Sølvalder i norsk lyrikk!

Er lyrikken død? På ingen måte. Norsk lyrikk lever og har det bra.

  • Torgeir Schjerven og Einar Økland er blant poetene som anmeldes
    DET HAR VORTE fokusert på at poesien får dårlegare plass i bokhandlarane, lyrikk blir lite lånt, og eg les og høyrer dei raraste ting om norsk poesi. Som at «alt er likt», «poetane har ingenting å seia», «poetane er poesiens verste fiende» og at «diktsamlinga er død».

    Poesien skal utfordra, forundra og røra ved oss. Dette gjer den både gjennom å bryta med det vanlege språket, skapa motbilete mot maktspråk, gjennom gjenkjenning og avsløring av den felles einsemda, gjennom underleggjering av kvardagar og ved å setja ord på flyktige aningar og sanselege landskap av hud, åsar og betong.

    FOR EIN SOM LES mesteparten av den lyrikken som kjem ut, og som er meir oppteken av kva som verkeleg står i diktsamlingane enn mytane som er skapt, ser røynda svært annleis ut enn mykje av det som vert sagt. Ser ein på dei siste åra, meiner eg det er grunn til å snakke om ein sølvalder i norsk lyrikk. Ei rekkje sterke forfattarskap har vakse seg fram til ruvande og imponerande uttrykk, og ein ser rg spennande røyster hjå dei yngre.

    EG VIL GJERNE skjera gjennom ein slags våt filt av lammande likesæle som er breidd over lyrikken, spjæra denne og opna opp for det lyset som finst der, og som dei som vil kan oppsøkja og oppleva. Tålmodet og arbeidet til poetane som ikkje gir seg, er sjølvsagt det som får dette fram. Men eg trur at ein av årsakene til at det er mykje bra poesi på norsk nå, er at det finst gode støtteordningar som gjer det mogleg for lyrikarar å gje ut sine samlingar i dette landet, og på den måten få utvikla og dyrka dette relativt snevre språk- og erkjenningsarbeidet som diktinga representerer. Me har hatt støtteordningane fordi det har vore forstand og vilje til å innsjå at dette er noko som er viktig å ha, og som gjer vår kultur til ein heil kultur. Noko som gjer at den lange og rike poesitradisjonen vår kan leva vidare og uvikla seg til slike ruvande flotte forfattarskapar som vi ser tre fram i dagens landskap.

    Forfatteren Helge Torvund er Dagbladets faste lyrikkanmelder. Han er også lærer i Diktkammeret, der leserne kan sende inn egne dikt.

    LES OGSÅ:

  • Helt ferske anmeldelser av en stor mengde norske diktsamlinger
  • Hvordan skrive dikt?Les Torvunds diktleksjoner og send inn egne dikt
  • Dagbladet.no/litteratur
KOMMENTERER: Helge Torvund mener norsk lyrikk er i en sølvalder. Foto: ERLING HÆGELAND
KOMMENTERER: Helge Torvund mener norsk lyrikk er i en sølvalder. Foto: ERLING HÆGELAND Vis mer
STERK SAMLING: Torgeir Schjerven regnes som en av samtidas viktigaste, norske poeter. Han beholder sitt gode rykte etter <a href="http://www.dagbladet.no/kultur/2007/01/15/488869.html">den nyeste diktsamlinga si. Les Torvunds bokmelding!</A>