JAN ARILD SNOEN  bør sett seg betre inn i enkelte av emna han snakkar om, skriver en maskinsjef i anledning en debatt om sjøfolks lønn. Foto: NTB SCANPIX
JAN ARILD SNOEN bør sett seg betre inn i enkelte av emna han snakkar om, skriver en maskinsjef i anledning en debatt om sjøfolks lønn. Foto: NTB SCANPIXVis mer

Snoen snakker usant om sjøfolk

Norge som nasjon bør være stolte av sine sjøfolk, ikke snakke dem ned.

Meninger

Etter å ha sett Politisk Kvarter torsdag morgon 4. juni, der det var debatt mellom Jan Arild Snoen og Gjermund Hagesæter om sjøfolks løner og skattetrykk, er det betimeleg med eit tilsvar.

Snoen forsøkjer å fortelje sjåarane at sjøfolka ikkje betaler skatt, at dei har alt for høge løner, og at dei heller kunne slutte på sjøen og finne seg anna arbeid på land. Makan til stigmatisering av ei bestemt yrkesgruppe skal ein jammen leite lenge etter.

Dei som utdannar seg som sjøfolk, enten det er på dekk eller maskin gjer vel dette fordi dei har ei interesse for yrket og for at dei har sett for seg ei yrkeskarriere på sjøen? Enn så lenge fins det fleire vidaregåande skular og høgskular som har dette tilbudet som utdanningsløp. Det trur eg Norge som nasjon skal være stolte av, og heller styrke, enn å nedsnakke.

Snoen seier og at sjøfolka ikkje betaler skatt. Men på kvar einaste hyreslipp er det trekt skatt, og andre avgifter. Kva som skjer med dei pengane etter at dei er trekte frå hyreoppgjeret er vel ikkje den enkelte sjømann/kvinne sitt ansvar. Sanninga er vel at rederia etter avtale med myndigheitene slepp å betale inn skatten som sjøfolka er trekt for, slik det også er blant dei fleste land vi likar å samanlikne oss med.

So til påstanden om altfor høge lønningar. Dersom vi reknar årsverk, jobbar normalt ein sjømann 12 timar pr dag i 182 dagar pr år. Det er 2184 timar pr år.

Når ein så veit at eit normalt arbeidsår på land er 1657 timar ser vi her at ein sjømann jobbar fast 25 prosent meir enn eit normalt arbeidsår på land.

Dersom vi reknar ut timelønna trur eg Snoen kjapt vil sjå at hans påstand om for høge løner for sjøfolk er teken ut av Oslolufta han pustar i. Dersom vi samanliknar timebetalinga for sjøfolk kontra arbeidstakarar på land er det tvert om det motsette biletet som gjer seg gjeldande. For sjøfolk kjem i tillegg arbeid under til tider svært krevjande forhold, kvelds- og nattarbeid osv. Herr Snoen bør sett seg betre inn i enkelte av emna han snakkar om!

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen! Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukas viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag.