RAPPAR: Tuva Syvertsen har tatt steget opp på rappscena. Ho er best kjend som felespelar, songar og låtskrivar i gruppa Valkyrien, som har gitt ut ei rekke album og turnert mykje. Her frå omslaget på låta «God kok».
RAPPAR: Tuva Syvertsen har tatt steget opp på rappscena. Ho er best kjend som felespelar, songar og låtskrivar i gruppa Valkyrien, som har gitt ut ei rekke album og turnert mykje. Her frå omslaget på låta «God kok».Vis mer

Vekas Vers - Tuva Syversen:

Som avslutning på ein debutsingel, er dette noko av det tøffaste eg har høyrt

Det er ikkje alle som veit det: Ein av dei beste nye rapparane her til lands er ein 34 år gammal hardingfelespelar frå Oslo. Ho er forresten òg kjendis.

Det skjer ikkje så veldig ofte, men det skjer: At erfarne pop- eller rockemusikarar tenker at fornyinga dei treng, er hip-hop. Så knyter ein til seg ein rappande gjest, eller – i verste fall – bestemmer seg for at ein kan å rappe sjølv. Ein har jo både sunge og skrive tekstar i årevis, så kor vanskeleg kan det vere, liksom. Det fungerer sjeldan særleg bra, sjølv kor erfaren musikaren er. Og det fungerer i alle fall ikkje for politikarar frå Groruddalen.

Å rappe høyrest lettare ut enn det er, og det er litt av poenget.

Men no har altså Tuva Syvertsen tatt steget opp på rappscena. Ho er best kjend som felespelar, songar og låtskrivar i gruppa Valkyrien, som har gitt ut ei rekke album og turnert mykje. Syvertsen har òg vore produktiv elles og jobba med musikarar i forskjellige sjangrar, og den folkekjære folkemusikaren har heile tida vore open om legninga si: ho likar rapp. Og då snakkar me ikkje om samtidas utvida hip-hop-omgrep. Ho likar rapp rapp. Då Syvertsen stilte opp i den fyrste sesongen av det populære tv-programmet Stjernekamp i 2012, overbeviste ho sjåarane med å rappe «Lose yourself» av Eminem (ho kom òg heilt til finalen).

Artikkelen fortsetter under annonsen

VALKYRIEN ALLSTARS: Tuva Syvertsen. Foto: Bjørn-Owe Holmberg
VALKYRIEN ALLSTARS: Tuva Syvertsen. Foto: Bjørn-Owe Holmberg Vis mer

Dei siste åra har ho tydelegvis hengt mykje i battlerapp-miljøet i Oslo, og har mange vener i det laust organiserte HEADS-kollektivet, som har rapparar som Martin Massiv, Pats Nichols, Tovanskï og fleire. Ho har ofte dukka opp som gjest på låtar frå desse gjengane, men då som songar på refrenga. For to år sidan kom dei fyrste rapplinjene frå Tuva, i form av gjestevers på Martin Massivs plate «D.O.P.F.G» og Tovanskï og Massivs ep «Vårsøg». Og endeleg, den 22. mai i år slapp ho sin fyrste vaskeekte solosingel som rappar: «God kok».

Det er ein uvanleg vellykka transformasjon me er vitne til. Kjendis-Tuva (34) rappar betre enn mange som har halde på i over ti år. Det er jo nesten litt frekt, og slikt sett heilt på sin plass, for dette er rein og tight battlerapp. Me høyrer tydeleg inspirasjonen frå folka ho heng med, kanskje spesielt Martin Massiv og Nils m/ Skils, med den overlegne attityden og fokuset på rim med fleire stavingar. Men ho er arrogant på den morosame og sympatiske måten.

Mange songarar som skal prøve seg på rapp, går i den eine av to grøfter: enten vert dei for monotone og stakkato, eller så syng dei berre. Men også her er Syvertsen god til å balansere; ho kan trikset med å ta den monotone rappstilen, og gjere flowet spennande og melodisk utan at det går over i synging.

«Er bare her for å brife», rappar ho, og påstår at teksten ikkje handlar om noko: «hvis det kommer tekster med mening / er det bonus som en sexy regjering» – og dermed handlar det om noko likevel. Det er det som er så fint med denne typen rapp; når du klarer å legge nok av din eigen personlegdom i linjene, vil sjølv dei mest rablete tekstane ha substans. Og denne teksten er proppfull av Tuva, skrytete og sjølvironisk på same tid: «Svært populær, er som Bieber for dem / gammal krok ja, men de biter på den».

Teksten har mange vittige og skarpe rim om kjønn, som dette: «generer penger som en morsdag / denne søstern er størst som en brorpart». Faktisk har Tuva Syvertsen ei dobbel outsiderrolle, som kvinne og homofil, og ho bruker det, ikkje for alt det er verd, men lurt dosert for å skape noko personleg og originalt, utan at det får stele fokus frå bodskapen her: at Tuva er den beste rapparen akkurat no. Og som avslutning på ein debutsingel, er dette noko av det tøffaste eg har høyrt:

Ville bare si halla
ville si musikken din er jammen litt jalla
ville bare slenge litt med leppa
kanke stå å se på at dama di er deppa

Me må likevel berre håpe at Tuva har mykje meir ho (ikkje) vil ha sagt.