galskapen vi er vitne til akkurat no. Ein manifestasjon som forresten fekk mange menn til å gå i fistel fordi «kvinner snart må byrje å vere opptekne av dei viktige tinga». Sjølvaste Håvard Rem bidrog med eit dikt der han fortalde kvinnene kva som er «riktig og viktig» å demonstrere for. Det er då ein får lyst å oppfordre desse mennene til å lage sine eigne demonstrasjonar for dei «viktige» sakene.

Det har vist seg at kvinner og alle andre skal få meir enn nok å demonstrere mot med Trump i førarsetet. Allereie fyrste dag gjekk eit bilde av Trump verda rundt der han sat på sitt nye «oval office» i Det kvite hus og underteikna papir. Eit av dei fyrste han underteikna, med seks-sju andre menn som tilskodarar, var å ta all økonomisk støtte frå organisasjonar som driv med familieplanleggjing og legg til rette for abort. Mannen som påstår at han er til «for the people», startar altså gjerninga si med å ta frå dei aller svakaste retten til å bestemme over eigen kropp. Kanskje verdt eit dikt det òg, Håvard Rem?

Ei svale gjev ingen sommar, heiter det. Ein manifestasjon med millionar av kvinner stoppar heller ikkje Trump og hans politikarar av same ulla. Det er no det er viktig å halde fram mot protestane. Det einaste som kan ta krafta ut av den høgrepopulistiske bylgja, er ei motbylgje som veks seg stadig større og sterkare. Og det hastar. Menn og kvinner verda over må engasjere seg og ta opp kampen. Viss ikkje, kan vi oppleve at den vidunderlege jordkloden vår blir Aldous Huxley si «Vidunderlige nye verden» før vi minst anar det.