BOK: Av og til reiser det seg røyster som hevdar at den modernistiske lyrikken har spelt fallitt og at det stort sett er eit snobberi og sløseri med kulturmidlar som held liv i den. Nokre av dei som ytrar slikt, er folk som er opptekne av å få lyrikken ut til folk, og som tykkjer det er trist at interessa ser ut til å minka. Andre av dei forstår vel knapt vitsen med at det blir gitt ut poesi i det heile. Av ein eller anna grunn har dei likevel det felles at dei trur at ein poesi med rim og rytme og lettare tilgjengeleg episk innhald, burde vera ein måte å heva lyrikken sitt renommé på.
Som bakgrunn for denne meldinga har eg teke for meg tre publiserte bøker med lyrikk som i stor grad er prega av tekstar med meir eller mindre fast rim og rytme.
Poetisk kraft
Er det slik at desse versa med tanke på kvalitet og varige inntrykk, skil seg klart og positivt ut frå dei såkalla modernistiske diktsamlingane som kjem ut på etablerte forlag, ved at dei kombinerer det å vere lettare tilgjengelege med poetisk kraft og nyskapte bilete?
Den eine av desse er av Marit Nerem, kanskje kjent for Dagbladets lesarar gjennom mange vers på side 2. Ho har bak seg fleire samlingar, som «Salte vers for søvnløse og single» (2004) og «Syrlige vers for syndige og snille» (2005). Ho har også skrive kriminalnoveller. Dikta hennar er prega av kvardagens små plagar og menneskelege dilemma. Ho hyller Gin Tonic og skriv ironisk om Solgløtt aldersheim. Ei og anna invertert ordrekkefølgje kan ein finna, ein del klisjear i biletvalet, her er «evig natt» og «evig strand», men stort sett skriv ho lett og ledig sine vers med bittermuntre poeng både på nynorsk og bokmål og dialekt. Dette er petitar som er upretensiøse og sjølvironiske:
Les artikkelen gratis
Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.
Gå til innlogging medVi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.
Vi bryr oss om ditt personvern
Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.
Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger