EKTE MANN: «Du er ikkje mann før du har leika frisør med døtrene dine», skriv artikkelforfattaren (bildet). Foto: Privat
EKTE MANN: «Du er ikkje mann før du har leika frisør med døtrene dine», skriv artikkelforfattaren (bildet). Foto: PrivatVis mer

Snakk for deg sjølv, «Sinnasnekkern»

Pappapermen gjer pappa til ein bedre pappa.

Meninger

Underteikna er ein av dei som av og til ikkje lar orda gå innom hjerna før dei går ut munnen. Ein får eit fargerikt liv av slikt. Men det har heller ikkje så store konsekvensar. Eg er berre ein komplisert gut frå landet som ingen veit om. No har eg heller ikkje så ekstreme meiningar. Otto Robsahm burde vite litt om mediemakt. Otto Robsahm er kjent frå tv som «Sinnasnekkern». I fire sesongar har han tatt oss med innfor dørstokken til vanlege folk. Gjort rønne til slott. Når han no åpnar døra til sitt eige privatliv, er det eit trist syn.

Robsahm er berre ein av mange kjendisar som gjer ting dei ikkje kan i mediene. Han veit eit og anna om trevirke, og det skulle berre mangle når det hos han sit mellom øyrene. Men når det gjeld barneoppdraging og likestilling, er han ikkje den skarpaste kniven i verktøyskuffa.

Han fortel far er mindre eigna enn mor til å ta seg av barna når dei er små. DU er dårlegare eigna til å ta deg av barna, Otto Robsahm. DU! Gjennom meiningane dine forstår vi lesarane at slik er det i ditt liv, men våg ikkje å gjere dette til noko som gjeld alle. Eg kjenner få som har det som deg og dine. All forsking viser at barn treng omsorgspersonar og rollemodellar frå starten av. DU seier at verken far eller barn har glede av pappapermen. Igjen; snakk for deg sjølv. Barn og mor har godt av pappapermen. Og far. Pappapermen gjer pappa til ein bedre pappa. Og ein god far, gir glade barn. Og ei glad mor. DU advarar mot at desse «nye» kjønnsrollene forklarar skilsmisserata. Ein god far, glade barn og ei glad mor er forhold som heng saman og gjer at familia og kjærleiken fungerer.

Artiklane om deg fortel at du syns menn skal være sterke. Tunge ting skal løftast. Damene skal konsentrere seg om barn og fargar og slikt. Artiklane om deg fortel meg at døtrene dine er seks og fire år gamle. Eg har sjølv to døtre på sju og fire. Vi har dermed litt til felles, Otto. Men berre litt. Vi forstår mannsrolla og kvinnerolla veldig forskjellig. Du er opptatt av å la menn være menn. Men du er ikkje mann før du har leika frisør med døtrene dine. Med innleving.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook