Solid og stillferdig

Overtydande debutant med lågmælte dikt og små sjokk

BOK: Anne Grete Bærheim leverer ei solid diktsamling «mykt skrudd sammen» utan titlar, nesten utan teiknsetjing og utan store bokstavar. Men ho har eit inderleg og personleg grep om det nyanserte språket som denne type dikting krev. Og ho lykkast gong på gong med å opna desse små dikta mot store visjonar og veldige kjenslelandskap: «lyset ditt glir over slettene mine/ åpner byer i hjertet mitt//brenner seg fast/i mørke portrom» .

Reptilt

Bærheim tek opp gjenkjennelege uromoment i våre liv og gjev dei nytt språk, som i uttrykket «slikke drømmens buk» og der ho skildrar «rifter i søvnen/der en mager engel våker» . Det er eit finstemt og lågmælt toneleie her, sjølv om ho også kan skrive om sinne og dei meir reptile sidene ved mennesket: «ei øgle/påvei ut/ av en sprekk i blikket ditt» , og kan setja ein støkk i lesaren: det finst ingen guder mellom ossbare en djevelsom sakte forvandlestil et barntil en latter

Honning

Utgangspunktet er kvardagen, og dikta er delt inn i bolkane «Kokongtid», «Den gamle» og, når kokongtida er slutt, kan ein tenkja seg, kjem bolken «Barnet». Det er noko ventande og stillferdig, kjærleikssøkjande og mjukt over dikta, der ho kan «møta deg/med skuldre av honning» , men utan at det nokon gong vert sentimentalt eller søtt. Innimellom kan eit og anna dikt ha innslag av noko litt søkt eller slitt, men det meste er kroppsnært og landskapsnært på ein kunstnarleg overtydande måte, som her: jeg legger øret mot skalletav kjølig lys i februarder innehører jeg våren romsterelattermildt, et barnmed fanget fullav grønne klosser