ARON OG MOSES:  Hagen leidde Fremskrittspartiet rundt i den politiske ørkenen i 40 år og fødde tilhengarane med manna om skatt og innvandring. Foto: Torbjørn Berg / Dagbladet
ARON OG MOSES: Hagen leidde Fremskrittspartiet rundt i den politiske ørkenen i 40 år og fødde tilhengarane med manna om skatt og innvandring. Foto: Torbjørn Berg / DagbladetVis mer

Som fluger til fjøslykta

Den norske løysinga er å kjøpa bombekvoter.

Kommentar

DENNE VEKA har vore ein opptur for tidligare partieigar Carl I. Hagen som altfor lenge har sakna seg sjøl i TV-debattar. Han er ein Moses i norsk politisk historie. Han leidde Fremskrittspartiet rundt i den politiske ørkenen i 40 år og fødde tilhengarane med manna om skatt og innvandring. Men han måtte overlata til Siv Aron Jensen og biljardkulene å føra partiet inn i det lova regjeringslandet.

I Aktuelt framførte Hagen sine to glansnummer. Han klarte både å hakka på Ole Torp (ARK) og gjera repetisjonsøvingar i offerrolla, nå etter Sverigedemokraterna (SD) sitt manus. Hagen hevdar at han ikkje kjenner partiets politikk, som han tar avstand frå, men på ein slik måte at alle forstår at han identifiserer seg med dei i utanforskapet mot innvandring. Der Siv Jensen, som heller ikkje har sett seg inn i SD sitt program, kallar oppslutninga om det uekte, svenske søsterpartiet for eit sjukdomsteikn, meiner sånne som Jan Arild Ellingsen og Per-Willy Amundsen, som faktisk har lese partiprogrammet, at SD bare treng eit parlamentarisk bad for å vaska av seg den sølete brunfargen.

ANDERS LANGES parti til sterk nedsettelse av skatter, avgifter og offentlige inngrep sette ut ei fjøslykt i sommarnatta. Mellom dei som såg lyset, var etter sagaen Carl I. Hagen, som Anders Lange kalla «sukkerungen min», til forskjell frå dei tradisjonelle hundeguttene. Men det kom også mye anna rart flygande mot lyset, og dei blei straks belønna med tillitsverv. Det er vel omtrent der Sverigedemokraterna er nå.

Artikkelen fortsetter under annonsen

DEN PRIVAT næringsdrivande prinsesse Märtha Louise bruker nok same metode i omgangen med englar som kjem rekande. Ho burde ta ein prat med sin døde bestefar om kordan eit folkekongedømme kan overleva utan at det blir trist som faen: Min arverett, min arverett til trona for ein engel.

For at koalisjonen av meir eller mindre villige mot IS skal bli effektiv, manglar dronepresidenten Barack Obama nå bare dei to viktigaste partnarane: Iran frå den onde akse og Bashar al-Assad i Syria . Etter prinsippet om at mine fiendars fiendar er mine venner.

NORGES PLASS er meir dubiøs. Etter at Espen Barth Eide bomba mest og best i Libya, skulle vi denne gongen bare vera humanitære. Derfor sat vi stille lengst bak i klassen utan å rekka opp handa då USA samla villige til nytt korstog mot det Erna Solberg kallar barbariet. Men då USA peika på oss og spurte direkte, blei det annan lyd i Børge Brende og Ine Marie Eriksen Søreide. Men det skal dei ha: Dei gjorde det ikkje via sms, men informerte Stortingets utvida og lukka organ slik at noen kunne protestere for all verda, før dei blei med på ferda. Mens det regjeringsfrigjorte SV fekk høve til å hoppa av i tide før det var ei skam å snu.

MEN FOR ALL DEL: Foreløpig skal vi bare bidra med å planlegga krigen; ikkje kriga på ordentlig. Og i god stoltenbergsk tradisjon har vi også ein annan opsjon i verdas snillaste, beste og rikaste land. Som betalande passasjer i baksetet kan vi kjøpa bombekvoter i utanrikspolitikken som svar på regnskogkvoter i klimapolitikken.