JON FREDRIK BAKSAAS  er ein god familiemann som let Telenor sponsa dottera sin russebuss, skriver Andreas Hompland.  Foto: Christian Roth Christensen / Dagbladet
JON FREDRIK BAKSAAS er ein god familiemann som let Telenor sponsa dottera sin russebuss, skriver Andreas Hompland. Foto: Christian Roth Christensen / DagbladetVis mer

Smilande operasjonar

Familieforetaksmodellen sigrar på alle frontar.

Kommentar

DENNE VEKA har Telenor sikra arverekkefølgja i det historiske grenselandet mellom stat og delprivatisert næringsliv. Sigve Brekke (tidligare statssekretær, Ap) skal fylla skoa etter Jon Fredrik Baksaas, som overtok etter Tormod Hermansen (tidligare statssekretær, Ap). I det tele-politiske komplekset er det heilt naturlig at Trond Giske og andre statsrådar er blitt kalla inn som lobbyistar for å ordna opp når det blir konsesjonsknutar på tråden mellom ein av våre nasjonalheilagdomar og utanlandske korrupsjonspolitikarar, oligarkar og fredsprisvinnarar. Kan ikkje Telenor sponsa ein billett til Usbekistan for næringsminister Monica Mæland?

DET ER MYE GODT å seia om Jon Fredrik Baksaas. For eksempel at han har skapt papirverdiar for store eigarar og små folkeaksjonærar - med solide bonusar og opsjonsgevinstar til seg sjøl på kjøpet. Og så er han ein god familiemann som let Telenor sponsa dottera sin russebuss. Der er etterfølgjaren i rute. Son til Sigve Brekke har ein fordelaktig avtale mellom Telenors dotterselskap Dtac i Thailand og sin veldedige organisasjon for barn med leppe- og ganespalting. «Operation Smiles» heiter den.

FAMILIEBAND ser ut til å vera ein del av Telenors forretningsmodell, slik det også er for Hydro og Yara og andre store norske ute i den store verden. Dei går vegen om avkommet som konsulentar når dei vil oppnå noe hos fedrar i maktposisjon. Som då den utagerande og halvekte dottera Vimpelcom via mystiske omvegar betalte 700 millionar til Gulnara Karimova i Usbekistan. Det er åpenbart ein av Jon Fredrik Baksaas sine kvalifikasjonar at han har så solide skylappar at han ikkje ser farevimplar vifta og varsellamper blinka. Til slutt blei han likevel sittande med skjegget i postkassa til Stortingets kontroll- og konstitusjonskomite, mens den vidløftige president-dottera hamna i husarrest. Det er vel omtrent det same som å vera spesialrådgjevar, slik Baksaas nå skal bli.

I REVIDERT har Siv Jensen endelig gravlagt avgifta på Jensenposen. I staden aukar ho el-avgifta for folk flest. Det er slikt Finansdepartementet liker: Avskaffa avgifter som folk kan velja bort ved å følgja Per Sandbergs råd om å ta med ryggsekk i butikken, og erstatta dei med avgift på straum som alle sutrar over, men bare må ha. Kunne dei ikkje heller ha løyst floken med ei «overslagsbevilgning», som var det ordet Siv Jensen fekk mest applaus for på Fremskrittspartiets landsmøte?

NÅR NSB sine tog ikkje går som dei skal fordi Jernbaneverket sviktar, har Ketil Solvik-Olsen den byråkratiske løysinga på verkebyllen: Tøm NSB for oppgaver, legg noen av dei til departement og direktorat og resten til Jernbaneverket som skal døypast om til «infrastrukturforetak». Det er ikkje til å undrast over at Høgres samferdselspolitiske snakkemaskin og ektefelle til den parlamentariske leiaren, Linda Cathrine Hofstad Helleland, må måpa og himla endå meir enn vanlig med augene, og smila endå meir overberande av motstandarar, når ho skal forklara desse aktuelle grepa.

PS: Kopi av denne spalta går rett til Se og Hør.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen! Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukas viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag.