Snobbete mediekritikk

KOMMENTARIATET: Torbjørn Røe Isaksen og Audun Lysbakken får følgje av Fredrik W. Thue (Dagbladet 7/3) i kritikken av norsk, politisk journalistikk. Dei meiner at denne journalistikken fokuserer for mykje på eit maktspel journalistane sjølve regisserer – for så i neste omgang å la eigne kommentatorar dømme prestasjonane.

Dette er ein fiks, men like fullt dårleg analyse av korleis den politiske journalistikken artar seg, meiner eg. Det er jo ikkje slik at vanlege lesarar og sjåarar vil ha vanskar med å få med seg viktige utspel og politiske meiningar om dei følgjer litt med. At ambisjonen til den politiske journalistikken er å gå eit skritt vidare og avsløre kva politikarane ikkje seier også – spelet – er heilt nødvendig. For politikarar er ikkje dummare, stort sett, enn at dei held kjeft om det som kan skade eige parti.

Tidlegare har Kristin Clemet kritisert dei kommentatorane i NRK (ikkje i TV2!) ho ikkje likar. No får ho godt selskap. Men om kritikken av kommentatorane vann fram slik at det vart mindre av han, ville det vore eit tap for det politiske Noreg. Då fekk vi samla ein meir tannlaus journalistikk, og vi vart mindre opplyste. For jamvel om kommentatorjournalistikken ikkje er ein vitskap, er han eit fag. Og det er jo ofte kommentatorane som peiker på konsekvensane av politikken, og på kva for motiv som ikkje kjem fram i det som vert sagt på politisk hald. Det som er ein mangel i norsk journalistikk, er fleire kommentatorar som evnar å kombinere analyse av augneblinkspolitikk med teoretisk innsikt eller historiske analyser (slik til dømes Gudleiv Forr og Olav Versto er i stand til).

Det er viktig å passe på at den politiske journalistikken ikkje forfell til intimitetstyranni, sirkus og kjendiseri. Då sviktar media si samfunnsrolle. Men ofte er mediekritikk empirisk feilaktig og dessutan for snobbete. Ta til dømes tilrådinga om å avskaffe bruk av terningkast under valkampreportasjar i VG og Dagbladet. Om det vart slik, kva oppnådde vi då? Fordi å vinne valkampen handlar om å gjere det bra i TV-debattane, har terningkast på politikaranes innsats ein viss relevans jamvel om det kanskje er litt uærbødig. La oss vere ærlege: Ofte er jo terningkasta og vurderingane av politikarinnsatsen etter TV-debattane det som er kjekkast å lese! Og det er vel ein bra ting om den politiske journalistikken gjenspeglar at politikk stundom kan vere stor underhaldning?